Omtale fra forlaget
I novella Fyrste kjærleik møter vi ein namnlaus uteliggar utan andre ønske enn å få vere i fred på benken sin. Lulu forstyrrar han, og etterkvart blir han forelska. Fyrste kjærleik var ein av dei første tekstane Beckett skreiv på fransk, rett etter krigen i 1945, men han vart først utgitt i 1970 og på engelsk i 1973. I boka har Jon Fosse valt ut denne saman med fem andre kortare.
Beckett skreiv smått om det store. Med ei stadig meir minimalistisk tilnærming sirkla han rundt mennesket sitt komplekse tilvære. Personane i Becketts tekstar verkar på same tid både nyfødde og livstrøytte, og tilbyr lesaren eit nytt og uvant blikk på verda. Mest kjend er han for teaterstykka, men sjølv såg han på prosaen, og særleg dei kortare tekstane, som den viktigaste diktinga si.
I utvalet Jon Fosse har gjort av Becketts kortprosa, finn vi Fyrste kjærleik og fem andre forteljingar: Kasta ut, Nok, Pling, Dei farne bort og Løyse. Tidlegare norske utgåver av Becketts korte tekstar har basert seg på dei franske originalane, men tekstane i omsetjinga til Fosse er sette om frå engelsk. Beckett sette sjølv om tekstane sine frå fransk til engelsk, og då endra han ofte ein god del slik at ein kan snakka om to versjonar av same verk. Ingen av dei engelske versjonane er tidlegare utgjevne på norsk.
Forlag Skald
Utgivelsesår 2018
Format Slide bound
ISBN13 9788279592624
EAN 9788279592624
Serie Skalds klassikarar
Språk Nynorsk
Sider 119
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
For kryptisk og sært. Det vekker ikkje kjensler. Meir som ein botsgang, som å telje sakte ned frå 1000 til 0. Ikkje så rart at Beckett er hylla av litteraturvitarar og intellektuelle. Skjønar at han skildrar noko grunnleggande, men eg synes det er deprimerande, uten at eg eigentlig bryr meg.
Fuglane av Vesaas, til dømes, skildrar noko fundamentalt ved mennesket, og endar i tragedie, men er vakker både i form og innhald likevel.
Les at komiteen var delt då han fekk Nobelpris. Nokre meinte det er ei kunstnarisk øving i depressivitet, andre at det vakre og menneskelege ligg i skildringa av elendet.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketSå du vil ikke at jeg skal komme mer? sa hun. Det er utrolig hvordan folk gjentar hva man har sagt til dem, som om de risikerte kjetterbålet ved å tro sine egne ører.
Eg veit ikkje kvifor eg har fortalt denne historia. Eg kunne like gjerne ha fortalt ei anna. Kanskje klarer eg ein annan gong å fortelja ei anna. Levande sjeler, de skal få sjå kor like dei er.
Det man kaller kjærlighet er forvisning, med et postkort hjemmefra nå og da.