Omtale fra forlaget
Tankevekkjande og rørande om sjimpansen Julius.
Sjimpansen Julius fekk ein vond start på livet. Avvist av mora og med ein valdeleg far måtte han flytte inn hos to menneskefamiliar.
Gjennom TV blei Julius ein norsk A-kjendis på 80- og 90-talet. Men han sleit med å finne plassen sin i flokken. I dag lever Julius som alfasjimpanse og tobarnsfar. Han er framleis Noregs mest kjende dyr.
Som første dyr i Noreg får no Julius sin eigen biografi. Ved hjelp av internasjonal sjimpanseforsking prøver Fidjestøl å finne ut kva som går føre seg i hovudet på ein sjimpanse som Julius. Det har blitt ei fascinerande og tankevekkjande historie, om det evige spelet om status og makt, om kjærleikslengt og sex, om einsemd, død og sorg.
Gjennom forteljinga om livet til Julius får vi eit unikt innblikk i kva det vil seie å vere nesten menneske.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2021
Format Lydfil
ISBN13 9788234008658
EAN 9788234008658
Omtalt person Julius
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Interessant, men også vondt å lese om livet til Julius som kjendissjimpanse. Lærte mye om sjimpanser generelt, som nå er rødlista. Verdt å lese.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketDet er ein vanleg observasjon at gjennombrotet for dei første moderne dyreparkane fall saman med den industrielle revolusjonen og moderne urbaniseringa, altså at behovet og interessa for å sjå dyr oppstod parallelt med at stadig færre omgav seg med dyr til dagleg. Derfor fekk Noreg, som var seint industrialisert og framleis eit jordbrukssamfunn gjennom heile 1800-talet, aldri ein slik borgarleg storby-zoo.
Den eine Julius var den offentlege merkevara og dyreparkambassadøren som fekk fanpost og avisoppslag og hang på plakatar på norske barnerom. Den andre Julius var eit litt mistilpassa dyr som truleg hadde vanskar med å forstå kvar han høyrde heime, som var redd represaliar frå leiarsjimpansen, og som hadde den utviklingshemma veslebroren Kjell som sin einaste fortrulege venn.
Då Goodall første gongen observerte og skildra korleis sjimpansane valde seg ut kvistar, modifiserte dei ved å knekke av blad og sidegreiner og deretter brukte dei til å fiske opp termittar frå hole trestammar - altså at sjimpansane laga og brukte reiskapar - fekk det omfattande konsekvensar. Ikkje berre for synet på sjimpansar, men óg for definisjonen av mennesket. "No må vi anten redefinere mennesket, redefinere reiskap eller akseptere at sjimpansar er menneske,"
Men det er sjølvsagt ikkje mogleg å slutte noko frå korleis sjimpansane organiserer seg, til korleis menneska burde organisere seg. Om ikkje av andre grunnar så fordi det finst ein annan sjimpanseart, som genetisk og evolusjonært står oss like nært som sjimpansane, men som organiserer seg heilt annleis. Den mykje mindre kjende sjimpansearten bonobo eller dvergsjimpanse, som først blei oppdaga og kategorisert som art i 1929, er ein like nær slektning av oss som vanleg sjimpanse. Men på viktige område er åtferda til bonoboane radikalt ulik frå sjimpansane si åtferd. Bonoboane er ikkje spesielt valdelege, det er ikkje hannane som bestemmer, dei driv lite med jakt, dei har få konfliktar og enormt med sex,
For dei ville sjimpansane i Sentral-Afrika har utviklinga i et same tidsrommet vore katastrofal. Bestanden er i fritt fall. Då Julius blei fødd, fanst om lag ein million ville sjimpansar, no er det kanskje 200 000 att.
32 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket