Omtale fra forlaget
Ei kvinne forlèt familien i Tromsø og legg ut på ein odyssé som tek henne langs vestlandske vegar, til vanskjøtta gardar og inn i andre menneskes liv. Kollbotn skriv presist, ærleg og nådelaust om det unevnelege i liva våre. Eva Ek er drosjesjåfør. Når vi møter henne, er ho på nattskift, køyrer rundt og tenkjer over livet og det som skjer i verda. Dagen etter set ho seg i bilen sin og køyrer av garde. Det held ho fram med heilt til ho køyrer på ein hjort på Vestlandet… Ho haikar med Olaf som er inspektør i Dyrevernet eller liknande, og dei kjem til ein gard han har fått bekymringsmelding om: «- Finst ikkje liv lenger. Bonden pip. Olaf slepper taket i skjorta, og legg i staden armen rundt skuldra hans. Bonden forsvinn inn i armhola til Olaf. Vi er tre menneske her i tunet på Kvitfoss. Vi står og heng saman. Over oss blafrar eit flagg som skulle ha vore teke ned for lengst. Eg ser elvane gå kvite nedover fjellsidene.»
Forlag Cappelen Damm
Utgivelsesår 2017
Format Lydfil
ISBN13 9788202556105
EAN 9788202556105
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
9 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket