Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 3 av 3 sitater

Første sitat:
“Ingen Grevskaber, baronier, Stamhuse og Fideikommisser, maa for Eftertiden oprettes.”

Det med grevskap og baroni er greitt. Det er vi imot. Stamhus er eg ikkje heilt sikker på kva er, men eg trur ikkje det er noko eg driv med. Men så var det dette med “Fideikommisser”. Det må altså heller ikkje for ettertida opprettast.
Det må vi aldri gløyme.
Eg har ikkje tal på alle dei gongene eg har sete på eit nachspiel der samtalen har gått litt trått, og så har nokon sagt: “Nei karar, vi skal ikkje ta og sprette akevitten og opprette eit fideikommiss då?”
Eller heiter det ein fideikommiss? Eller ei fideikommisse? Kanskje finst det for alt eg veit fideikommissekonkurransar?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

La meg ta eit eksempel frå mitt liv. Ein gong satt det ein ung mann i kassa i butikken der eg handlar. Kvar gong det kom frukt eller grønnsaker på bandet framfor han, såg han på denne gjenstanden som om dette var noko han aldri i sitt liv hadde sett før. Så måtte han konsultere ein plansje med bilde for å finne ut kva det var for noko. Kvar gong. Til slutt kom ein aubergine på båndet. Han løfta han opp, såg på han frå alle kantar, sjekka plansjen sin, tydeligvis utan resultat. Så såg han på kunden, peika på auberginen og sa: Er dette eit eple?
Er vi virkelig heilt sikre på at det er ein god idé at denne mannen har stemmerett?

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Kva er det som skil trua på at Brann kan vinne Tippeligaen, frå for eksempel trua på at Jesus skal komme tilbake? Ikkje gløden og engasjementet. Ikkje alvoret og intensiteten. Ikkje begeistringa og tydinga for folks liv. Ikkje behovet for ritual. Ikkje fellesskapet. Ikkje aggresjonen når nokon krenker trua di. Det som først og fremst skil dei frå kvarandre, er at det første faktisk kan skje. Fotballsupporterar er berre religiøse folk som har sett seg litt meir realistiske mål.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

HanneTine SundalAnne-Stine Ruud HusevågEllen E. MartolStian AxdalBjørg RistvedtHarald KHeidiMads Leonard HolvikElin FjellheimEirin EftevandChat_noirGodemineRufsetufsaMorten MüllerHanne Kvernmo RyeHallgrim BarlaupsiljehusmorHilde Merete GjessingPiippokattaBente NogvaDaffy EnglundMargrethe  HaugenIngunn SVannflaskeLisbeth Marie UvaagMaikenStian B. HopeMarianne AugustaRandiACathrine BoreMorten JensenLeseaaseStine SevilhaugInge KnoffGro-Anita RoenKirsten Lundtommy meyerSynnøve H HoelTonje Sivertsen