The Emperor of all Maladies er ei historie om kreften – sjukdommen som stadig utviklar seg, som eit sjukeleg spegelbilde av oss sjølv. Dette er meir enn ein metafor, for kreften finst latent i cellene våre, og det som får sjukdommen til å utarta seg er dei samme strategiane som har fått cellene våre til å overleva. The Emperor of all Maladies fortel gjennom sitat, intervju, personlege fortellingar og vitskapshistorie om søkinga etter ein kur, om legar og pasientar, om forventing og vonbrot, om idealisme og kommersielle interesser. Det er naturlegvis ei historie med mange tunge stunder, og Mukherjees bok er ofte rørande, men sjeldan sentimental. Eit veldig godt stykke vitskapsformidling, om enn til tider noko omstendeleg.

Tilrådd til alle som vil vita meir om statusen i kampen mot kreft, og til alle som vil forstå korleis legevitskapen driv framover.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Har denne på to-do lista min, men vakler mellom norsk og engelsk. Hva synes du? Er den grei å lese på engelsk, eller må man sitte med ordboka i andre hånden på grunn av mange medisinske uttrykk og formuleringer?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Definitivt mange medisinske ord og uttrykk. Personleg syntes eg det gjekk greit å lesa på engelsk, då dei mest tekniske og faglege uttrykka oftast blir forklart greit i teksten. For lesarar utan særleg medisinsk forkunnskap, vil vel dei uttrykka vera nye uansett. Då gjer det jo for så vidt ikkje så mykje frå eller til om du lærer dei på norsk eller engelsk.

Så den største utfordringa er vel om ein ikkje er kjent med meir allmenne anatomiske uttrykk på engelsk – dei kjem jo ofte direkte frå latin, og liknar difor lite på dei norske orda, som t.d. «cervix» for livmorhals og «pancreas» for bukspyttkjertel.

Med det sagt, så trur eg ikkje dette er ei bok av typen som tapar stort i omsettinga, så om du er i tvil, så ville eg vel tilrådd å lesa boka på norsk. Då er det jo meir sannsynleg at du kjem til å kjenna igjen faguttrykka òg, om du ein gong skulle finna deg i den uheldige situasjonen at du må forholda deg til dei på eit norsk sjukehus eller legekontor.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Harald KKjersti SGrete AastorpAmanda ANinaKirsten LundJulie StensethChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit REllen E. MartolPiippokattagretemorAnn ChristinVibekeAnneWangReidun VærnesToveHanne Kvernmo RyeMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMarenTonesen81BenedikteTove Obrestad WøienKristine LouiseAnne Berit GrønbechIngunnJRufsetufsa