Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Tjerand Fonn ser linjene i barokkskulpturen slynga seg inn i hans eigen kropp. Den grunnrike Pål Seland svinger ljåen over plenen slik han lærte det i utslåttene. Preikestolen i Stavanger Domkyrkje fortel ei erotisk historie. Gro Ruud er ein politisk komet frå låglandet austafjells. Over heile Europa trugar storflaumen med å fløyma over det politiske landskap. Leo Silber tryllar fram nakne kvinner og kappløver frå Moskva til Amsterdam. Samson Avsenius kjører att og fram gjennom forteljinga. Papirhistorikaren Johann Georg Bouziane finn vassmerke på blanke ark og under flaumen av typografiske teikn. Over heile forteljinga kometen på himmelen, fiskane i havet, fridomstreet i jorda. Og pengane som snurrar rundt og rundt: Mynt og kron. Kron og mynt. "Fløgstad på sitt beste" (Dagbladet)
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 1998
Format Innbundet
ISBN13 9788205255067
EAN 9788205255067
Språk Nynorsk
Sider 521
Utgave 1
Tildelt litteraturpris Brageprisen Skjønnlitteratur 1998
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketSnart sat Tjerand Fonn side om side med ei perlerekke av unge damer i alle aldrar, med perlekjede i halsen, silketruser under foldeskjørta, perlerader i munnen når dei smilte, ei stor perle i nål på cardiganblusen og stjerner i augo, medan flittige hender, prydde med perleringar, tok notat og fylte opp førelesningshefta med stenografiske referat frå dosent Harris Stenvigs populære førelesingar og seminar.
Tida kravde halvåndelege, halvradikale, halvreligiøse, halvreaksjonære, halvheterofile, halvkritiske åndshøvdingar. Her låg Tjerand Fonn godt an.
Eg skal eta for han far, seier Pål Seland.
Rett som det var dukka Pål Seland opp på teve og predika marknadens velsigningar. Han var profittens profet. I tillegg kasserte han nå inn på profetens profitt.
Fruen frå havet og fruene frå havene, Nora Helmer og Hedda Gabler har alle saman felles stamfar: den vidgjetne fidusfiskaren med snadde og sydvest. Han er også far til sigøynardama med nakne aksler og djup utringing. I tillegg har ho prostitusjonserfaring og rett til overgangsstønad etter tolvte veke. Tåra på kinnet til den vesle fidusguten til fruene og fiskaren frå havet kjem av at han er incestoffer. Og det som avisene kaller litteratur, er stort sett mellomlagskitsch som kappast om å gi den beste skildringa av Lektor i solnedgang.