2022
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
«Det liknar på den nye guten på idrettslina», seier læraren. Han står bak meg og ser på at eg lagar ei skisse med blyant på eit laust ark. «Han har same krøllene», seier læraren. «Og augo.» Munnen har eg ikkje teikna enno, ikkje nasen heller, berre ansiktsforma og krøllene og dei brune augo som aldri ser meg. Augo på teikninga ser min veg. Dei er blinde for anna enn det eg vil at dei skal sjå.
Jonas går på vidaregåande. Han trivst best i bakgrunnen der han kan vere anonym og observere dei andre elevane. Han ser mellom anna korleis Alexander, den nye guten med dei vakre krøllane, verkar å vere interessert i Jonas' bestevenninne Live. Men kvifor synest Jonas det er så vondt å sjå på? Skulle han eigentleg ønske at Alexander var interessert i han? På ein fest blir hemmelegheita til Jonas avslørt framfor alle, og plutseleg er han ikkje lenger så usynleg. Har alle visst at han likar gutar bortsett frå Jonas sjølv?
Alexander er forelska i Live handlar om å godta seg sjølv og kjenslene sine, og om å tore å stå for den ein er.
Atle Hansen (1954) er forfattar, musikar og journalist. Han har skrive bøker for både barn og vaksne, men er kanskje mest kjent for dei mange spenningsbøkene for barn og unge, som t.d. Det kvite pulveret (2006), Skatten i Skutevika (2007), Fangar i natta (2008), Den svarte oksen (2009), Svartedalen (2015) og Eg har venta på deg (2020).
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2021
Format Innbundet
ISBN13 9788234006661
EAN 9788234006661
Språk Nynorsk
Sider 77
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket