Omtale fra forlaget
Gåtefulle forsvinningar i Stalins Sovjet.
Som liten gut får Tor Steinar Normann ideen om at han skal hjelpe bestemor: «Når eg blir stor, skal eg dra til Russland og fi nne bestefar for deg.» I 1929 drog bestefar hans som idealistisk kommunist til Russland for å byggje sovjetstaten. Der forsvinn han i ein av Stalins mange fangeleirar. Tor Steinar får på mange måtar ein oppvekst som er typisk for etterkrigstida: Han blir militærnektar, student og politisk aktivist - og etablerer seg som teknisk sjef i øvre Valdres. Men ideen om å fi nne ut kva som skjedde med bestefaren, slepper aldri taket. På ei av reisene i det tidlegare Sovjetunionen forsvinn han sjølv.
Aldri redd for mørkets makt er ein roman om stalinismen og om tankegodset som nådde heilt inn i norske studenthyblar på syttitalet. I glimt ser vi òg ei norsk familiehistorie over fi re generasjonar. Kvar på sin måte stiller romanpersonane seg det store spørsmålet: Kvifor valde eg som eg gjorde?
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2016
Format Innbundet
ISBN13 9788252187267
EAN 9788252187267
Språk Nynorsk
Sider 315
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketBøker eg har notert meg at eg berre må lese ... så snart eg er ferdig med alt det andre eg berre må lese! For mange gode bøker, altfor lite fritid ...!