Brenn huset ned

av (forfatter).

Oktober 2013 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.66 (35 terningkast.)

112 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Joe sit på hotellrommet med jetlag og verkande hender. New York skal bli hans, men på tv-skjermen ser han sin eigen død annonsert. Mick har vakse opp hos bestemora med piss i oppgangen og gitaren som einaste vegen ut. Endelig er han blitt alt han drømte om. Paul er den vakraste guten i sin generasjon, men det er bare Pearl han vil ha, Pearl som fell i koma og blir kjørt til sjukehus i all hast. Topper er Kongen av Broadway, verdas beste trommis i to timar kvar kveld. Resten av døgnet forsøker han å øydelegge seg sjølv. "Brenn huset ned" er forteljinga om fire menn som saman lagde eit eineståande pønkeband. Romanen tar til forsommaren 1981 då New York er hardt ramma av varmebølge og engelsk rock?n?roll. Bandet er på høgda av karrieren og på kanten av stupet.

Bokdetaljer

Forlag Oktober

Utgivelsesår 2013

Format Innbundet

ISBN13 9788249512904

EAN 9788249512904

Omtalt tid 1980-1989

Omtalt sted New York

Språk Nynorsk

Sider 185

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

7 14 10 3 1 0

Bokomtaler

"Brenn huset ned", Frode Grytten
Det er mange gode grunnar til å lese denne boka frå Frode Grytten. Framfor alt fordi han er ein glimrande skildrar når han skriv om opprør og The Clash. Han gjer det med kjensle, omtanke, humor, med gode bilde - og han gjer det til og med på nynorsk.
Veldig god bok som favnar særs mykje - sjølv om den er på berre 110 sider. Han tek fyrst for seg Tha Clash som ein musikkbevegelse, før han dukker djupt inn i, rundt og somme stadar oppå kvart enkelt medlem i bandet. Han tek i relasjonane deira - både som bandmedlemmar seg i mellom, men og til relasjonar dei hadde, eller savna, i oppveksten. Han gjer det godt, tidvis på ein lyrisk, vekselsvis galloperande og travande måte. Tann for tann - øye for øye - riff for riff - og sniff for sniff.
Ivar Aasen var også i mine auge ein punkar, så at Grytten skriv boka på nynorsk passar særs bra. Grytten brukar eit nynorsk som er forståeleg for alle - og det var vel akkurat det som var meininga med heile nynorskprosjektet - way back. Eit skriftspråk for folk flest, med ord og uttrykk som vanlege folk hadde eit forhold til; der dei budde der dei elska. Språket til grasrota, bønder, fiskarar; dei som ikkje hadde gått på universitet og let seg forme etter det dei etablerte på toppen av samfunnet ville - eit skriftspråkopprør mot fiffen, dei etablerte og dekadansen fra det store utland og frå pengemakta. Akkurat som punken er det. Frå side 94: "å endre verda og artikulere kjenslene til ein heil nasjon". Synd at mykje av arven frå Aasen har blitt skusla bort med tvang om å skrive på ein måte som lkkje ligg ein nær, slik at altfor mange unge i dag får eit forhold til Ivar Aasen som "far til spynorsken". Vi burde heller fokuser meir på det viktige han gjorde for språkutvilkinga og kulturforvaltninga, og sjå på bodskapet i tekstane hans - ikkje berre konservere hans minne og gje dei vanskelige stiloppgåver. Hadde Ivar Aasen levd i dag, hadde han vore rap-artist på østkanten i dei store byane, og rusa seg der. Ikkje med kvitvin på operataket.

Det om Aasen som punker sa ikkje boka noko om. Det får stå for mi regning. På mi regning står også det eg skal skåle med når eg skal heve glaset KL 21:50, 21. September. Altso no på laurdag. For det var på det tidspunktet i 1979, på New York Palladium, at Pennie Smith tok bildet av Paul Simonon, som er brukt på plateomslaget, og som heng som plakat på mange gute og jenterom i heile verda; som eit symbol på det motsatte av borgerleg dekadense. Skål for språkåret 2013 , The Clash, Frode Grytten - og Ivar Aasen.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Fantastisk trøkk! Må lese denne fleire gongar -- heia Grytten!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Bandmedlemmene i denne romanen vil forandre verden gjennom musikken, men det går ikke helt slik. Alt i alt en dyster, men velskrevet fortelling med fire perspektiver på bandets vekst og oppløsning. Bandet er britisk, men handlingen er stort sett lagt til New York, en by som Grytten tydeligvis kjenner godt. Denne boka har noe så sjeldent i norsk bokproduksjon som et godt design, tydeligvis inspirert av maleren Jackson Pollock, som er nevnt i boka. Æren for dette har Egil Haraldsen og Ellen Lindeberg fra Exil Design.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg bestemte meg for å lese Frode Gryttens nyaste før eg visste kva den handla om. Eg visste berre at den er ein roman. Då eg fann ut at den handla om The Clash vart eg skeptisk. Eg har ikkje noko forhold til The Clash anna enn at eg veit at dei har ein song som heiter "Should I stay or should I go" og ein som heiter "London Calling", så eg tenkte at romanen måtte vere for spesielt interesserte.

Men så hadde eg brått romanen i handa og ga den eit forsøk. Kapitla er delt inn etter bandmedlemmane og er slik ulike i energi og tempo. Men dei er samstundes like grunna stemninga forfattaren legg i boka og alle dei vakre formuleringane. Det er heilt spesielt å lese ei bok om eit britisk band på nynorsk. Av og til fekk eg ei kjensle av at boka måtte vere omsett, men ikkje på ein negativ måte. No høyrer eg på "London calling" med ståpels.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

jeg har et godt forhold til The Clash, men ikke et biografisk forhold slik jeg hadde til banda jeg vokste opp med,da kunne jeg "alt". Jeg har hørt mye på The Clash, etter at jeg oppdaga London Calling har bandet og da spesielt den plata hatt en solid plass i hjertet mitt. derfor var denne boka noe jeg virkelig så fram til. og Frode Grytten leverer spør du meg! han klarer å fortelle historien så man kjenner man er der og er med, at man skjønner hva The Clash var og hvorfor de var så bra. jeg har blitt mer glad i The Clash etter å ha lest boka og anbefaler alle som liker musikkromaner og/ eller Frode Grytten om å sjekke den ut.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket


Sitater fra dette verket

Korleis set du fyr på ein bil, eigentlig? Dei var to fullstendig mislykka rebellar.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Bernie hadde sagt: Ønsker folket oss, får folket oss, det er sosialisme i praksis. Joe hadde sagt: Nei, det er kapitalisme i praksis.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Vi må aldri glømme kven som bygde denne byen, sa han. Nei vel? spurte Gruen. Kven var det, Joe? Folk vi aldri har hørt om, svarte han, dei anonyme som jobba seg i hel med å forvandle livet sitt til ein drøm.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dette var kva Joe hadde til rådigheit. Dette var hans arbeidslag, hans pønkebrigade. Fire mann, alle. Kvar kveld var dei ein skiten symfoni av skrik og glede. Dei var skimmerbrunt grums. Dei var ustemt kjærleik.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Er vel ikkje så mykje meir å seie?


Godt sagt! (8) Varsle Svar

Vær med å stemme på Tiårets beste norske roman


Godt sagt! (5) Varsle Svar

I disse bøkene er musikk og artister på en eller annen måte vesentlig


Godt sagt! (3) Varsle Svar

Oppdateres fortløpende


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Garasjeland - noveller" av Frode Grytten
  • "Gut, jente, juni, juli - noveller" av Frode Grytten
  • "Frukthagen" av Cormac McCarthy
  • "Livets nivåer" av Julian Barnes
  • "Balanse - roman" av Thorvald Steen
  • "Meir enn regn - noveller" av Frode Grytten
  • "Vi kan ikke ta med oss alt dette hjem" av Frank Tønnesen
  • "Menn som ingen treng - noveller" av Frode Grytten
  • "Rubato - roman" av Lars Amund Vaage
  • "Elsken - roman" av Tomas Espedal
  • "Jern & metall - noveller" av Levi Henriksen
  • "Ferskenen - samlede verker : annotert utgave : roman" av Johan Harstad
Alle bokanbefalinger for dette verket