Omtale fra forlaget
Eigentleg skulle han ikkje bli konge.
Storebror hans skulle overta trona etter kong Håkon 4., medan den unge prins Magnus vart utdanna hos dei fattige fransiskanarmunkane. Då han likevel vart krona som kong Magnus 6. i 1261, vart han den einaste kongen i norsk mellomalder som ikkje førte krig. I staden skapte han Landslova, som vart ein grunnstein i norsk politikk, rett og samfunn. Han vart heller ikkje grav lagt saman med andre norske kongar, men hos munkane i fransiskanarklosteret der han gjekk i skule.
Kong Magnus 6. er ein av dei mest fasinerande norske kongane. Han levde i eit spanande hundreår, der Norge utvikla seg i stor fart og fekk - som eit av få land i Europa - ei lovbok som vart nytta i heile landet. I dag er han difor kjent som Magnus Lagabøter.
Magnus Lagabøter er likevel kanskje den av dei norske mellomalderkongane vi veit minst om. Med Kongen, lova og landet har Jørn Øyrehagen Sunde skrive eit formidabelt verk. Med stor kunnskap og suveren formidlingsevne skriv han fram ein mann og ei tid som er overraskande attkjenneleg og moderne, internasjonalt orientert og jordnær på same tid.
Forlag Kagge
Utgivelsesår 2023
Format E-bok
ISBN13 9788272018190
EAN 9788272018190
Omtalt tid Middelalderen
Omtalt sted Norge
Omtalt person Magnus
Språk Nynorsk
Sider 283
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket14 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket