Sinne

roman

av (forfatter).

Samlaget 2020 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 5.31 (29 terningkast.)

56 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Ingunn Øvrebøs eksemplar av Sinne - roman

Lesetilstand

Skal lese denne

Hylle

ungdomsbøker

Lesedato

Ingen lesedato

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Ingen terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Omtale fra forlaget

ADHD, forelsking og vennskap.

15 år gamle Synne har ADHD. Det boblar og kokar inni henne. Ho skjeller ut lærarar og elevar og endar ofte på kontoret til rådgivaren ved skulen. Rådgivaren vil at ho skal begynne med medisin igjen.

Heldigvis har Synne bestevennen Torunn. Men to nye elevar i klassen skapar problem: Kine, som er ein ufordrageleg influensar med mange følgarar på Instagram, og mystiske og pene Johan, som må ha O'boy og brødskiver med jordbærsyltetøy kvar dag.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2020

Format Innbundet

ISBN13 9788234002151

EAN 9788234002151

Språk Nynorsk

Sider 202

Utgave 1

Tildelt litteraturpris Årets Ulest. Barne- og ungdomsbøker 2021

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

13 12 4 0 0 0

Bokomtaler

Sinne er mye mer enn "bare" en ungdomsbok selv om noen av temaene er typisk for en bok i denne sjangeren. Hovedpersonen Synne har diagnosen ADHD og dermed har hun ikke helt den samme impulskontrollen som andre har og havner ofte i konflikter. Forfatteren er flink å skildre frustrasjonen hennes over å føle seg misforstått.

Forfatteren skriver i et nydelig og lettlest nynorsk språk og er forfatterens debutbok.

Du kan lese hele omtalen min her om det er ønskelig.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

En helt fantastisk ungdomsroman om hvordan det kan være å være ei ung jente med ADHD. Med de utfordringene det er å være annerledes enn andre.

Godt sagt! (1) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Synne går siste året på ungdomsskolen. Hun har ADHD, men hun vil ikke tilbake til medisinene. Dermed har hun ikke alltid kontroll på følelsene sine, og da den nye jenta i klassen kaller henne Sinne, renner begeret over. Denne Kine prøver også å ta fra Synne bestevenninnen, Torunn. Heldigvis finnes Johan. Han som MÅ ha O´boy og brødskiver med jordbærsyltetøy hver dag.
Lettlest og god ungdomsbok om viktig tema. Pluss for alle HP-referansene!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Boka for dei andre ungdommane

Jamt over kjennest det ut som om ungdomsbøker er skrivne for ungdom som allereie les bøker. Forfattar Ann Helen Kolås Ingebrigtsen har skjønt at også resten av ungdommane treng bøker, og det har ho gitt dei. Boka Sinne kan vere akkurat det som motiverer mange av disse barna til å bli lesarar, og som gjer at enkelte barn kan føle seg meir sett enn dei har gjort tidlegare.

Boka handlar om femten år gamle Synne som har ADHD. Gjennom skulegangen har ho møtt fordommar og hatske ord på grunn av diagnosen, og den er eit veldig sårt tema for ho. Gjennom boka får vi eit innblikk i korleis barn med ADHD blir møtt både av medelevar og vaksne, og kva det kan gjere med dei.

Nettopp dette er ein av bokas største styrkar. Disse barna kan gjerne føle dei lev i eit samfunn der dei er annleis, nett som Synne kjenner. Der dei ikkje følgjer normalen. Ingebrigtsen sett ord på korleis det er å bli møtt med mistanke og skuldingar i mange situasjonar der ein i utgangspunktet ikkje har gjort nokon ting. For barn som opplever dette i det daglege kan Synne vere ein gallionsfigur. Dei kan endeleg sjå seg sjølv, kjenne seg sett, og kanskje ha lettare for å sette ord på og forstå ting sjølv.

Går mot straumen

Der ein del bøker generelt, og ungdomsbøker spesielt, ofte appellerer til unge leseelskerar, veljar Ingebrigtsen i sin debut å rekke ut ei hand til dei som ikkje nødvendigvis går på biblioteket så ofte. Dette er eit risikabelt trekk; her går ein etter ein marknadsgruppe som sjeldnare kjøper bøker. Bøker som denne endar ofte som lærarmat; lærarar og bibliotekarar kjøpar dei inn i håp om å nå gjennom til barna, men så stopper det der.

Likevel trur eg Ingebrigtsen kan lukkast på dette punktet, nett fordi den verkar så verkelegheitsnær. I laupet av boka skjer det aldri at ein tenkar at det som skjer er usannsynleg. Snarare tvert i mot; om ein har jobba med barn og unge kan ein kjenne igjen mange handlingsmønster i denne boka. Samtidig så klarar ho å halde det godt ankra i ungdommens, Synnes, perspektiv, og det trur eg kan vere med å dra inn disse barna i bøkenes verd.

Bøker som denne er viktige fordi dei gir grupper som har det vanskeleg eit andlet. Dei er viktige fordi dei er ein nyttig måte for lærarar eller sosialarbeidarar å nå gjennom til unge menneske. Men dei er òg viktige fordi det er den type bok som kan fenge dei som framleis ikkje har funne si bok. Denne boka kan fort vere inngangsporten til litteraturens verden for mange ungdommar, og det er kanskje det viktigaste med den.

Velkjent ungdomstematikk

Det er mykje med denne boka ein har sett i andre ungdomsbøker. Det er ulukkeleg, og seinare lukkeleg, forelskelse, det er misunneleg og misforståingar, det er usikkerheit og utolmod. Den følgjer på mange måtar eit ungdomsroman-mønster som er velkjent og prøvd. Samtidig er det element her som gjer at denne boka skilar seg ut i mengda.

At den tar for seg problematikk med ADHD og andre diagnoser barn får, for eksempel, og representerer disse barna på en rettferdig måte, er noko ein sjelden ser ellers. Eg har lese bøker med noko av den same tematikken, men få, om nokon, gjer det like bra som denne.

I tillegg tør Ingebrigtsen å vise det stygge. Ho skyr ikkje unna å vise korleis nokre lærarar automatisk trur på det andre barnet når dei skuldar på «problembarnet» med ADHD. Ho skyr ikkje unna korleis nokre ungdommar kan vere utruleg vonde mot kvarandre, utan nokon tydeleg vinning i det, og kva det gjer med kjenslene deira. Den visar det stygge så tydeleg og hardt at det til tider gjer vondt å lese. Om lag halvvegs måtte eg ta ein pustepause fordi eg var genuint opprørt. Det er eit kjenneteikn på god litteratur.

Må nå lengre ut enn skulen

Sinne er som sagt ei sånn bok som vaksne som jobbar med barn og unge gjerne leser, og prøvar å få ungdommane dei jobbar med til å lese. Verdien av boka er så openbar, at ein trenger ikkje lese mange sider før ein ser nytten av å gjere dette. Og sjølv om dette er veldig verdifullt, treng denne å få eit liv utanfor skulens fire veggar.

Alle kan lese denne boka, og den er bra nok til å leve eit langt liv. Men då er den avhengig av at det ikkje berre blir eit skuleverktøy, men at den òg blir litteratur som høyrer heime i heimen. Eg vil anbefale barn som har møtt nokre av dei same utfordringane til Synne å lese denne. Samtidig vil eg kanskje enda meir anbefale den til dei som ikkje har det; det er gjerne dei som treng å forstå korleis alle Synne-ene der ute har det.

Dette burde vore obligatorisk lesing for alle ungdommar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Synne har ADHD og etter en strevsom tid på barneskolen vil hun ikke at de på ungdomsskolen skal vite noe om det, men det er ikke så lett å holde det skjult i lengden. Så begynner Johan i klassen, Johan som får hjertet hennes til å hoppe enda litt raskere og som ser ut til å like henne også! Men den dagen hun skal fortelle hjertevenninnen Torunn at hun og Johan har blitt sammen så rekker Torunn å si noe først - at hun liker Johan og da setter ordene seg fast.

Kine er også ny i klassen, har over 10.000 følgere på instagram og får 500 likes på det nye bildet på bare noen minutter. Kine som stjeler Torunn fra Synne og som kaller henne Sinne bare for å erte. På spielt på skoledoen og på en lapp Synne finner i matteboka har noen skrevet ADHORE og Synne vet at det må være Kine.

Men er ting alltid som de ser ut ved første øyekast? Bok om å ha adhd, være forelsket, krangle med venninner, ikke bli trodd hjemme og konflikter på skolen - lett språk selv om den er på nynorsk (jeg merket det knapt), anbefales til ungdomstrinnet!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Når ein slit litt med lesekonsentrasjonen, men likevel har lyst til å lese ei god historie, då er ein god ungdomsroman fin å ty til. Førre veke las eg to, Sinne av Ann Helen Kolås Ingebrigtsen og Definisjonen av umulig av Camilla Sandmo. Eg likte begge godt, trass i at eg då eg las begge, hadde ei kjensle av at forfattaren prøvde å få inn litt vel mange tema i ein tynn roman.

I 'Sinne' treffer vi Synne som har ADHD og nyskilte foreldre. I tillegg til ADHD og skilsmisse med tilhøyrande utfordringar, er minst seks andre tema tekne opp. Mobbing og forelsking er bare to av dei. Trass i mange tema likte eg boka svært godt. Herleg å lese ei bok om ein femtenåring, både kjenne seg igjen og ikkje kjenne seg igjen, lære noko, og få ei forteljing som både har godt språk og er truverdig, og som samstundes er tynn (fysisk sett), og med mindre tekst per side enn ei vaksenbok ville hatt. At Synne stadig refererer til bøkene om Harry Potter, som også eg er svært glad i, vert ein humoristisk superbonus eg set ekstra stor pris på. Eg blei veldig glad i Synne, og anbefaler deg å lese boka om henne, uavhengig av alderen din. Det einaste ankepunktet eg har om 'Sinne' er dette: Appellerer omslaget til målgruppa romanen eigentleg er skriven for? Det appellerer nemleg ikkje i det heile til meg (eg valde boka fordi eg fekk henne anbefalt, men eg er ikkje i målgruppa, så det speler lita rolle), og eg håper at mange ungdommar vel denne boka i bokhylla ho står i, og ikkje minst les henne. Forhåpentlegvis har eg ingenting å bekymre meg for, og i bibliotek og bokhandlar anbefaler vi jo
bøker uavhengig av utsjånad, og så god som ho er, burde ho vere lett å formidle.

Godt sagt! (0) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

For de som ønsker å lese nynorsk


Godt sagt! (2) Varsle Svar

Vil du lese bøkene som nomineres til bokbloggerprisen

Samlesingsplanen

bilde


Godt sagt! (1) Varsle Svar

Bøkene av Anders Totland skal leses i forbindelse med et forfatterbesøk i skolen - eller tenker jeg å samle viktige ungdomssbøker i denne listen etterhvert som de dukker opp og tas i bruk med elevene - felles lesing og bøker som jeg får anbefalt som godt lesestoff for elevene mine.


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Aldri bli forelska" av Solveig Moen Rusten
  • "Eg er V-vida - roman" av Tone E. Solheim
  • "Utveg - roman" av Erling A. Westgaard Flote
  • "Nordlys" av Dag Otto Lauritzen
  • "Badesommar - dikt for barn" av Ruth Lillegraven
  • "Eg blir her - roman" av Ann Helen Kolås Ingebrigtsen
  • "Du veit ingenting - roman" av Sigrid Agnethe Hansen
  • "Døden i Munkemyra" av Elin Brend Bjørhei
  • "På lag med Jo" av Kristine Rui Slettebakken
  • "Sommerfuglhjerte" av Moa Backe Åstot
  • "Tusenfrykt" av Aleksander R. Kirkwood Brown
  • "Eg skal rive deg i filler - roman" av Therese Garshol Syversen
Alle bokanbefalinger for dette verket