Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 7 av 7 sitater

Og så jenta på vegen. Kjem just stigande for å fylle alt vakkert ut. Jenter på vegen liksom. Det høyrer til.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kvelden er ved å sige på. Sola som stod i speglane eingong, er borte, ingen skal bli trolla no. Skyminga er ved å melde seg, og skal trolle meir. Hunden har tagna, som den som er komen heim og har gløymt alt der ute. Kråka er borte og må gå svolten til ro. Kveld er kveld.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Lute seg utover og kjenne seg vera ferdig til å glide. Tanken om å glide blir sterkare til lenger ein ser i vatnet. Biletet der nedi er tydeleg, ein kan lesa i det som i ein bok. Det er ingen straum som dreg minene skakke, spegelen vanskaper igen ting. Det er ein straum lenger nedi. Den tenker ein på.
Likevel er andletet vanskapt no. Forvridi og ulikt seg. Etter ulykker som har komi som skred - der bakanfor, der han har sitt halvfarne liv. Kva har i grunnen skjedd ? Han møter sine eigne støkte auge der nedi.
Lute seg endå litt meir.
Møte eit aue som seier: "Kom" !

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Somme av dei tallause auga i myra synest stille seg inn og sjå på ein. Det er ingen uvelkomen tanke, det virkar som eit band blir knytt, eit ørlite fort band mellom ein sjølv og dette her. Det er viktig. Ein må etter kvart lære sanninga om grensene mellom stort og smått.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Alltid noko som ein må finne, og ikkje veit kvar held til. Hadde det endå hatt eit brukeleg namn, dette rare saknet ein går med.
Hadde det hatt namn, ville de vori mindre stort og nærgåande. Då ville ein kunna gått rett på det og sett om det verkeleg var noko.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Bump, seier det under foten min i kleiva, under støvelen. Steinhella på stigen der dunkar sakte mot berg-grunnen ved steget mitt, ligg ikkje støtt, kan vippe.
Bump, seier hella.
Ikkje uventa.
Hella på stigen og eg har vennskap gåande. Ein fåmælt vennskap sidan lenge. Gåtefull i største einfelde.
Aldri vonbroten.
Eit bump i dag som før.
Eller er det annleis i år? Atter ein grann nytt og annleis?
Kvifor det?
Tull og innbilling, seier eg, men kanskje eg gjerne ville det skulle vera slik.
Bump, i alle fall, til forsikring, til forsegling, vippar seg og dunkar i berg-grunnen. Eit signal langt inn om at det er no. At det berre er.
Kva er no? Blir ikkje fortalt. Men det talar til hjartet mitt og eg kan språket. Talar lågmælt som til ein fattig og sky.
Alt i orden, tyder det.
Sjølv seier eg ingenting om mitt, det er ein einetale om vår langvarige vennskap. Alt i orden.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Den svære fuglen faldar seg saman der borte. Med auga mine over mosen kan eg sjå det. Han står i myra med opplyft ransakande hovud. Like etter kjem den neste og ber seg likeins åt. Det titrar i ein av spenning, det blir som ei slags lykke. Eg ligg i kald myrvæte, som sakte trekker inn i kleda og gjer det ufyseleg, men eg er varm ved synet av tranane. Er på tranens eiga mark, er vel komen inn i ein heilagdom der ein ikkje burde vist seg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Grete AastorpMarianne MIngeborg GHanne Kvernmo RyeHarald KPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandLinda NyrudPi_MesonStig TAneSynnøve H HoelMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbelineBenteTheaElisabeth SveeDinaAkima MontgomeryMads Leonard HolvikIngunn SSigrid Blytt TøsdalMarianne  SkageRandiKirsten LundTrude JensenGitte FurusethTone SundlandJon Torger Hetland Salte