Enig, det er som ei bok. Eg er glad eg starta på bok ein i jula som var, for no har eg håp om at det blir akkurat passe å lese dei resterande tre før siste bok kjem. Liker dei betre og betre, og kjenner på den deilige kjensla av å ville lese berre litt til.
Akkurat ferdig med bok tre i om utregning av romfang
Vil storme videre inn i bok fire, men skal la boka synke litt, og ikkje minst ta nokre av dei andre helgesyslane som trengs før ny veke.
Det er ikkje vinterferie før veka deretter, så det blir innspurtveke, komplett med laurdagsnattjobbing neste helg.
Mange som er med deg der. Sletta FB i 2012, og i fjor rauk Instagram.
Sveipa innom goodreads, men då hadde eg alt vore her nokre år, og då var det liksom ikkje noko poeng å sette seg inn i nye greier. Trivest her😅
Veldig interessant korleis desse bøkene lesast og kor ulike terningkast dei får. Eg syns bok ein var dels klaustrofobisk, dels meditativ. Denne (nummer to) likte eg betre og betre, det blei meir og meir interessant og fekk meg til å tenke. Eg har jo mange gonger ønska meg «ekstra tid» - men kva ville eg brukt den til? Einsemda er jo òg meir påtrengende her. Starta på bok nummer tre idag. Satt på bussen og måtte lukke den ved kapittelskiftet, var redd eg skulle lese meg forbi jobben!
Syns dette er ei skikkelig bra bok om fedme. Den går inn i dei emosjonelle og fysiologiske aspekta, utan å gje ein fasit på kva «ein bør ete for å gå ned i vekt».
Hadde det vore enkelt å gå ned i vekt hadde knapt nokon hatt fedme -men ein god plass å start for eit friskere liv er å skjøne litt meir av kvifor ein blei overvektig (eller rett og slett feit) i utgongspunktet. «Røpealarm» - det var ikkje fordi ein mangler viljestyrke.
Et helt liv er nydelig!!! Mange år sidan eg las den, men den gjorde stort inntrykk. Lita bok😅
Eg har plukka opp igjen Om utregning av romfang. La den frå meg då eg hadde eit par vekes lån på rappen frå biblå, men no går eg inn igjen i det dels klaustrofobiske, dels meditative universet.
Mummibøkene er kjempefine. Kanskje særlig fine å vende tilbake til når verda er uroleg og skremmande.
Usikker på om eg orker å ta fatt på Handmaid, den er jo skummelt aktuell diverre.
Denne helga blir det visst berre aviser. Det går òg an.
Viestad skriv godt, og i tillegg er det mykje ein ikkje har tenkt over. «Historien» har liksom vore store hendingar langt vekke, men det er jo kvardagen med graut og kva-skal-vi-ha-til-middag som er sjølve livet.
Bonus at kapitla er så korte at ein rekk minst to på bussen til jobb!
Eg les Vår norske mathistorie av Andreas Viestad.
Den er så langt kjempekjekk, iallefall når ein kjem til rettane. Mykje interessant historisk kunnskap her, og litt til ettertanke.
Kan finne mykje inspirasjon i sånne utfordringer. Eg er heller ikkje med i utfordringane -blir for mykje «jobbkjensle» av det. Eg er heller ikkje i nærleiken av å lese 52 bøker på eitt år, men kanskje 26 i år? Godt mogleg eg likevel klarer å krysse av fleire punkter !
Eg les uprooted av Naomi Novik. Les sjeldan fantasy, men nokre gonger er det deilig å berre forsvinne heilt inn i ei bok. Denne jula har eg fri heile romjula, og det er luksus å ha lite planer, og tid til å lese nesten ei heil dag (hunden må faktisk luftast…).
Boka er ti år gamal, men eg storkoser meg
Ekte eventyr.
Så kjekt! Har lånt denne på biblioteket- tenkte den kunne passe i juledagene når det er litt ekstra lesetid.
Ja. Men kjensla av å lese ei bok for fyrste gong er noko eg har misunt fleire. Sjølv om det er nye ting ein ser når ein les bøker på nytt.
Eg les denne no, og koser meg stort!
Eg har fått ny veg til jobb, som involverer buss i 15-20 minutt. Enorm bonus - det blir lesing kvar veg. No les eg Før plogen din over de dødes knokler , og den fungerer godt på buss. Ikkje alle bøker gjer det.
Heime er eg litt i limbo - har eindel halvleste bøker som ikkje fenger heilt. Håper på fleire dagar fri i jula for å komme igong igjen her òg.
Plukka denne boka opp litt tilfeldig. For mange år sidan ba onkel, eit lesande menneske, oss legge lappar med namnet vårt i i bøker vi kunne tenke oss å arve. Så døydde onkel, og boka kom i ein kasse. Eg tok ut ein stabel og begynte litt på måfå.
Eg hadde ingen forventninger, men har gledd meg stort over dei ulike forfattarane sine tilnærmingar og refleksjoner kring Bibelen og oversettingsarbeidet. Eitt er sikkert - Bibelen er òg eit produkt av VÅR tid, sjølv om den er tusener av år gamal. Og å være bokstavtru til skrifta gir ikkje meining.
Gjenferdet inn var fantastisk. Eg gir bort boka eg har likt best i leseåret som gjekk til jul (den fysiske boka eg har lest altså), og det var fjorårets julegåve.
Denne helga er det berre aviser og restitusjon etter to lange og slitsomme veker med flyttesjau. Skal plukke opp igjen nokre av dei halv-avbrotne bøkene, men må få shaina huset fyrst. Når det er mykje på jobb (tar på å flytte sjukehus!) ser det alltid stusslig ut heime, så det er planen for resten av helga.
Så kanskje det blir ei god bok til kvelden.
Fant fram denne boka for eit par dagar sidan, spent på lese !
Denne boka brukte eg laaang tid på. Det er ei essaysamling om tortur, som høyres veldig nedslåande ut. Den er skreven av tolv ulike fagpersoner, så tekstane er ulike i stil. Alle er velskrevne, og alle gir auka innsikt i at tortur ALLTID er feil.
Nei, ikkje lest noko anna. Heldigvis er sjansen framleis der!