Trans-Sovjet ekspress

gjennom underjordiske katedralar, luftslott og revolusjonære ruinar

av (forfatter).

Vigmostad Bjørke 2017 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.33 (6 terningkast.)

17 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

I 40 år har Kjartan Fløgstad reist i Russland. Frå Sibir til Austersjøen, frå Svartehavet til Kolahalvøya har han sett stadig nye sider av eit forunderleg naboland. No reiser han austover på ny - 100 år etter den store revolusjonen.
I denne boka oppsøker Fløgstad restane av Sovjetunionen slik dei ser ut i dag - arkitektur, byplanar og monument, både revolusjonære ruinar og fråflytta luftslott, utopiar og mareritt. Både i dagens Russland og i andre delar av den tidlegare Austblokka spør Fløgstad kva som står att av dette korte hundreåret med sovjetsosialisme. Og ikkje minst: Kva betyr desse minna i dag? I mur og glas og stål og betong og laminat er ein særegen arv framleis med oss, rett over grensa til vårt største naboland mot aust, som minne om draumen om eit anna samfunn.
Dette er òg ei personleg reise gjennom fem tiår av historia til vårt store naboland i aust.
«Eg har vore forfattar og delegat i Moskva, Tallinn, Jerevan, og i Syftikar, hovud staden i Komi-republikken. Eg har bada i Pitsunda ved Svartehavet. I Norilsk i Nord-Sibir har eg ræppa om E 76 over Haukelifjell på kulturpalasset med 42 grader minus utanfor vindaugo. Eg har drukke kvas frå tankbil og vodka av flaska.» Frå forordet.

Bokdetaljer

Forlag Vigmostad Bjørke

Utgivelsesår 2017

Format Innbundet

ISBN13 9788241912139

EAN 9788241912139

Omtalt tid 1980-1989 1990-1999 2010-2019

Omtalt sted Russland Sovjetunionen

Språk Nynorsk

Sider 383

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 4 1 0 1 0

Bokomtaler

Underhaldande og opplysande, men freistar òg til å bli motsagt.

Fløgstad byder lesaren til å sjå på sovjetisk arkitektur og byplanlegging med friske og helst positive auge. Han hevdar sjølv å vere partilaus, men ser i høg grad på verda med eit ideologisk farga blikk: «I arkitekturen frå det forrige hundreåret fall sosialisme og modernisme verkeleg saman.» (s. 253).

Problemet er sjølvsagt at vi får ei mengd prov på at det ikkje kan stemme. Unge russarar ser på eit vakkert (men tomt) Lenin-museum med eit reint estetisk blikk og skjønar seg ikkje på Fløgstad. «Progressive» arkitektar tek tydelegvis oppdrag for kven som helst berre dei får byggja. Slik sett er det eit innbygd tvisyn i framstillinga, som gjer ho morosam å lesa.

Ei rundreise i Aust-Europa
Med utgangspunkt i Moskva er boka ei reise båe i tid og i geografi. Fløgstad skriv godt om hovudretningar i sovjetisk arkitektur og kunst frå revolusjonen 1917 til samanbrotet åt Sovjetsamveldet (NB!) 1991. Han har reist mykje i Aust-Europa og vitja fjerne byar i Sibir. Han er god til å skildra miljøet og stemninga på dei ulike stadene. Han likar russarar og kviterussarar, men har ikkje den same hugen til estarar, latviarar og litauarar. Dei er etter måten for nasjonalistiske for kosmopolitten Fløgstad.

Alt kan ikkje vere rett
Boka har litt for mange openberre feil. Som eit eksempel skriv han at Noreg var einaste Nato-landet med sams grense med Sovjetunionen under Den kalde krigen. Det hadde òg Tyrkia før Armenia vart sjølvstendig 1991. Om Riga skriv han at byen har ein ny synagoge medan den einaste eksisterande skriv seg frå 1905. På andre punkt er han nok meir ute for å provosere oss som les boka, som når han vil ha det til at sovjetiske forfattarar i mellomkrigstida var betre enn mange av dei mest namngjetne i Vesten. Men han nemner knapt ein einaste russisk skribent frå den tida.

Boka har Einar framifrå, «konstruktivistisk» bokbunad av Øystein Vidnes. Biletutvalet er for ein stor del henta frå fotobyrå og reprodusert i sterke prospektkortfarger. Vil ein sjå fleire bilete frå den siste, ville perioden i sovjetarkitekturen etter 1974, kan eg visa til den flotte Taschen-boka til Frédéric Chaubin.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Bra sagt IKAROS,,eller gorbatsjov,eller sylvi lysthaug,,det samme konsekvensis for samfunet da,.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Mål luftslottet ditt blått, seier diktaren, så slepp du med eitt strøk.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Som eg alltid plar gjera, for å understreka fiksjonens primat, skreiv eg romanen først, og drog tilbake til landskapet etterpå, for å sjå om det stemde.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Realsosialismen heldt fram til den møtte veggen.
Der stod skrifta.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

I Moskva er dei mest slåande monumenta etter arbeiderklassens korte hundreår nyklassisistiske fantasibygg, teikna av førrevolusjonære, borgarleg utdanna arkitektar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Du vil kanskje også like

  • "Da øst ble vest - livet i Europa etter kommunismens fall" av Ingrid Brekke
  • "Etter i saumane - kultur og politikk i arbeiderklassens hundreår" av Kjartan Fløgstad
  • "Hva ville Gerhardsen gjort? - veien videre for Arbeiderpartiet" av Mímir Kristjánsson
  • "Syv netter - roman" av Simon Strauss
  • "Polen - aske og diamanter" av Ingrid Brekke
  • "Haugianerne - 1" av Trygve Riiser Gundersen
  • "Eksil og kongerike" av Albert Camus
  • "Reiulf Steen - historien, triumfene og tragediene" av Hans Olav Lahlum
  • "Anarchy in the UKR" av Serhij Zjadan
  • "Frihetens mødre - jakten på et bedre liv i USA og Norge" av Magnus E. Marsdal
  • "Å leve med Shakespeare - essays" av Inger Merete Hobbelstad
  • "Magdalenafjorden - roman" av Kjartan Fløgstad
Alle bokanbefalinger for dette verket