Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka består av 24 noveller frå 24 stader i verda som finn sted i løpet av 24 timar. Til kvar novelle har forfattaren knytta ein popsong.
Omtale fra forlaget
Denne novellesamlinga tek oss med på ei fascinerande reise. På overflata er vi i løpet av 24 timar på 24 stader, og dei 24 historiene som blir fortalde, heng på eit finurleg vis saman med 24 songar. Vi møter djupe menneskelege lagnader.
Forlag Lydbokforlaget
Utgivelsesår 2003
Format CD
ISBN13 9788242111395
EAN 9788242111395
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Eg studerer ei side i atlaset der landskapet er i målestokk 1:100000. Eg tenker at eg treng ikkje reise. Eg kan bli her. Eg har deg i 1:1.
Eg er så lykkelig at eg nesten trur eg skal sprengast i bitar. Når eg står opp om morgonen kjenner eg meg så lykkelig at eg ikkje veit om eg vil komme meg gjennom dagen. Og når eg går til sengs om kvelden, er eg så lykkelig at eg ikkje får sove. Heile natta ligg eg i senga og vrir meg av lykke.
Eg er glad i deg, sa han og blei til ein biperson i ei pocketbok. Du betyr alt for meg, sa han og spelte i ein såpeserie. Ikkje grin, sa han og var hovudpersonen i sitt eige melodrama.
Eg skal gå ned trappa og smelte saman med regnet. Ein død mann, ein pressa blomster, visna mellom sider av dei vakraste ord.
Eg er for full. Eg er heilt tom. [..] alt er fylt med kjærleik. Alt er så fullt av kjærleik at eg er redd for å gå under.
Var på ferie i Finnmark og var innom sjølvaste bokmekkaet Karasjok. Eg snubla innom ein loppemarknad som ikkje såg ut som ein loppemarknad. Tannlegen i bygda hadde gått i grava og bøkene til loppane. Tilsynelatande ein mann med kjærleik til litteraturen. Til mi store overrasking fant eg og kjøpte følgjande lektyre:
Olav. H Hauge - Dikt i samling
Arne Garborg - Fred (illustrert utgåve)
Göran Tunström - Skimmer
Louis Ferdinand Celine - Reisen til Nattens ende
Olav Duun - Mennesket og Maktene
Günter Grass - Blikktrommen
Kjartan Fløgstad - Fyr og Flamme
Tarjei Vesaas - Is-slottet
Haruki Murakami - Norwegian Wood
Gabriel García Marquez - Berretningen om et varslet mord
Ivar Lo-Johansson - Godnatt, Jord
Ivar Lo-Johansson - Kungsgatan
Frode Grytten - Popsongar
Frode Grytten - Bikubesesong
Alexander Solsjenitsyn - En dag i Ivan Denisovitsj' liv
August Strindberg - Eit draumspel
Raymond Chandler - Den lange søvnen
Leo Tolstoj - Anna Karenina I og II
Serge Lentz - Vladimir Rubajen eller i fantasiens grenseland
Maksim Gorkij - Barndom
Kjell Askildsen - Thomas F's siste nedtegnelser til almenheten(illustrert utgåve. Illustrasjoner av Håkon Bleken)
Kjell Askildsen - Kulisser
Det absurde: for alt dette gav eg 100 kroner!! Alt var i hardperm. Nokon hadde eg frå før, men synst det er finare å ha hardperm enn pocket. Nokon var i tillegg frå bokklubbens serie Bokklubbens mestermøter, kor kunstnarar illusterer kjente verk.
Flaks i Finnmark.
Jeg vet alle andre gjør dette her, men jeg synes det er en fin måte å samle bøkene fra det gamle året, og å få si hva jeg mener om dem. Jeg håper det hjelper på å finne bøker man vil lese.