Omtale fra forlaget
Kvifor reiser folket seg til kamp mot vindkrafta?
Kvifor har motstanden mot vindkraft eksplodert i Noreg? Utbygging av nye vindkraftanlegg hadde politisk støtte og skapte lite konflikt, men no er det bråk over heile landet. Debatten om vindkrafta har hardna til, nyhendebiletet er prega av brennande anleggsmaskinar, stadig nye rettssaker, skuldingar om korrupsjon, kommunevåpen som er spraya med hakekors, og utanlandske selskap har møtt påstandar om at dei prøver å fullføra det tyskarane ikkje klarte i 1945.
Anders Totland har reist land og strand rundt for å forstå kva i alle dagar det er som skjer. Han tar oss blant anna med til Trøndelag og den store, nasjonale mobiliseringa på Frøya, til starten på organisasjonen Motvind, til Sognefjorden der lokalpolitikarane kjempar iherdig mot utbyggingskåte selskap, og til Andøya der vindkraftmotstandarane har sigra.
Totland viser korleis storpolitikken utspelar seg dag for dag, med stadig fleire kritiske blikk på vindkraftutbygginga. Men aller mest opptatt er han av menneska. Kva er det som får dei til å reisa seg til kamp? Kva er det som triggar og driv og får elden til å spreia seg frå sjel til sjel, og folk til å halda ut - år etter år?
Anders Totland (f. 1986) er busett på Valen i Sunnhordland. Han er utdanna samfunnsvitar og har skrive ei rekke bøker i ulike sjangrar dei siste åra, også tre sakprosabøker for ungdom. Totland har ti års røynsle som journalist i Haugesunds Avis,
Kvinnheringen og Sunnhordland.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2021
Format E-bok
ISBN13 9788234004384
EAN 9788234004384
Språk Nynorsk
Sider 294
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket8 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket