Klikk på en bok for å skrive en omtale.

Viser 21 til 39 av 39 bokomtaler

For ei bok! Dette var lesnaden sin, altså. Hadde høyrt folk kalla Thomas Pynchons romanar «postmoderne», men at The Crying of Lot 49 faktisk var ein moderne roman om post, det overraska meg. Gler meg til resten av forfattarskapet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

For komplisert for meg no. På neste tur i djupet av hjernens anatomi må eg ta med kart.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei både fascinerande og irriterande bok. Spenner veldig vidt, og framstår difor òg som noko ufokusert. Gjennom boka framfører han mange ulike resonnement. Somme tider er dei ei fryd å følga, andre gonger er dei mest frustrerande. Dennett har verkeleg tatt til seg den rolla som den reduksjonistiske materialisten han ofte blir anklaga for å vera av sine kritikarar! Han kjem neppe til å overtyda dei som mistenker han for å vera ein filosofisk zombie sine gjennom den hyppige bruken av datamaskin-metaforar ved si forklaring av menneskesinnet, i alle fall.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne boka blei litt vel mystisk for meg. Eg må vel tenka litt på det.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mongol er ein kort memoar om forfattarens oppvekst i Mongolia, og erfaringar som mor til eit barn med Downs syndrom. Ordet mongolisme blei som kjent tidlegare brukt om dette kromosomavviket, ein språkbruk som har eit djupt rasistisk opphav (interesserte kan lesa om dette i Jack Weatherfords Genghis Khan and the Making of the Modern World). Ramsay gjer ikkje så mykje ut av denne dobbelbetydninga, men skriv om kor sårande det var å høyra frå legen at andre kanskje ikkje ville vera i stand til å sjå at sønnen hadde sjukdommen på grunn av den etniske bakgrunnen hans. Mildt sagt forståeleg. Ellers interessant å lesa om oppvekst i det kommunistiske Mongolia på 80 og 90-talet, eit land som har beholdt mykje av den tradisjonelle nomadiske kulturen og som på mange måtar er djupt kulturelt framand for oss i Vesten.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Naomi Klein har rett, så klart. For å møta med dei enorme klimautfordringane me står overfor, må me endra kapitalismen, og legga bak oss den ekstraktivistiske tankemåten. Etter å ha lese This Changes Everything er det vanskeleg å vera ueinig i det.

Klein er rett nok lite systematisk i gjennomgangen av dei moglege måtane å møta klimautfordringane. Det tek lang tid før ho kjem til spørsmålet om befolkningsvekst, og mellom anna i gjennomgangen av dei store utfordringane knytta til jordbruk er ho noko overflatisk. Betre er boka når Klein skildrar korleis lokalsamfunn kan møta klimautfordringane. Spesielt interessante er kapitla som handlar om betydninga av innfødte amerikanerar i kampen mot olje- og kullindustrien i Nord-Amerika. Klein forstår godt kor viktig brei folkeleg motstand er, og trekker parallellar til andre fridomskampar som feminismen og borgarrettsrørsla. Boka blir likevel til tider litt omstendeleg og repetitiv.

Boka er tilrådd lesing for dei som slår seg til ro med regjeringa Solbergs flosklar om «ambisiøs klimapolitikk» – dei vil nok få tenkt seg litt om. For dei som allereie er engasjerte for klimaet, er boka verd å lesa for inspirasjon til framgangsmåtar for aktivistar. For dei som mest er nysgjerrige på kva slags tiltak som vil vera mest effektive mot klimaendringar, vil eg derimot tilrå å søka ut andre ressursar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Humboldt's gift er ein roman om vennskapet mellom poeten Von Humboldt Fleisher og forfattaren Charlie Citrine. Dei to får vidt forskjellige lagnadar. Citrine opplever enorm kommersiell suksess, men suksessen uteblir for Humboldt, som forgår i bitterheit og manisk depresjon. Han kuttar kontakten med Citrine, og døyr isolert og nesten gløymt av det litterære miljøet. Men Citrine, som no er i djupe økonomiske vansker grunna eit pågåande skilsmissoppgjer, er besatt av sin gamle venn.

Miljøet som blir skildra er eitt der stilfulle klede og dyre bilar går hand i hand med kunstnarisk kredibilitet og høgtsvevande filosofiske diskusjonar. Det seier nesten seg sjølv at teksten er nokså tung på name-dropping! Ein del av personane er umiddelbart nokså vanskeleg å sympatisera med, inkludert Citrine, som har forteljarstemma i romanen. Han framstår som veldig sjølvmedlidande og lite merksam på andre, denne rike, gamle mannen – utan vilje til å innsjå dissonansen mellom tankane som opptar han og det materialistiske livet han lever.

Etter ein litt treig start, tek romanen seg opp til ei overraskande underhaldande og tidvis rørande fortelling om vennskap og forholdet mellom pengar og kunst i Amerika i det 20. århundre.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

The Emperor of all Maladies er ei historie om kreften – sjukdommen som stadig utviklar seg, som eit sjukeleg spegelbilde av oss sjølv. Dette er meir enn ein metafor, for kreften finst latent i cellene våre, og det som får sjukdommen til å utarta seg er dei samme strategiane som har fått cellene våre til å overleva. The Emperor of all Maladies fortel gjennom sitat, intervju, personlege fortellingar og vitskapshistorie om søkinga etter ein kur, om legar og pasientar, om forventing og vonbrot, om idealisme og kommersielle interesser. Det er naturlegvis ei historie med mange tunge stunder, og Mukherjees bok er ofte rørande, men sjeldan sentimental. Eit veldig godt stykke vitskapsformidling, om enn til tider noko omstendeleg.

Tilrådd til alle som vil vita meir om statusen i kampen mot kreft, og til alle som vil forstå korleis legevitskapen driv framover.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er kanskje ikkje så mykje vits i å skriva ein bokomtale av ein klassikar som Moby-Dick, men her er no nokre tankar likevel. Eg var slett ikkje sikker på kva eg skulle venta av denne boka. Eg hadde sett for meg ein tung, allegorisk roman, og langt på veg svara boka til desse forventningane. Men at såpass store delar av boka skulle gå med til naturhistoriske skildringar av kvalar og kvalfangst, hadde eg slett ikkje sett for meg! Nær ein halvpart av romanen går nemlig med til skildringar som er utan direkte relevans for historia i seg sjølv. Dette er vel typisk for 1800-talets romankunst: Forfattarane på den tida gjorde ikkje research utan å la det visa godt igjen i teksten.

For dei med interesse for vitskapshistorie, så er desse detaljerte skildringane interessant lesing. Tidvis er det litt komisk, som når forteljaren ikkje heilt let seg overbevisa av denne nye tanken om at kvalen kanskje trass alt ikkje er ein fisk. Andre gonger er det imponerande kor mykje som faktisk var kjent på 1800-talet, som i den grundige gjennomgangen av funna av kvalfossiler. Ellers er det mykje interessant å lesa om kvalen si rolle i historia og mytologien, og det er ofte noko poetisk over desse kapitla. Med det sagt, så blir det etter kvart noko krevjande på tolmodet. I eit kapittel skildrar forteljaren i detalj alle teikningane han har funne av kvalar i bøker, og i kva grad han synest dei er gode og treffande eller dårlege og misvisande. Ja vel. Og når forfattaren inkluderer eit heilt kapittel med tittelen The Whiteness of the Whale, som berre er eit nokså langt essay om kvifor han synest det er så nifst at Moby-Dick er kvit, så kan eg ikkje la vera å himla litt med auga.

Når det gjeld den andre halvparten av boka, sjølve fortellinga, så er den spennande og medrivande. Og morosam, ikkje minst, for noko av det som imponerte meg mest er kor vittige dialogane og forteljemåten ofte er. Karaktergalleriet er rikt og variert. Særleg vennskapet mellom forteljaren Ishmael og den «edle ville» harpuneren Queequeg fascinerte meg. Forteljaren skildrar sine «ville» medpassasjerar på ein måte som er merkverdig tolerant for tidsalderen, men naturleg nok likevel heller rasistisk og utdatert i dag. Når Queequeg skal skildrast i eit positivt lys, så blir det gjort blant anna ved å trekka fram kor flott hovud han har frå eit frenologisk perspektiv! Tidsriktig, ja. Heldigvis har skallemål gått av moten i moderne karakterskildringar. Dessverre blir både Queequeg og forteljaren Ishmael mindre viktige i forteljinga utover i boka.

Når det gjeld boka ellers, vil eg berre røpa at ho held høg kval-itet. He he. Klassikarstatusen er fortent!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er ei usynleg verd som omgir oss alle, men dei færraste av oss tenker noko særleg på det. Eg snakkar om mikrober, så klart. Hadde du gløymt at kvar centimeter av kroppen din, kvar overflate du tar på og sjølv lufta du pustar inn kryr av skapningar du ikkje kan sjå? Det er overraskande fort gjort. Kanskje fordi me ikkje vil tenka på det – for når ein først høyrer mikrober, så tenker dei fleste umiddelbart på sjukdom, skitt og smitte. Men faktum er at kroppen vår inneheld minst like mange mikrober som mennesekeceller.

Men mikrober er langt meir enn patogener som gjer oss sjuke. Frå vårt fellesskap med mitokondriene, urbakteriene som finst i alle cellene våre, til probiotisk yoghurt, undersøker Yong på underhaldande vis dei ulike måtane menneske og dyr lever i symbiose med mikrober. Han viser klart at symbiose ikkje alltid betyr harmoni: Eit nyttig forhold kan fort bli farleg, og ein farleg eigenskap kan fort bli nyttig. I naturen finst alltid interessekonfliktar, og det er det som driv evolusjonen. Eit enormt mangfold av ulike måtar å samarbeida og sameksistera på blir løfta fram, og spørsmålet melder seg: Kvar går eigentleg grensa mellom organisme og økosystem?

Yong går langt i å rehabilitera det frynsete ryktet til mikrobene, men han er nøye med å heller ikkje gå for langt i motsett retning. At han har ein stor lidskap og entusiasme for mikrober, er openbert frå å lesa teksten. Der han skriv om betydninga av mikrobene for helsa vår, er han likevel avmålt og skeptisk. Problematiske sider ved antibiotika og overdriven hygiene blir gjennomgått, og det samme blir utfordringane ved pro-biotiske behandlingsmåtar. Men fokuset i boka er ikkje på helse: Dette er populærvitskap, ikkje medisin.

Boka er skrive på ein artig og lettfatteleg måte, og kan vera til glede sjølv for lesarar utan særlege forkunnskapar om biologi. Tilrådd til dei som er glade i populærvitskap, og til alle dei som ønskjer å forstå den mikrobielle verda som me ikkje kan sjå. Ikkje minst til dei som synest det heile er litt ubehagelig å tenka på – her er det mykje å læra!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Rendezvous With Rama er klassisk science fiction, på godt og vondt. I året 2130 oppdagar astronautar at ein himmellekam er på veg inn mot hjartet av solsystemet, med enorm fart. Og ikkje nok med det: Lekamen, som får namnet Rama, liknar ingenting astronomane nokon gong før har sett. Det blir fort klart at Rama er eit romskip frå eit anna stjernesystem, og astronautane på romskipet Endeavour blir sendt for å gjera rendezvous. Menneskja skal for første gong møta utanomjordisk intelligens. Men møtet må bli kort, for snart vil Rama vera så nær sola at det vil bli umogleg for Endeavour å returnera trygt til jorda.

Det gode først: Arthur C. Clarke er usedvanleg fantasifull, og han fuskar ikkje med vitskapen. Det er ei fryd å vera med og utforska den gåtefulle, sylindriske verda Rama. Clarke skildrer syn og situasjonar som det verkeleg er verd å dvela ved, lukka augene og sjå for seg. Dei virker fantastiske, men har solid grunnlag i fysikken slik me kjenner han. Særleg imponerande er måten han skriv om opplevinga av tyngdekrafta – korleis våre jordlege oppfatningar om opp og ned blir tødd etter kvart som astronautane trenger stadig djupare inn i Rama. Her er det mykje mat for fantasien!

Men så skal det ikkje berre vera god science, det skal jo vera god fiction òg. Dei meir tradisjonelle actionsekvensane er lite imponerande, men heller ikkje noko stort fokus i fortellinga. Spenninga i boka ligger mest i kjensla av undring lesaren får etter kvart som Rama vaknar til og avslører stadig nye sider, og dei sterkaste kapitla i boka er definitivt dei som følger astronautane på Rama. Den parallelle fortellinga om diplomati og debattar i hovudkvarteret til United Planets på månen, blir derimot sjeldan spesielt engasjerande.

Persongalleriet her er ikkje akkurat det friskaste heller. Det er ein ganske generisk gjeng med heltar, som er enkle å gløyma. Og sjølv dei figurane som viser eit visst potensial, som den djupt religiøse løytnanten Rodrigo, får altfor lite tid til å utvikla seg til å bli særleg interessante. Dialogane er ofte stive og lite truverdige, og forfattaren har ein irriterande tendens til å gi eksposisjon eller understreka poeng som ellers berre er antyda i teksten ved å gi personane «uforklarlege aningar» i tide og utide.

Boka er varmt tilrådd til dei som er begeistra for science fiction og tankeeksperiment. For andre lesarar er Rendezvous With Rama ikkje akkurat obligatorisk. For nykommarar som er interesserte i forfattarskapet til Arthur C. Clarke, vil eg snarare tilrå å lesa den briljante 2001: A Space Odyssey.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I 1953 låg 27 år gamle Henry Molaison på operasjonsbordet. Han var ein arbeidarklassegutt som sidan ei ulykke i barndommen hadde lidd av epilepsi, og tilstanden hadde blitt stadig verre med åra. Då den briljante, men omsynslause hjernekirurgen William Beecher Scoville tilrådde ein eksperimentell hjerneoperasjon, var han og familien desperate nok til å samtykka. Men då Henry kom til seg etter operasjonen, var han ikkje lenger den han hadde vore: Operasjonen hadde fjerna mesteparten av hjernestrukturen hippocampus, og med det hadde Henry mista evna til å danna nye minner. Frå den dagen av, var han pasienten H.M. – og i tida fram til sin død i 2008, skulle han bli den mest studerte enkeltpersonen i den legevitskaplege historia.

Boka fortel mange historier. I kjernen er historia om H.M., men hans fortelling legg beslag på mindre av sidetalet enn ein kanskje skulle forventa frå boktittelen. Først og fremst fortel boka om dei mørke sidene av legevitskapen på 1900-talet. Me får høyra om dei grusomme tilhøva på dei psykiatriske sjukehusa, om nazistane sine brutale eksperiment på krigsfangar, og psykokirurgien – den greina av legevitskapen som førte til H.M.s tilstand. Teksten er full av rystande og blodige detaljer, men er fortalt på ein nøktern måte, slik at ein aldri får følelsen av å lesa ein spekulativ grøssar.

Men boka er meir enn vitskapleg dokumentar: Boka er òg ei høgst personleg fortelling. Forfattaren, Luke Dittrich, er sjølv barnebarnet til William Beecher Scoville, kirurgen som gjennom sin drastiske operasjon skapte pasienten H.M. Og i arbeidet med å forstå kva som motiverte bestefaren, oppdagar Dittrich mange skjulte, mørke sider ved familien sin. Boka får med det ei nær og personleg side, og boka er heller ikkje utan eit sjølvbiografisk tilsnitt. Fortellinga er til tider hjarteskjerande, og det er stadig nye og overraskande vendingar, som gjer boka uvanleg spennande for sjangeren.

