2022
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Det har vore skikkeleg tøffe pandemiar i Noreg også før koronaen. Den mest kjente er svartedauden, men også tuberkulose, koppar, lepra og polio har ramma folk og samfunn på brutalt vis. I denne boka fortel Anders Totland om mange av dei verste pandemiane, gjennom skjebnane til enkeltmenneske. Vi får høyre om losen Knud Jensen som blei smitta med kolerabakterien av lapskausen om bord i skipet han førte ut Drammensfjorden. Vi blir også kjent med Marie Myhr som mista halve familien sin i spanskesjuka tidleg på 1900-talet. Mot slutten av hundreåret blei Jacob Hermansen ramma av hiv-/aids-sjukdommen. Han fortel sjølv korleis han opplevde det, og kva for konsekvensar det hadde, men også om korleis livet etter kvart gjekk vidare. Boka handlar også om vaksinar og korleis sjukdomane er blitt slått ned. Vi får håpe det er situasjonen for vår tids verste pandemi òg når boka kjem ut i august. Målgruppe frå ti år – og langt oppover. Spennande og lett tilgjengeleg for barn og unge som liker korte historier frå verkelegheita. Pest og plage er ein frittståande oppfølgar til Den norske slavehandelen, Nattmannen og Lepra. Desse bøkene har til felles at dei handlar om litt ukjente, mørke sider av norsk historie.
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2021
Format Innbundet
ISBN13 9788205545847
EAN 9788205545847
Språk Nynorsk
Sider 62
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Denne ble for mørk og dyster for både jentungen og meg selv, når vi lever midt oppi en pandemi.
Om pandemier i Norge fra svartedauden til korona, og om hvordan sjukdommene har blitt slått ned. Sakprosa beregnet på mellom-/ungdomstrinnet, men ikke forbudt for voksne.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketSakprosabøker som indikerer at det er all grunn til å være pessimistisk. Kall dem gjerne faktabaserte dystopier.