Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Hovudpersonen Israel Armstrong er ein urban lesehest frå London. Han køyrer bokbuss på den nordirske landsbygda og kan ikkje førestille seg at livet kan bli verre. Men det kan det. Stormagasinet i Tumdrum blir rana, og sjølvsagt har Israel greidd å sette fingeravtrykka sine over heile åstaden i det politiet kjem. Dette er den andre boka om antihelten Israel Armstrong.
Omtale fra forlaget
Israel Armstrong - urban lesehest og vegetarianar frå London - er stranda i avkroken Tumdrum på den nordirske landsbygda. Der køyrer han bokbuss om dagen, mens han om natta er innlosjert i eit omgjort hønsehus hos Devine-slekta. Han mistrivst, og kan ikkje førestille seg at livet kan bli verre. Men det kan det. For då Israel ein morgon parkerer utanfor Dixon & Pickering Stormagasin med bokbussen full av utstillingsmateriell til den lokale supermarknadens hundre års jubileum, er butikken rana og innehavaren borte vekk. Helten vår har akkurat rukket å gni fingeravtrykka sine over heile åstaden i det politiet kjem... Det store forsvinningsnummeret er klassisk britisk hyggelesing; ei varm og humoristisk forteljing med ein skikkeleg antihelt i førarsetet.
Forlag Baskerville
Utgivelsesår 2008
Format Innbundet
ISBN13 9788281870130
EAN 9788281870130
Genre Spenning
Omtalt sted Irland
Språk Nynorsk
Sider 223
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
-ifølgje hennar rangstige plasserte ein bibliotekar seg så vidt under sosialarbeidaren og så vidt over bussjåføren; ja det var knapt ho greidde å få ordet "bibliotekar" over lippene. Når nokon spurde, kunne ho fortelje at Israel arbeidde " innanfor informasjonstenestene".
...ho var på mange måtar den ideelle felle og bibliotekar: Ho var ung og presentabel, og ikkje åt ho kvitlauk eller skalv på handa, ikkje leid ho av sure oppstøyt, hissig gemytt eller andre formar for eksentrisk eller antisosial atferd heller.
Men sånn var no alt denne vogna, og du vart jo van med ho til sist, og så lenge du passa på at det var nok olje og nok trykk i dekka og nok vatn, og heldt dørene smurte med vaselin og hugsa på å ikkje ha fullt trykk på pumpa når du fylte tanken, og hadde eit par ekstra viftereimer om bord til ei kvar tid, og altså ein trufast og interessert mekanikar for hand på full tid, ja da gjekk det meste som smurt. Ho kravde litt meir stell og vedlikehald enn Honda Civicen til mor til Israel heime i London, men så kunne du heller ikkje få to tusen bøker og fullt justerbare hyllesystem inn i ein Honda Civic.
Bøker jeg ønsker meg, fint hvis noen ønsker å bytte bort disse(eller til nød selge).
Helst innbundet utgave der dette er mulig. Helst ikke bøker merket Leseeksemplar eller kasserte biblioteksemplarer.