Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
"Felâtun bey og Râkim efendi" (1875) er eit av dei mest kjende verka til den folkekjære tyrkiske forfattaren Ahmet Mithat. Det er ein samtidsroman frå Det osmanske riket, skriven i ein periode prega av vestleggjering. Romanen kan både lesast som ein parodi på feilslått europeisering og som eit bidrag til å setje tradisjonelle samfunnsordningar under debatt.
For å balansere impulsane frå aust og vest, skaper forfattaren to parallellfigurar. Felâtun bey, den europeiserte snobben, lever eit dekadent liv, med alvorlege følgjer. Motspelaren Râkim efendi representerer tradisjonelle, muslimske verdiar og arbeidsmoral. Stilistisk kombinerer Ahmet Mithat impulsar frå populære europeiske føljetong-romanar med ironien i den orientalske forteljartradisjonen og skuggeteateret. Romanen er også eit interessant tidsdokument som gir lesaren eit unikt innblikk i Istanbul på slutten av 1800-talet.
Forlag Skald
Utgivelsesår 2020
Format Innbundet
ISBN13 9788279593102
EAN 9788279593102
Serie Skalds klassikarar
Omtalt tid 1800-tallet
Språk Nynorsk
Sider 217
Utgave 1
Tildelt litteraturpris Kritikerprisen for beste oversettelse 2020
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket