Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Ung mann ser seg tilbake på oppveksten sin
Denne oppvekstskildringa frå 1969 femnar om korte prosatekster, dikt og ikkje minst amatørmessige foto. Soleis skil strukturen, men òg tonefallet seg frå andre forteljingar om barndom på Vestlandet som eg nyleg har lese av Hoem og Hovland. Sjølv om utgåva mi frå 1992 berre er på 156 sider, fann eg boka krevjande å lese.

Vi får vite at barndommen til forteljaren, ca. 1940-1954, er prega av tidlege røynsler med døden, men òg andre skremmande, til dels brutale opplevingar utafor heimen. Vi har å gjere med ein sers sansevar gut, som gjer seg tankar om mangt som går oss andre forbi. Økland kjem også inn på filosofiske tema som han handsamer interessevekkande, som til eksempel relasjonen mellom realismen og det sentimentale. Ifølge forfatteren høyrer dei to omgrepa tett saman. Det er ein vismann på 29 år som har skrive denne boka.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Silje-Vera Wiik ValeHanneEllen E. MartolKirsten LundHanne Kvernmo RyeDemeterBjørn SturødSynnøve H HoelPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryHarald KrubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  Jensen