Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka portretterar 12 sentrale personer frå dansketida, og viser korleis dei pregas av miljøet og kulturen dei er ein del av. Blant dei utvalte er Olav Engelbrektsson, Absalon Pederssøn Beyer, Anne Pedersdotter, Peder Claussøn Friis, Hannibal Sehested, Jørgen Olufsen Mandal, Petter Dass, Peter Wessel Tordenskiold, Bernt Anker, Kristian Lofthus, Hans Nielsen Hauge og Johan Nordal Brun. Har litteraturliste og personregister.
Omtale fra forlaget
Portrett av tolv sentrale og til dels myteomspunne personar frå 'dansketida', frå reformasjonen i 1536 og fram til 1814. Desse tolv personane opplevde alle spenninga mellom det norske og det danske. Anten som representantar for ein norsk elite som vart trengt til sides, som framstormande patriotar, eller som embetsmenn som fekk oppleve den norske motstanden på kroppen. Blant dei tolv møter vi erkebiskop Olav Engelbrektsson som måtte rømme landet, krønikeskrivaren Absalon Pedersson og kona hans, Anna Pedersdotter, som vart brent som heks, villstyringen Peter Wessel Tordenskiold som vart admiral og sjøhelt, den uredde bondeopprøraren Kristian Lofthus, og sist - men ikkje minst - martyren Hans Nielsen Hauge, grublaren som skapte ei folkerørsle. I framstillinga er alle landsdelar og mange miljø representerte, og slik gir dette ein fargerik kavalkade gjennom 300 års norsk historie. Forfattaren har lagt stor vekt på å vise korleis personane var prega av dei miljøa og den kulturen dei levde i - dei sosiale nettverka, familierelasjonane, tilhøvet mellom kvinner og menn, vennskap, konfliktar og maktkampar. Spenninga mellom det danske og det norske går igjen i alle portretta, og slik er boka også eit innlegg i den pågåande historikardebatten om det danske styret i perioden. Øystein Rian er professor i historie ved Universitetet i Oslo, der han særleg har arbeidd med politisk og sosial historie 1500 til 1814. Han har tidlegare utgitt ei rekkje bøker frå perioden, m.a. band 5 i Aschehougs Norgeshistorie (1995) og band 2 i Danmark-Norge 1380-1814 (1997).
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2007
Format Innbundet
ISBN13 9788252166910
EAN 9788252166910
Omtalt tid 1800-tallet 1700-tallet 1500-tallet 1600-tallet
Språk Nynorsk
Sider 333
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket