2012
Favoritt!
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
"Ferje-Petter såg på klokka og tenkte at han skulle vente i det lengste med å vinke om bord bilane. Taxi-Arne brydde seg som vanlig ikkje om signal frå ein slik lowlife som Ferje-Petter. Han skulle på sjukhuset for å sjekke prostataen, det visste alle som hadde tatt taxi den siste månaden. Da han passerte Ferje-Petter, peikte han ned mot skrittet og kryssa fingrane. Ferje-Petter tok seg sjølv i å gi ham tommelen opp og mime lykke til i sakte bevegelsar."
Offa - forteljingar frå ei øy er ei samling med 21 fiktive historier frå Giske utanfor Ålesund. Her møtar vi Joggaren, Sladre-Guri, Fitte-Per og dei andre. Historiene strekkjer seg over ei periode på 40 år og omhandlar mellom anna ein verdsrekord, ein tur til Norway Cup, ein skummel neger, kjærleik og død. Alt forteljast med oppsiktsvekkande mykje humor og varme. Offa - forteljingar frå ei øy er så lokal at den blir universell.
Forlag Cappelen
Utgivelsesår 2008
Format Innbundet
ISBN13 9788202284695
EAN 9788202284695
Språk Nynorsk
Sider 127
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
”Offa” - Forteljingar frå ei øy, av Ronnie M.A.G Larsen. 10.08.12 Det er ei samling med 22 fiktive historier frå Giske utanfor Ålesund. Eg synes vel ikkje at alle historiene kvar for seg er så utruleg gode, men for meg som er frå i lita bygd ikkje så langt der ifrå, men som no bur i Trondheim, kjenner eg meg godt igjen i rekvisitt-, topografi og dei sosiologiske skildringane – så dette er moro. Vi er vel alle laga slik at vi tar med oss vårt liv inni bøkene – og bøkene inn i vårt liv. Så eg humrar like mykje av eigne opplevingar, som eg gjer av skildringane i boka. Ein annan ting er at den er skriven på nynorsk, og eg ser i skrivande stund at det påvirkar meg, då eg eigentleg er ein standhaftig bokmålsmann
Psycho hadde rappa eit glas med Vademecum frå badet heime. Planen var at om ein drakk nok kunne ein kanskje verte rusa. Det mest geniale med prosjektet var at spritstanken blei omforma til ein utruleg god ande.
Vidar tenkte at han ikkje trengde kondom. Den sikraste prevensjonen i fylket gjekk tre meter bak og ho var hans. Berre hans.