Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
I denne boka vert vi kjende med ein bygdegut og korleis han opplever verda rundt seg. Illustrert.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 1981
Format Heftet
ISBN13 9788252118889
EAN 9788252118889
Serie Orion
Språk Nynorsk
Sider 158
Utgave 2
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ung mann ser seg tilbake på oppveksten sin
Denne oppvekstskildringa frå 1969 femnar om korte prosatekster, dikt og ikkje minst amatørmessige foto. Soleis skil strukturen, men òg tonefallet seg frå andre forteljingar om barndom på Vestlandet som eg nyleg har lese av Hoem og Hovland. Sjølv om utgåva mi frå 1992 berre er på 156 sider, fann eg boka krevjande å lese.
Vi får vite at barndommen til forteljaren, ca. 1940-1954, er prega av tidlege røynsler med døden, men òg andre skremmande, til dels brutale opplevingar utafor heimen. Vi har å gjere med ein sers sansevar gut, som gjer seg tankar om mangt som går oss andre forbi. Økland kjem også inn på filosofiske tema som han handsamer interessevekkande, som til eksempel relasjonen mellom realismen og det sentimentale. Ifølge forfatteren høyrer dei to omgrepa tett saman. Det er ein vismann på 29 år som har skrive denne boka.
Men det ligg ei trøyst i dette, at vi kan stundom gi namn til det som er gått bort og det som ikkje er til. For av og til kan vi kunsten og ønskjer å bruke den.