Ingen lesetilstand
Ingen hylle
Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Den norske grunnlova blei laga for nesten to hundre år sidan av ein gjeng ureinslige menn på seminar på Eidsvoll. Are Kalvø meinte han måtte kunne gjere ein betre jobb, og reiste ut i landet for å lage ei ny grunnlov, som bygger på det folk i dag meiner. Resultatet blei ei ny og sjølvsagt mykje betre grunnlov, men òg ein tv-serie som dokumenterer arbeidet, som blir vist på NRK i år med tittelen Riksforsamlinga. Boka inneheld den nye grunnlova, historia om korleis grunnlova blei til, men òg mange ulike slags forsøk - nokre av dei direkte tøvete - på å finne ut kva folk i dag eigentlig meiner om til dømes likskap, demokrati, monarki, religion og ytringsfridom. Boka inneheld fleire vitsar og søkte teoriar og er illustrert med ganske overraskande fotos.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2013
Format Heftet
ISBN13 9788252182934
EAN 9788252182934
Genre Humor
Språk Nynorsk
Sider 191
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
"Ikke for å skryte", og "I all beskjedenhet", i helgen har jeg lest Grunnloven. Den nye altså. Jeg liker lekne folk, og jeg liker definitivt lekne forfattere. Noen bøker får deg til å le høyt - dette er en av dem.
Sitat? Nei, tror ikke det. Det ville bare ødelegge helheten.
En morsom vinkling av grunnloven og et nytt forslag på Grunnlov. Du vil like den, du vil le og du vil ikke minst grine av latter for Ares mange morsomme påfunn. Les boken, du vil ikke angre et sekund!
Jeg tror jeg elsker Are Kalvø litt. Krysser fingrene for at han kommer med noe mer på lydbok, jeg har pløyd gjennom alt!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketLa meg ta eit eksempel frå mitt liv. Ein gong satt det ein ung mann i kassa i butikken der eg handlar. Kvar gong det kom frukt eller grønnsaker på bandet framfor han, såg han på denne gjenstanden som om dette var noko han aldri i sitt liv hadde sett før. Så måtte han konsultere ein plansje med bilde for å finne ut kva det var for noko. Kvar gong. Til slutt kom ein aubergine på båndet. Han løfta han opp, såg på han frå alle kantar, sjekka plansjen sin, tydeligvis utan resultat. Så såg han på kunden, peika på auberginen og sa: Er dette eit eple?
Er vi virkelig heilt sikre på at det er ein god idé at denne mannen har stemmerett?
Kva er det som skil trua på at Brann kan vinne Tippeligaen, frå for eksempel trua på at Jesus skal komme tilbake? Ikkje gløden og engasjementet. Ikkje alvoret og intensiteten. Ikkje begeistringa og tydinga for folks liv. Ikkje behovet for ritual. Ikkje fellesskapet. Ikkje aggresjonen når nokon krenker trua di. Det som først og fremst skil dei frå kvarandre, er at det første faktisk kan skje. Fotballsupporterar er berre religiøse folk som har sett seg litt meir realistiske mål.
Første sitat:
“Ingen Grevskaber, baronier, Stamhuse og Fideikommisser, maa for Eftertiden oprettes.”
Det med grevskap og baroni er greitt. Det er vi imot. Stamhus er eg ikkje heilt sikker på kva er, men eg trur ikkje det er noko eg driv med. Men så var det dette med “Fideikommisser”. Det må altså heller ikkje for ettertida opprettast.
Det må vi aldri gløyme.
Eg har ikkje tal på alle dei gongene eg har sete på eit nachspiel der samtalen har gått litt trått, og så har nokon sagt: “Nei karar, vi skal ikkje ta og sprette akevitten og opprette eit fideikommiss då?”
Eller heiter det ein fideikommiss? Eller ei fideikommisse? Kanskje finst det for alt eg veit fideikommissekonkurransar?