Ingen hylle
Ingen lesedato
Favoritt!
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Boka sprengjer grensene for den vanlege romanforma, og har innslag av lyrikk og av novellistiske bilete frå hans eiga minneverd. Boka kan lesast på mange måtar, mellom anna som ein gripande indre sjølbiografi. Aldri har Vesaas i prosa kome nærare inn mot det uutseielege. «Båten om kvelden er ein av dei aller største lesaropplevingane eg har hatt… Han nådde djupare etter kvart og i dei siste bøkene er han forløyst som kunstnar. Dei siste bøkene er mest spennande. Som kunstnar må ein finna sitt eige tyngdepunkt, ein må finna seg sjølv. Vesaas klarte det.» Lars Amund Vaage til Dag og Tid «Ingen har skrevet så sanselig. Mange av tekstene er så intense, så sensuelle. En student sa han syntes teksten vibrerer og jeg ble nesten slått til bakken av denne beskrivelsen, for det var det samme jeg hadde følt. Det er nesten erotisk, ja helt ekstremt rått.» Kjell Inge Skjerdingstad om Båten om kvelden til Dagsavisen
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2007
Format Heftet
ISBN13 9788205367692
EAN 9788205367692
Serie Gyldendal klassiker
Genre Hverdagsbetraktninger Personlige beretninger
Språk Nynorsk
Sider 168
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Denne boka leste jeg første gang for nesten 30 år siden. Jeg studerte norsk på DH i Volda. I mitt den gang unge leseliv var det en av mine største leseropplevelser... Det var sterkt å åpne boka og lese den igjen, jeg kom til det samme sitatet som satte seg fast for alltid: «Mest ingen ting treng seiast når ein har auge, og når ein har sin eigen song.» Men hvordan skrive om denne boka?? Den er så annerledes enn alt annet jeg har lest- fortsatt. Den er så sammensatt og gjennompoetisk at det føles som jeg bare har skrapt litt på overflaten nå når jeg har lest den ferdig. Vesaas skriver om seg selv her, først og sist om det å dikte, det å være i bildene, i alt det som ikke blir sagt. Gjennom sterke og sanselige bilder av naturen, han skriver om elv, stein, snø, berg... Og om traner som danser på myra. Jeg føler jeg har sittet og lyttet til en vill og mektig symfoni som til tider har vært utilgjengelig, men som samtidig har rørt meg, åpnet opp noen rom i hodet jeg ikke har vært i på en stund. Uforståelig, vakkert, suggererende, voldsomt. Lyrisk fra første til siste side. En leseskatt.
«Natt som dag. Ein er i sitt løynrom og kjenner dette: Dirrar ikkje grunnen under føtene, av gøymde floder som finst? Og kva må ein så gjera, synest ein.
Ein må vera til stades.
Ein må møte opp og stå i straumen frå det. Ein må la den låge dirren skaka seg. Slik som halv-morkne bruer og gamle gang-tre dirrar fint i snøsmeltings-tid.»
Bump, seier det under foten min i kleiva, under støvelen. Steinhella på stigen der dunkar sakte mot berg-grunnen ved steget mitt, ligg ikkje støtt, kan vippe.
Bump, seier hella.
Ikkje uventa.
Hella på stigen og eg har vennskap gåande. Ein fåmælt vennskap sidan lenge. Gåtefull i største einfelde.
Aldri vonbroten.
Eit bump i dag som før.
Eller er det annleis i år? Atter ein grann nytt og annleis?
Kvifor det?
Tull og innbilling, seier eg, men kanskje eg gjerne ville det skulle vera slik.
Bump, i alle fall, til forsikring, til forsegling, vippar seg og dunkar i berg-grunnen. Eit signal langt inn om at det er no. At det berre er.
Kva er no? Blir ikkje fortalt. Men det talar til hjartet mitt og eg kan språket. Talar lågmælt som til ein fattig og sky.
Alt i orden, tyder det.
Sjølv seier eg ingenting om mitt, det er ein einetale om vår langvarige vennskap. Alt i orden.
Den svære fuglen faldar seg saman der borte. Med auga mine over mosen kan eg sjå det. Han står i myra med opplyft ransakande hovud. Like etter kjem den neste og ber seg likeins åt. Det titrar i ein av spenning, det blir som ei slags lykke. Eg ligg i kald myrvæte, som sakte trekker inn i kleda og gjer det ufyseleg, men eg er varm ved synet av tranane. Er på tranens eiga mark, er vel komen inn i ein heilagdom der ein ikkje burde vist seg.
Kvelden er ved å sige på. Sola som stod i speglane eingong, er borte, ingen skal bli trolla no. Skyminga er ved å melde seg, og skal trolle meir. Hunden har tagna, som den som er komen heim og har gløymt alt der ute. Kråka er borte og må gå svolten til ro. Kveld er kveld.
Og så jenta på vegen. Kjem just stigande for å fylle alt vakkert ut. Jenter på vegen liksom. Det høyrer til.
Alltid noko som ein må finne, og ikkje veit kvar held til. Hadde det endå hatt eit brukeleg namn, dette rare saknet ein går med.
Hadde det hatt namn, ville de vori mindre stort og nærgåande. Då ville ein kunna gått rett på det og sett om det verkeleg var noko.
Somme av dei tallause auga i myra synest stille seg inn og sjå på ein. Det er ingen uvelkomen tanke, det virkar som eit band blir knytt, eit ørlite fort band mellom ein sjølv og dette her. Det er viktig. Ein må etter kvart lære sanninga om grensene mellom stort og smått.
Lute seg utover og kjenne seg vera ferdig til å glide. Tanken om å glide blir sterkare til lenger ein ser i vatnet. Biletet der nedi er tydeleg, ein kan lesa i det som i ein bok. Det er ingen straum som dreg minene skakke, spegelen vanskaper igen ting. Det er ein straum lenger nedi. Den tenker ein på.
Likevel er andletet vanskapt no. Forvridi og ulikt seg. Etter ulykker som har komi som skred - der bakanfor, der han har sitt halvfarne liv. Kva har i grunnen skjedd ? Han møter sine eigne støkte auge der nedi.
Lute seg endå litt meir.
Møte eit aue som seier: "Kom" !
Mestselgende litteratur i Norge på 1960-tallet. Alle sjangre.
Listen er løselig sortert etter salgstall (mestselgende først), men er ikke komplett.