Boka handlar om Ida Ramundo, ei ung enke, og lagnaden hennar og til barna hennar i og rundt Roma under og rett etter den andre verdskrigen. Ida er delvis av jødisk opphav, og lever i angst for at nazistane skal finne ut av dette. I det heile er ho opptatt av å vere usynleg, av å stikke seg fram så lite som mogleg, ja, ho er nærmast sjølvutslettande. Ein får kjensla av at dette er eit karaktertrekk som ville vært framtredande hjå henne uansett ytre omstende.

Ein får servert eit overtydande tidsbilete av livet i Italia på denne tida. Skildringane blir så nære og tydelege at det er lett å sjå for seg dei ulike scenene. Enkelte hendingar gjer sterkt inntrykk, slik som tøminga av jødekvartalet i byen, og lagnaden til gutane hennar. Der er også lyspunkt i historia, ein kan til dømes ikkje anna enn glede seg over forholdet mellom yngsteguten Useppe og hunden Bella. Men totalt sett er boka i ein pessimistisk tone.

Dette er ei lang og innhaldsrik bok. Den er delt opp i 8 bolkar, og kvar bolk startar med eit oversyn over viktige hendingar i verda i denne tidsepoka. Siden desse hendingane er av negativ karakter så heng dei som eit dårleg varsel ved inngangen til kvar bolk av forteljinga om familien Ramundo. Ein får kjensla av at historia er ein malstraum, som dreg menneska under uansett kor gode eller dårlege dei måtte vere. Sjølv om eg for min eigen del har ei litt meir optimistisk innstilling til livet så var det likevel givande å bli med på denne reisa.

Vi hadde denne boka som felleslesing i Lesesirkelen av 2014. Det blei ein lang og god diskusjonstråd.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Margrethe  HaugenHarald KTine SundalHildeKirsten LundToveLinda NyrudHeidiTine VictoriaJulie StensethHelen SkogAndreas BokleserTone HTerje N AbuslandHilde Merete GjessingHenrik  Holtvedt AndersenBjørg L.Amanda AAvamgeGodemineReadninggirl30Lisbeth Marie UvaagAstrid Terese Bjorland SkjeggerudVannflaskePiippokattaTore HalsaKjell PTore OlsenCamillaSiw ThorbjørnsenReidun SvensliAnn ChristinLise MuntheDemeterBerit RAstrid SæverhagenHilde MjelvaConnieBjørn Sturød