Omtale fra forlaget
Nakenbilete på avvegar.
Anna har flytta til ein ny stad. Men eit rykte kan reise fortare enn ein bil kan køyre. Eit rykte bryr seg verken om kilometer, fart eller reiserute. Eit rykte vil berre fort fram. Og det vil nå så mange som mogleg.
Anna har reist frå eit rykte. Ho må starte på nytt. Med ny skule og nye venner. Korleis klarer ho å handtere det nye livet når ho heile tida fryktar at fortida skal avsløre henne?
«Ser du dette?» handlar om Anna og eit nakenbilete som blir spreidd på nettet. Om å gi hjartet sitt til ein som tråkkar det i tusen knas. Om å vere 15 år og tore å stole på nokon igjen.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2020
Format Innbundet
ISBN13 9788234001802
EAN 9788234001802
Serie Anna og Tina
Språk Nynorsk
Sider 140
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Anna har opplevd noko utruleg kjipt. Så kjipt at familien faktisk flyttar til ein ny stad, og Anna må byrja på ny skule. Gjennom tilbakeblikk for me nøsta opp historia om kva som skjedde. Det handlar om kjærleik, tillit og svik. Samstundes prøver ho å starte eit nytt liv på ny skule. Dette tema har ungdom garantert høyrd om, men her får ein lesa historia frå den som opplevde det. Ein får medkjensle og ei djupare forståing for korleis det påverkar livet til eit menneske. Ei medrivande historie for ungdom.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketEg legg brevet frå bestemor ned på benken. Eg trur ikkje på Gud. Eg trur ikkje på teikn. Eg trur ikkje på det overnaturlege. Men eg trur på bestemor.