Det er eit fascinerande persongalleri me får bli kjent med i boka. Særleg interessant er det å lesa om William Beecher Scoville, blant kollegaer kjent som «Wild Bill». Gjennom personlege anekdoter og skildringar frå kollegaer, får me eit tydeleg bilete av Scoville og hans motivasjonar: Ein utålmodig, men briljant person, ein risikotakar. Ein mann som likte raske resultater, og raske bilar. Ein som ikkje viste teikn til anger, tilsynelatande alltid sjølvsikker. Men gjennom gamle brev og personlige fortellingar, blir bildet nyansert, og Dittrich viser òg bestefarens skjulte og meir sårbare sider.

I sterk kontrast til Scoville, står Henry Molaison sjølv: Ein stille og forsiktig mann, dømt til for alltid å leva i augeblikket. Ein mann med intellektet tilsynelatande inntakt, men utan ei framtid, og med ei fortid som blei stadig fjernare for han. I gjengitte intervju gjort av forskarar gjennom årtier, blir me kjent med pasienten H.M. Dittrich går langt i å antyda at H.M., trass i å vera den mest undersøkte pasienten i historia, likevel har blitt misforstått og feil framstilt på fleire måtar. Og her blir boka kontroversiell. Dittrich trekk i tvil både den vitskaplege og etiske integriteten til Suzanne Corkin, prosjektleiaren for forskinga på H.M. gjennom årtier, og mange har oppfatta boka som eit angrep på hennar ettermæle. Diskusjonen vil nok halda fram lenge.

Uansett har Dittrich skrive ei gripande bok, som eg kan tilrå alle som interesserer seg for vitskapshistorie, og dei som er nysgjerrige på hukommelse, menneskehjernen og psykisk sjukdom.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Cloud Atlas er ei fortelling inni ei fortelling inni ei fortelling inni ei fortelling inni ei fortelling inni ei fortelling. Kvar av desse fortellingane er i og for seg fullstendig og til dels uavhengig, og følgjer ulike personar, med ulike settingar, sjangrar og ulike fortelllarstilar. Først kjem første halvpart av dei fem første fortellingane. Den sjette står utan avbrot. Så kjem konklusjonane på dei første fem fortellingane i motsett rekkefølge, slik at strukturen blir symmetrisk. Den føregåande fortellinga eksisterer alltid innanfor den etterfølgjande: Som ei gammal dagbok, som ein konvolutt med gamle brev, som eit manuskriptet til ein roman, som ein film, og som eit holografisk arkivopptak. Sjangermessig varierer det mellom historisk drama, spionthriller, komedie, dystopisk og post-apokalyptisk science-fiction.

David Mitchell er truleg den moderne forfattaren som har engasjert meg mest med sine romanar. Språket er forbløffande fargerikt og virtuost, fortellingane er herlig intrikate, dialogane er skarpe og underholdande, den leikne sjangerblandinga fyller meg med fryd. Ingen meistrar den fleirstemte romanen som David Mitchell. Med det sagt: Det ambisiøse formatet og den enorme variasjonen i Cloud Atlas gjer at historia nødvendigvis blir noko oppstykka, og driv etter mi meining ikkje like godt som dei fleste andre av Mitchells andre romanar. Dette gjer lesinga noko meir krevjande, og enkelte kan nok oppleva boka som tung å komma gjennom.

Cloud Atlas er meir enn summen av sine delar. Likevel vil eg spesielt framheva Letters from Zedelghem, An Orison Of Sonmi ~451 og Sloosha's Crossin' an' Ev'rythin' After som dei mest engasjerande delane av boka for min del. Varmt tilrådd til alle som liker romanar med mykje handling, intertekstualitet, ordrikt språk og postmoderne science-fiction! Eller til dei som berre vil lesa noko verkeleg originalt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Fantastisk fortelling og meta-fortelling i teikneserieform. Effektiv og sjarmerande strek. Eg klarer ikkje å vera heilt ueinig med logikaren Christos, som i rammefortellinga fortel at han saknar ei nærmare forklaring av ideane til dei teikneserien handlar om, men forfattarane føregrip på briljant vis kritikken min: Forfattaren forklarer at dette ikkje er ein teikneserie om logikk, men om logikarar.

Eg må definitivt læra meg meir om logikk, filosofihistorie og særleg Bertrand Russell etter dette. Slik sett har vel kanskje Logicomix oppnådd alle måla sine: Engasjert meg i det historiske dramaet, og vekka nysgjerrigheita mi for ideane som ligg til grunn. Ein stor fortellarkunstnarisk prestasjon, utan tvil!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne boktitttelen kan sjølvsagt ikkje halda alt det han lovar. Likevel var det å lesa denne boka litt av ein sjølvtillitsboost – eg kunne verkeleg langt meir enn eg ante! Ei fantastisk oppvisning i verdien av å systematisera kunnskap.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har lese ein del meir eller mindre summariske framstillingar av eldre og nyare kinesiske historie. Omstenda rundt brytningstida på 1800-talet, då den industrielle revolusjonen kom til Kina, og landet i praksis var styrt av enkekeiserinne Cixi, har framstått særleg obskur for meg: Ein uoversiktleg opptakt til det moderne Kinas historie. Jung Chang lettar på sløret – eller kanskje eg heller skal seia at ho fjernar silkeskjermen. Ho gjer ein god jobb med å svara på mykje av det eg har lurt på, og den gåtefulle Cixi blir gitt eit menneskeleg ansikt. Historia blir levande skildra, og motivasjonane til dei ulike personane blir drøfta på ein nøktern og truverdig måte.

Store delar av boka går med på å tilbakevisa feilaktige påstandar om Cixi. Dette er naturleg, då det er så mange myter og påstandar om keisarinna. Preget av å vera eit forsvarsskrift kan likevel tidvis komma litt i vegen for opplevinga av boka som balansert historieskriving. Det er verd å merka at dette er meir ei bok om den historiske personen Cixi enn om Kina under Cixi, og dei som har lite kjennskap til denne delen av kinesisk historie, vil nok sakna meir inngåande opplysningar om emne som historia til mandsju-dynastiet og det store taipingopprøret. For å få mest ut av boka, vil eg tilrå å først lesa litt om desse emna. Og for dei som treng litt hjelp til å få i gang den visuelle fantasien, kan eg på det varmaste tilrå å sjå Bernardo Bertoluccis nydelege The Last Emperor, som i sin første del viser livet i Den forbodne byen i mandsju-dynastiets siste dagar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Alexander von Humboldt var ein av dei viktigaste vitenskapsmennene i historia. Han var energisk, ustanseleg pratsom og lynande intelligent. Han gjorde nybrottsarbeid i mellom anna geologi, botanikk og meteorologi, og innførte ein heilt ny måte å tenka om naturen og miljøet. Han var tvers igjennom ein mann av opplysningstida og av romantikken, med sterke idealer. Namnet hans er i dag å finna i stadsnamn over heile verda, særleg i Amerika, og eit utall plante- og dyreartar har fått sine namn etter han. Likevel er han nok ikkje like kjent blant folk flest i dag, og Wulf gjer ein imponerande jobb med å framstilla hans liv og idear.

Det er fascinerande å lesa om Humboldt og hans forhold til nokon av tidas mest kjente personar: Darwin, Goethe, Bolivar og Napoleon speler alle roller i fortellinga. Likevel blir boka noko langtekkeleg i siste del, der Wulf gjer greie for korleis Humboldt har påverka seinare vitskapsmenn og forfattarar – for dei fleste kan det nok bli noko trøyttande å lesa om kor mange gonger Humboldt har blitt sitert i dagbøkene og brevene til diverse viktige menn, og det må nok ei særleg akademisk interesse til for å få veldig mykje igjen av denne delen av boka, sjølv om dei kortfatta biografiane me får servert er interessante nok.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne romanen oppdaga eg i ei bokhylle på ein sjukeheim, på rommet til ein gammal og sjuk mann. Ikkje heilt upassande: Alderdom og død er viktige tema i boka, som forfattaren skreiv då han var i 80-åra, så vidt eg forstår delvis basert på eigne erfaringar. Boka er full av gode dialogar, varme og nære personskildringar. Dette siste er særleg viktig: Kva seier måten nokon framstår på – korleis dei kler seg og ter seg – om kven dei er?

Ravelstein er ei rørande, men på mange måtar usentimental, fortelling om vennskap Personane blir tatt nøye i akt. Både positive og negative trekk blir eksponert og studert. Eg kjem utvilsomt til å lesa fleire bøker av Bellow, ein forfattar som eg ikkje var kjent med frå før. Framstillinga av romanfiguren Ravelstein, som er basert på filosofen Allan Bloom, har òg gitt meg lyst til å lesa Blooms kontroversielle The Closing of the American Mind, trass i visse ideologiske fordommar eg har!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Roman om historia til menneskeslekta, der idear og ideologiar speler hovudrollene: Gjennom heile boka er det ingen namngitte karakterar, i staden følgjer handlinga den teknologiske, biologiske og sjelelige utviklinga til ulike sivilisasjonar og menneskeartar, frå forfattaren si samtid (mellomkrigstida) og mange millionar år fram i tid.

Boka er unektelig interessant som historisk dokument. Lese i 2016, seier nok Last and First Men langt meir om 30-talet om framtida. Frå vårt synspunkt, nesten eit århundre etter at boka kom ut, er det tydeleg at Stapledon trefte dårleg i sine førestillingar om den nærmaste kommande tida: Han ser for seg ein stor, kommande krig mellom Storbritannia og Frankrike, medan Tyskland blir Europas fremste fredsnasjon. Det er lett å himla litt med auga over dette, i etterpåklokskapens lys. Så gjenstår det å sjå om han treffer betre med dei fjernare delane av historia, som utgjer størsteparten av romanen. At òg desse er farga av dei ideologiske konfliktane i Stapledons samtid, er klart. Gjennomgåande i boka er ekko av tidas rasetenking og eugenikk. Ideane som driv kulturane i fortellinga blir opent og implisitt samanlikna med kapitalistisk og kommunistisk ideologi, og blir ofte moralsk tvetydig framstilt. Likevel er det slik at kosmopolitisme til slutt skin gjennom som eit særleg edelt menneskeleg ideal.

Som roman er boka noko meir mangelfull. Dei filosofiske og ideologiske konfliktane som driv handlinga er ofte altfor diffust skildra til å engasjera lesaren. Ellers er teksten plaga av ganske hyppige og unødvendige gjentakingar. Vitskapleg sett er boka utdadert – naturleg nok, då boka er såpass gammel. Mange av konsepta Stapledon presenterer er likevel imponerande framsynte, mellom anna det han skriv om manipulasjon av arvestoff, fleire tiår før rolla til DNA i cellene var forstått. Eit par ting vil virker ufrivillig komiske lese i ei meir sosialt progressiv tid. Forfattaren ser til dømes for seg ein framtidig, seksuelt liberal menneskeart med eit utall nye kjønn. Spennande! Men så presterer han likevel å vera pinleg nøye med å påpeika at alt dette nye samkvemmet foregår mellom nye underkategoriar av menn og nye underkategoriar av kvinner. Dette synest jo å undegrava det nyskapande ved framtidsvisjonen litt, men det hadde vel vore leit for han om nokon skulle misforstå!

Eg kan alt i alt ikkje tilrå boka for andre enn spesielt interesserte.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Tone SundlandElla_BSol SkipnesGrete AastorpHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild SritaolineLaila