Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Band II av Edvard Hoems store Bjørnson-biografi begynner da Bjørnson med familie flytter inn på Aulestad i 1875. På nokre hektiske månader rustar han garden kraftig opp og dyrkar eit intenst vennskap med folkehøgskolefolket på Vonheim, men før vinteren er over innser han at vennene er av eit anna slag enn han, og garden for stor for hans økonomiske evner. Snart er Bjørnson inne i ei religiøs krise som fører til radikal omvurdering av alle tidlegare standpunkt, og vi følgjer han gjennom sytten års strid mot kristelege dogme og i ein politisk kampanje som endar med å utløyse embetsmannsstatens undergang i Norge. På Aulestad og i utlandet utfaldar han eit enormt brevskifte med ei lang rekke kjende kvinner og menn, svolten som han er på å skaffe seg vennskap og alliansar. Han blir intenst opptatt av Georg Brandes, Amalie Skram, Alexander Kielland, Ole Richter og mange andre. Men det bråskiftande sinnet hans og dei beinharde politiske slaga fører rett som det er til konfliktar som i mange tilfelle blir uopprettelege. I opinionen er populariteten hans også skiftande, men det er meir enn tretti tusen menneske som ønsker han velkomen tilbake til Kristiania etter fem års opphald i Paris. Boka tonar ut med den siste store lidenskapelege forelskinga - og breva hans frå denne perioden blir her offentleggjort for første gong.
Forlag Oktober
Utgivelsesår 2010
Format Innbundet
ISBN13 9788249507474
EAN 9788249507474
Omtalt person Bjørnstjerne Bjørnson
Språk Nynorsk
Sider 620
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Beslaglegginga av Fra Kristiania-Bohemen vart stadfesta ved ein dom i Kristiania Byret 29. april 1886. Forfattaren vart til 30 dagars fengsel. Hans Jæger appellerte til Høgsterett. Da Georg Brandes kom til Kristiania den våren, heldt han eit foredrag om Polen i Den frisindede Studenterforening. På ein selskapeleg samankomst etter møtet gjekk Jæger til angrep på Brandee fordi han ikkje hadde snakka om beslaglegginga av Fra Kristiania-Bohemen i staden for Polen. Georg Brandes svarte spydig:
Jeg vidste ikke af, at De er Verdens Midtpunkt!
Her er dei bøkene i samlinga mi som handlar om Bjørnstjerne Bjørnsons liv og dikting.
Faglitteratur som eg las i 2011.