Omtale fra forlaget
Skogkyss er den femte diktsamlinga til Hans Sande, og nok ein gong viser Sande korleis han med ein heilt særeigen meisterskap skriv dikt der det skarpt observerte og det fritt fabulerande står som naturlege følgjesvener. Sande kan kunsten å boltre seg i språket! Skogkyss tek oss med inn i ei verd av mangfald og forundring. Her er sanselege naturskildringar og dikt med politisk brodd, frekke sleivspark og varme kjærleiksdikt. Her er rå og hjarteskjerande dikt om krig og overgrep, her er poetisk vemod om aldring og forfall og dauden som ventar. Hos Sande står den fyndige humoren og dei ville utfalla side om side med nøktern livsklokskap og ein djup respekt for oss menneske og alt det vi er og gjer, på godt og vondt. Bokmeldarane meiner: "Hans Sandes dikt rommar nok uberekneleg galskap og klokskap til at dei er verde å lese. Poetens vilje til å late seg føre langs språkets og livets vegar er kopla med ein blømande villskap som ikkje gjer poeten audmjuk og føyeleg, og som ikkje gjer dikta altfor veltilpassa i verda." Sindre Ekrheim, Dag og Tid
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2016
Format Heftet
ISBN13 9788205497047
EAN 9788205497047
Språk Nynorsk
Sider 61
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket