Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Det 20. hundreåret var arbeidarklassens hundreår, tidsrommet då fagorganisering og sosialisme fekk sivilisert kapitalismen. Så lenge det varte. Over heile den vestlege verda er kapitalismens intellektuelle i ferd med å skriva om historia om det 20. hundreåret. I stort som i smått, og på mange felt. Etter i saumane tar for seg historiske emne, men handlar om politikken av i dag. Den aktuelle bakgrunnen er den liberale offensiven for å gi organisering nedanfrå skulda for alle katastrofane i det 20. hundreåret. Den raude tråden i denne boka viser korleis borgarskapets ideologiske klesplagg heng i hop, eller raknar i saumane. Boka tar opp tråden og viser andre måtar å sy saman verdensbilde på. "Fløgstad viser seg med andre ord som en årvåken intellektuell - og med intellektuell mener jeg ikke en «intellektuell» som har lagt seg godt til rette i de bløte dynene diplomer og andre utmerkelser representerer, men intellektuell som i et sylskarpt, mottenkende individ - som har til hensikt å avsløre nedrige løgner i samfunnet." Olav Løkken Reisop, Dagbladet
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2017
Format Heftet
ISBN13 9788205505018
EAN 9788205505018
Serie Gyldendal pocket
Omtalt tid 1900-tallet
Språk Nynorsk
Sider 353
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
I innleiinga gjer Fløgstad tydeleg greie for kva som er agendaen hans med denne boka.
I kulturkampen blir arbeidarklassen demonisert, borgarskapet frikjent for all skuld.
Dette vil Fløgstad gjerne gjere om på, og som ei motvekt gjeng han inn for å demonisere borgarskapet og frikjenne arbeidarklassen. Storparten av boka er vigd til dette.
Han startar med ei utstilling på Fagernes i 2013, med tittelen «Folkemusikk og Nazisme». Utgangspunktet var at folkemusikaren Ola Brenno var så uheldig å bli avfotografert saman med Heinrich Himmler, og at dette fotografiet blei nytta i Nazi-propagandaen. Dermed blei det ei slags oppfatning at det var ei slags kopling mellom folkemusikk og Nazisme. Men Fløgstad viser gjennom fleire eksempel at i den grad det var koplingar mellom nazismen og musikkmiljø så var det ikkje folkemusikken som var framtredande, men heller den høgkulturelle klassiske musikken. Altså borgarskapet sin musikk. (At kommunistveldet i Sovjetunionen dyrka den same musikkforma, i den grad dette måtte ha ein relevans for drøftinga, trur eg ikkje at Fløgstad har kommentert)
Og slik held det fram, med eit godt og interessant knippe av eksempel på koblingar mellom borgarskap og Nazisme. Mellom anna er Fløgstad ganske opprørt over at framståande nazistar fekk halde fram i framståande samfunnsroller etter andre verdskrigen. Mykje av denne tematikken er for øvrig bakgrunnen for ein del av handlinga i tre av dei siste romanane hans, Grense Jakobselv, Nordaustpassasjen og Magdalenafjorden (eg har berre lest dei to siste, enno).
Fløgstad sveipar også innom andre tema enn koplingar til Nazismen, mellom anna er han innom Utøya-massakren, og peiker på at Breivik sin agenda som «Marxist hunter» blei nedtona i media. Alt i alt er det mange gode og tankevekkande betraktningar i boka. Eg mistenker på ingen måte Fløgstad for å vere nøytral i drøftingane sine, og det påstår han heller ikkje sjølv. Men for dei som vil gå Fløgstad etter i saumane, så har han vært særs nøye med referanser til kjeldene sine. Lukke til!
Fløgstad er tilbake i sporet han gikk opp med pamfletten Brennbart. Det er engasjerende g medrivende skrevet. Han er flink til å vise til kilder, og han har mange gode poeng. Måten gamle nazister ble kjapt reetablerte etter krigen, mens kommunister ble utsatt for politisk undertrykking blir stilt til skue, og ser ikke vakkert ut. Kulturdebatten han startet med Loven ves for Pecos fortsetter også. Her forteller han nok bare halve sanninga, men det holder kanskje? For Fløgstad er populærkulturen den frigjørende, og nedvurderingen av den et politisk grep. Det er den nok også, men neppe bare. Som i alle sjangre er vel 90% søppel, og jeg tror ikke sjangrene i seg selv er verken mer eller mindre frigjørende enn andre. Du finner hiphop som er svært samfunnskonserverende, og du finner den som maner til opprør, for å ta et eksempel.
Jeg tror også tiden ha gått fra noe av Fløgstads analyse. Dagens eliter skjemmes ikke av å gå på rockekonsert, lese krim eller se på fotball. Tvert imot. Innimellom virker det også som det er vel så mye snobbing nedover som oppover. Ikke minst fra politiske eliter. Enkelte strømninger på venstresiden går også i den fella at legitim eliteskepsis slår over i ren antiintellektualisme. Da er man på ville veier. Men nå skriver jeg jo bare om det Fløgstad ikke har skrevet om. Han må selvsagt ha lov til å sjøl bestemme hva som skal være tema for boka. Den er absolutt verdt en gjennomlesning.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketDenne boka tar opp alvorlege emne. Skulle eg likevel komma i skade for å underhalda nokon, får lesarane prøva å ta det med godt humør.
Kinesiske dissidentar får Nobels fredspris, amerikanske dissidentar livsvarig fengsel, eller blir jaga til verdas ende, medan den amerikanske fredsprisvinnaren fører krig over heile verda.
Å gå i teater er meir tvilsamt, der kan det framleis henda at tilskodarane blir utsette for meningsfullt innhald. Og det virkar alltid forstemmande på eit feststemt publikum.
På eit kontor i presidentpalasset i hovedstaden til vår største allierte kan ei gruppe menneske, utan norske protestar, vedta kven førarlause fly skal ta livet av ein stad i verda den kommande veka.
Som kjent fall Berlinmuren vestover, i hovudet på mange venstreintellektuelle, som sidan har rava rundt i omtåka tilstand.
Innanfor den herskande mediale diskursen kunne ein norske forsvarsminister seia at norske pilotar har "levert prestasjoner i verdensklasse" etter å ha bomba eit land utan luftforsvar 588 gonger og ført Libya tilbake til anarki og borgarkrig, etter å ha - saman med NATO - opna vegen for IS og den største flyktningkatastrofen sidan andre verdskrigen, alt som ledd i påstått demokratisering og nasjonsbygging.
I USA har Det nye høgre og Tea Party-rørsla hatt ubegripeleg framgang blant fattigfolk som har alt å tapa, materielt sett, nettopp på politikken til Det nye høgre.