Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Boka tek for seg salmediktaren, bibelomsetjaren, lingvisten og statsråden Elias Blix. Han tok teologiutdanning i Kristiania, studerte semittiske språk i Leipzig og vart professor i hebraisk. Han var kyrkjeminister i Johan Sverdrups Venstre-ministerium 1884-88, og stod ansvarlig for det språkpolitisk jamstellingsvedtaket i 1885. Blix var engasjert i omsetjinga av Bibelen til landsmål, men først og fremst er namnet hans knytt til ein rad av våre mest kjente salmar. Med bibliografi, litteraturliste og personregister.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2008
Format Innbundet
ISBN13 9788252164299
EAN 9788252164299
Serie Samlaget biografi
Omtalt tid 1800-tallet
Omtalt person Elias Blix
Språk Nynorsk
Sider 600
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketHan er på studiereise. Med offentleg stipend. Det ligg høgtid i dei orda, synest dei. Framtid og, kan hende.
Det er ikkje berre ein ny lærar som kjem til bygda i 1846, det er ein ny lærartype. Bodøværingen Hans Hansen...
...
Han er og sterkt engasjert i lokalpolitikken, mellom anna som mangeårig ordførar. Læraren tek altså over eit verv som presten før har hatt. Det er eit tydeleg teikn på at lærarstanden er i ferd med å etablere seg som ein ny elite i norske lokalsamfunn.
Han og dei andre barna i grenda har å møde til rette Tid i Skolen, toede, kæmmede og reenligen paaklædte på ein av gardane.
Fiskarbondesonen frå Gildeskål og handverkardottera frå Kristiania er deltakarar i enda ei reise, ei klassereise. Den unge norske nasjonen er i endring. Frå dei geografiske og sosiale utkantane er nye folk på veg innover og oppover i samfunnet. Mellom dei er den vesle familien som no er under etablering i det fjerne og framande Leipzig.
Det var ein son. Han blei heimedøypt og fekk namnet Christian Nicolai. Berre ei veke fekk han leve.
Plasseringa er alt anna enn likegyldig, posisjonen på kyrkjegolvet er uttrykk for ei offentleg rangering av dei unge. Elias Blix Pedersen får, som den einaste på kullet beste karakter, ... noko som gjev han førsteplassen både i kyrkjeboka og på kyrkjegolvet. Han var heldigare slik enn Hans Nicolai ... som fekk samme karakteren året etter. Han måtte pent stå som nr to, det året var førsteplassen oppteken. Der stod Peter Berg, son til soknepresten - med dårlegare karakterer. Det er forskjell på folk, jamvel i Guds hus.
Mest forfatter-portretter