2013
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Forfattaren ville finne ut kven Abraham var, mannen som reknast som stamfar til jødedomen, kristendomen og islam. Han drar ut på leit etter spora Abraham sette i verdshistoria, og i hjartet til menneske som trur. Boka er ei lett bearbeida utgåve av forestillinga Abrahams barn, som hadde urpremiere på Det norske teatret 9. september 2011.
Omtale fra forlaget
Ein mann. To søner. Tre religionar. Svein Tindberg ville finne ut kven Abraham var, mannen som har vore så viktig for milliardar av menneske gjennom fleire tusen år. Dermed måtte han ut på leit, etter spora Abraham sette i verdshistoria og i hjartet til menneske som trur. Reisa gjekk til Midtausten og til Tvedestrand - og undervegs vart det klart at Abrahams barn er nærare knytte til kvarandre enn dei fleste av oss var klar over.
Forlag J.M. Stenersens forlag
Utgivelsesår 2011
Format Innbundet
ISBN13 9788272015328
EAN 9788272015328
Språk Nynorsk
Sider 87
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Men Abraham reiser frå Ur, Ur i Kaldea, Det tredje kongelege Ur-dynastiet. Vi snakker Ur-tida! Her hadde det vore jordbruk siden 10 000 år f.Kr. Her er det storbyar, enorme tempel, matematikarar, fysikarar, bilethoggarar, astronomar, arkitektar og poetar. Kileskrifta er oppfunnen og utvikla... I opphavet var Ordet!
I Norge? Tja. I Norge er vi enno i den yngre steinalderen, nokre spreidde busetninger og ei og anna flintøks. Vi har knapt fått vår første helleristning!"
Men her er verdas første litterære storverk, Gilgamesj, skrive på den tida Abraham utvandrar.
Men kor går grensa mellom sanning og myte? For meg er det kunnskapen om at mangel på kommunikasjon fører til forvirring og kaos, til krig- den djupaste sanninga fra Babylon.
Så- Abraham er den første jøde, og han er stamfar for kristendomen, men Koranen seier: "Abraham var verken jøde eller kristen, han var ein Gud-søkar. Han høyrde ikkje til avgudsdyrkarane".
Og det siste der har Koranen utvilsamt rett i.
Det er berre det at når Koranan seier at Abraham var ein Gud-søkar, som underkasta seg Guds vilje, så heiter det ordet på arabisk, muslim!