Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 5 av 5 sitater

For dei ville sjimpansane i Sentral-Afrika har utviklinga i et same tidsrommet vore katastrofal. Bestanden er i fritt fall. Då Julius blei fødd, fanst om lag ein million ville sjimpansar, no er det kanskje 200 000 att.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Men det er sjølvsagt ikkje mogleg å slutte noko frå korleis sjimpansane organiserer seg, til korleis menneska burde organisere seg. Om ikkje av andre grunnar så fordi det finst ein annan sjimpanseart, som genetisk og evolusjonært står oss like nært som sjimpansane, men som organiserer seg heilt annleis. Den mykje mindre kjende sjimpansearten bonobo eller dvergsjimpanse, som først blei oppdaga og kategorisert som art i 1929, er ein like nær slektning av oss som vanleg sjimpanse. Men på viktige område er åtferda til bonoboane radikalt ulik frå sjimpansane si åtferd. Bonoboane er ikkje spesielt valdelege, det er ikkje hannane som bestemmer, dei driv lite med jakt, dei har få konfliktar og enormt med sex,

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Den eine Julius var den offentlege merkevara og dyreparkambassadøren som fekk fanpost og avisoppslag og hang på plakatar på norske barnerom. Den andre Julius var eit litt mistilpassa dyr som truleg hadde vanskar med å forstå kvar han høyrde heime, som var redd represaliar frå leiarsjimpansen, og som hadde den utviklingshemma veslebroren Kjell som sin einaste fortrulege venn.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er ein vanleg observasjon at gjennombrotet for dei første moderne dyreparkane fall saman med den industrielle revolusjonen og moderne urbaniseringa, altså at behovet og interessa for å sjå dyr oppstod parallelt med at stadig færre omgav seg med dyr til dagleg. Derfor fekk Noreg, som var seint industrialisert og framleis eit jordbrukssamfunn gjennom heile 1800-talet, aldri ein slik borgarleg storby-zoo.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Då Goodall første gongen observerte og skildra korleis sjimpansane valde seg ut kvistar, modifiserte dei ved å knekke av blad og sidegreiner og deretter brukte dei til å fiske opp termittar frå hole trestammar - altså at sjimpansane laga og brukte reiskapar - fekk det omfattande konsekvensar. Ikkje berre for synet på sjimpansar, men óg for definisjonen av mennesket. "No må vi anten redefinere mennesket, redefinere reiskap eller akseptere at sjimpansar er menneske,"

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

BenedikteHelena EGrete AastorpEileen BørresensomniferumLisbeth Marie UvaagTone HGrete AmundsenAnne-Stine Ruud HusevågKristina Jernstrøm LyseboritaolineKirsten LundCecilie MLailaHeleneEgil StangelandLene AndresenMorten MüllerGodemineStig THilde Merete GjessingHilde VrangsagenMarit HøvdeInger-LiseIreneleserG LIngunn STerje MathisenCarine OlsrødAneKorianderBjørg L.Julie StensethKarin BergPi_MesonJarmo LarsenTatiana WesserlingHarald KRuneFride Lindseth