Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Det nystifta partiet Venstre vann i si tid slagkraft ved at vekkingspresten Lars Oftedal styrte bedehusflokken inn i dette partiet. Men kristenfolket følgde også leiaren då han i 1888 braut ut av moderpartiet og slutta seg til Moderate Venstre. I 1930- åra kunne Kristeleg Folkeparti sanke røyster frå dei same krinsane.
Under vekkingar var det ofte særleg mykje folk på galleriet. Då kunne det gå føre seg eit drama nede i salen. ...
Men samstundes var ikkje avstanden mellom salen og galleriet større enn at tilskodararen på galleriet kunne bli involvert i dramaet og sjølv hamne midt på scena. Slik sett fungerte galleriet både som underholdningsplass for bygda og misjonsmark for bedehusfolket.
Gamle bedehusfolk kan vitne om omvendinga si ved å seie at no er det lenge sidan eg kom ned frå galleriet. I så måte inngjekk denne handlinga som ein del av kroppsspråket til bedehuskulturen og omvendingskristendommen: å reise seg, å gå ned frå galleriet, å gå fram, å bøye kne, osv.
Galleriet var eit godt utsiktspunkt for å sjå inn i bedehusmiljøet, og det var også tilstrekkeleg skjerma til at ein kunne kommentere og samtale om det ein såg. I så måte hadde kikkinga fra galleriet mykje til felles med den seinare fjernsynskikkinga, og det er kanskje ikkje tilfeldig at gallerilivet gjekk tilbake i samme periode som fjernsynet erobra bygdene.
Jo dårligere jord, jo finere steingjerde. De som knapt har noe i verden, har behov for å beskytte det lille de har.
Plasseringa er alt anna enn likegyldig, posisjonen på kyrkjegolvet er uttrykk for ei offentleg rangering av dei unge. Elias Blix Pedersen får, som den einaste på kullet beste karakter, ... noko som gjev han førsteplassen både i kyrkjeboka og på kyrkjegolvet. Han var heldigare slik enn Hans Nicolai ... som fekk samme karakteren året etter. Han måtte pent stå som nr to, det året var førsteplassen oppteken. Der stod Peter Berg, son til soknepresten - med dårlegare karakterer. Det er forskjell på folk, jamvel i Guds hus.
Men når det kom til stykket, var motstanden sterk og motmennene mange. Noko grundtvigsk alternativ til den pietistiske vekkingrørsla fekk vi aldri her i landet.
Mens undervisningsmetodene i latinskulen var prega av pugging og utanåtlæring, skulle den grundtvigske folkehøgskulen formidle lærestoffet gjennom munnleg forteljing.
...forkynte Grundtvig at livet var ei gåve menneska skulle gle seg over her og no. Han la mindre vekt på å forkynne bodskapen om synd og soning, og ytra seg jamvel kritisk om trua på helvetet og Guds evige straffedom.
Pietistane såg på Bibelen som eit verk der forfattarane ord for ord var styrte av Guds hand. Grundtvig støtta ikkje slik biblisime. Han såg Bibelen som eit tidsbunde verk, skrive av menneske. Derfor måtte den også vere open for fortolking.
Ei viktig plattform fann dei i lutherdomens lære om det allmenne prestedømmet. Her var grunntanken at kvar og ein utan omsyn til rang kunne møte Gud og bli opplyst av Gud. Slik lære gav sterke haldepunkt for eit myndig lekfolk og tente som inspirasjon om ein allmugemann kjende seg kalla til predikant.
Det er ikkje berre ein ny lærar som kjem til bygda i 1846, det er ein ny lærartype. Bodøværingen Hans Hansen...
...
Han er og sterkt engasjert i lokalpolitikken, mellom anna som mangeårig ordførar. Læraren tek altså over eit verv som presten før har hatt. Det er eit tydeleg teikn på at lærarstanden er i ferd med å etablere seg som ein ny elite i norske lokalsamfunn.
Han og dei andre barna i grenda har å møde til rette Tid i Skolen, toede, kæmmede og reenligen paaklædte på ein av gardane.
Det var ein son. Han blei heimedøypt og fekk namnet Christian Nicolai. Berre ei veke fekk han leve.
Fiskarbondesonen frå Gildeskål og handverkardottera frå Kristiania er deltakarar i enda ei reise, ei klassereise. Den unge norske nasjonen er i endring. Frå dei geografiske og sosiale utkantane er nye folk på veg innover og oppover i samfunnet. Mellom dei er den vesle familien som no er under etablering i det fjerne og framande Leipzig.
Han er på studiereise. Med offentleg stipend. Det ligg høgtid i dei orda, synest dei. Framtid og, kan hende.
Trofasthet mot en person var sterkt overvurdert; det var mye viktigere å være tro mot en tanke.
Vi er uenige av og til, ja. Vi er tross alt gift.
Han tok henne rundt håndleddet for å ta pulsen, og prøvde å se ut som om han visste hva han gjorde. Det slo ham at de som hadde samlet seg rundt dem, antakelig hadde forventninger han ikke kunne oppfylle, og kanskje, tenkte han, var det slik Jesus følte seg i møtet med en spedalsk.