Omtale fra forlaget
Førsteutgåva av Åleine i Alpane inneheldt 20 ulike bøker i eitt, roman, skodespel, film, aforismar, dikt, falske minnebøker og ekte dagbøker, artiklar, essay, vitsar m.m. Dei var alle gjennomsyra av forfattarens uforliknelege fantasi og merkte av hans særeigne skriveklør. Her er boka i ny utgåve, der det beste av det beste er vald ut av forfattaren sjølv.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2006
Format Heftet
ISBN13 9788252168204
EAN 9788252168204
Språk Nynorsk
Sider 405
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Blanda drops.
Hovland har her samla tekstar som 1999 ikkje høvde som serskilde publikasjonar. Orginalutgåva var på over 900 sider; paperbackversjonen er korta ned til 400. Det spørs om ikkje ein 2022-utgåve kunne vore kutta ned endå meir. Kortromanen «400 mil frå Sogndalsfjøra» og fleire av novellene er perlane i denne samlinga. Hovland må ha vore fascinert av si eiga draumeverd på nittitalet, men dei korte tekstane han har samla i «Draumebok» og «Pop» gav meg lite. Nokre av historiene er òg sterkt prega av draumebilete.
Heilskapen er likevel ei umissande Hovland-bok med sin underfundige humor.
Dei såkalla underhaldarane veik unna straks eg entra podiet, men eg syntes likevel eg måtte skalle lett til fyren med dansebandfrisyren, slik at han blei liggjande og vri seg og halde seg over nasen. Det var verkeleg fullt fortent, slik han hadde gitt underhaldningsomgrepet eit skikkeleg dårleg rykte.
Eg kjende på kroppen at vi no nærma oss byane der framme, dei nesten tomme morgongatane, tankane som sakte tok til å formast, bussane som tok til å gå, surklinga frå kaffitraktarene. (Frå «Historia»).
då eg plukka årets første løvetann og sprang gledesstrålande inn til mor mi med han og ho sa at det berre var ugras. (Frå «Minnebok»).
Dekket var flatt som ein Chat Noir-revy.