Då Dan Brown sin Da Vinci-koden kom ut, blei det spekulert i at han hadde plagiert Tom Egeland sin Sirkelens ende. Etter min meining er bøkene så ulike at slike spekulasjonar er grunnlause. Derimot meiner deg det kan vere grunn til å spørje seg om Egeland har latt seg inspirere av Da Vinci-koden i oppfølgar-boka si, Paktens voktere. Her er drivast nemlig handlinga framover av kodeknekking og historiske rebus-løp etter same same malen som kjenneteikner Brown sine bøker.

Når det er sagt, så har Egeland laga ei framifrå røvarhistorie der historiske fakta er sausa saman med rimeleg luftige spekulasjonar. Midt i dette finn vi Bjørn Beltø, den sympatiske anti-helten som ved hjelp av ein god porsjon staheit og eit godt nettverk av kontakter greier å nøste opp i eit eldgamalt komplott. Vatikanet har sidan vikingtida freista å finne og legge beslag på eit manuskript som ville rokke ved bibelhistoria, og når Beltø tilfeldigvis kjem på sporet av dette manuskriptet blir det raskt utrygt å vere arkeolog.

Historia er godt skrive, Beltø er tidvis ein vittig kar med mange underhaldande kommentarar og betraktningar, og drivet i forteljinga er såpass bra at lesaren ikkje finn tid til å stoppe opp og tenke over korvidt historia er sannsynleg eller ikkje, eller til å dvele ved logiske manglar i plottet. For slike manglar er der nok, men å hefte seg opp i dette blir om lag som å kage over at der er rådyrkjøt i hjortegryta sjølv om gryta smakar framifrå.

Dette er ei bok som er skrive for å underhalde, og eg let meg underhalde frå første til siste side. Knallbra, og eg gleder meg til dei to øvrige Beltø-bøkene som stend ulest i bokhylla.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundVibekeKristineBjørg Marit TinholtTine VictoriaInger-LiseSolingar hMonica CarlsenSiv ÅrdalLibris50PiippokattaNorahTone SundlandTanteMamieEivind  VaksvikRisRosOgKlagingIngeborg GLailaStig TNils HHegePär J ThorssonKaramasov11Readninggirl30Cathrine PedersenHanne Kvernmo RyeFredriksiljehusmorCecilie EllefsenTove Obrestad WøienAlice NordliReidun SvensliHilde AasnurreBente NogvaEileen BørresenStein KippersundTone HSigrid Blytt Tøsdal