Vil nok gjerne lese denne
hvorfor vond?
Nei og nei, fæl bok allerede da jeg var femten, tør ikke tenke på den nå
Ei sterk skildring av det å vere annleis i ei lita bygd kor alle kjenner alle. Dei fordømmande blikka og stemmane til folk flest blir godt skildra. Ei bok eg kjem til å lese fleire gonger.
Eg synest Hvis jeg blir har eit fengande plot og ei god spenningkurve, men med ein del språklege og forteljartekniske svakheiter som trekker ned. Eg har skrive meir om boka her: http://boklesebloggen.blogspot.com/2009/08/hvis-jeg-blir-gayle-forman.html
Då eg las denne, lo eg så høgt at folk kom og spurde kva som var gale! Veldig morsom. Og sjølv om boka er mest morsom, er det veldig interessant korleis ho problematiserer dette med å skrive om verkelege personar, og stiller spørsmål ved hukommelse og minner som subjektive fenomen.
Dette er eit av sommarens store høgdepunkt. Eg blir så imponert over måten Petterson klarer å skrive om forhaldet mellom mora og sonen. Boka får fram begge sider av ein komplisert relasjon - noko som imponerer meg. Eg har skrive eit lengre blogginnlegg om boka her: http://boklesebloggen.blogspot.com/2009/08/tilbake-fra-ferie.html
Eline: Denne sjølvmedlidinga du skriv om, blir på ein måte kommentert i boka gjennom mora sine utsegn. Eg får ikkje utelukkande sympati for Arvid, og eg trur at denne avstanden som blir skapa mellom lesar og forteljar i boka er ein del av det eg synest er så genialt med boka; nemleg at lesaren får sjå historia frå mora si side, utan at mora "får ordet" i løpet av forteljinga.
Eg las The kite runner av same forfattar på engelsk. Den syntest eg ikkje blei like klam. Så det kan godt hende at mykje ligg i omsettinga. Eller at eg rett og slett kjenner det norske språket så mykje betre enn det engelske, og dermed i større grad let meg irritere over klisjèar på norsk enn på engelsk.
Eg la også bort denne etter omkring 100 sider. Eg har gitt henne ein sjanse, men eg blei ikkje engasjert. Det var rett og slett litt kjedeleg. Og det er ikkje første gongen eg ikkje har likt bøker som har fått gode kritikkar.
Djupt uenig igjen. Can skriver om noe viktig, så langt er jeg enig. Men han skriver rørende, berørende og med en patos som nok stammer mer fra Kurdistan enn fra Sverige. Jeg brukte noen titalls sider på å vende meg til adjektivene og, den som sagt litt fremmede patosen, men derfra og ut var boka en opplevelse. Jeg skjønner ikke hvorfor den skal sammenlignes med en roman, på samme måte som Åsa Linderborgs bok, opplever jeg den først og fremst som en fortelling om kjærlighet mellom forelder og barn
Disse bøkene blir bare bedre og bedre for hvert nummer en kommer ut i serien. Med unntak for den nest siste, den som er på kino. Herregud som han sutrer i den boka, den godeste Harry. Da ønska jeg egentlig at serien heller skulle hete Hermine Granger(?) og at Harry heller kunne vie seg til noe helt annet
Hurra. Hurra. Hurra. Med denne boka vant solstad kampen om historien.
Fikk denne av hun jeg er gift med den aller første måneden vi kjente hverandre. Det var den første gaven jeg fikk, og for en gave. Den Beste Boka I Verden, i alle fall da jeg leste den.
Må innrømme at jeg aldri fullførte boka, men jeg traff forfatteren i forbindelse med et bokbad. Han var veldig rar. Blei forfatter for å betale spillegjeld om jeg ikke husker feil, og jeg er ikke overraska om han sitter i arresten et sted nå
Denne orka eg ikkje lese ferdig. Det er synd at ein bok om eit slikt viktig tema skal bli øydelagt av kvalmande og oversentimentalt språk. Eg ga opp på side 148. Men eg synest framleis det er eit viktig tema.
Eg er veldig enig i dette. Eg blei fascinert over kor sjølvsagt det er at faren er som han er, frå barnet si synsvinkel. Boka demonstrerer på ein måte at det ikkje alltid like lett for barnet, som ikkje har opplevd noko anna, å sjå at heimeforhalda ikkje er som dei burde vere. Det burde minne oss som har med barn å gjere om at dei ikkje alltid ser at det heime er annleis.
Jon Fosse er og blir ein favorittforfattar. Dette språket hans, korleis klarer han eigentleg å skrive slik? Andvake var ei nydeleg forteljing, som eg skulle ønske kunne vare mykje lengre enn ho gjorde.
Eg blir betatt av språket i denne boka. Det er eit språk som er så enkelt og så finslipt at eg klarer ikkje la vere å bli fascinert over det. Eg tenker at eg skulle ønske eg også kunne skrive slik. Det er ingen personskildringar i boka, men ei rekke dialoger mellom karakterane. Desse dialogane er fulle av nærver og dei skildrar ei rekke spenningsfyllte relasjonar, utan å komme med vurderande tankereferat. Fråveret av handling gjer at relasjonane får lov til å vere i fokus. Dette gjer boka til ei spennande og annleis lesaroppleving. Eg liker det.
Dette er framleis den beste boka eg har lese det siste året! Det er vanskeleg å skrive noko om henne, fordi ho er så veldig mykje forskjellig. Men ho er veldig mykje på ein god måte. Eg gleder meg til å lese meir av Stranger!
Eg klarte ikkje bli heilt engasjert av Lørdag. Historia er fortald gjennom Henry Perowne sine synsvinkel, men i tredjeperson. Til tross for denne tredjepersonsforteljinga har lesaren tilgang til alle tankane og kjenslene til Perowne, og ikkje til dei andre karakterane. Dermed ligg synsvinkelen og forteljaren sine sympatier hos Perowne. Likevel blir hovudpersonen omtala med etternamn gjennom heile romanen. Dette irriterer meg, fordi det skaper ei unødvendig distanse mellom hovudpersonen, som skal vinne min sympati og meg som lesar. Lørdag har ei spennande forteljing med mange interessante betraktningar om samtida, kulturen og verdssamfunnet anno 2003. Historia om Perowne og familien hans, og etterkvart om Baxter si rolle i forhold til dei andre karakterane er spennande og godt fortald. Eg vil gjerne vite kva som skjer vidare på handlingsplanet. Men likevel er det noko i teksten som skaper ei distanse til karakterane på det personlege planet. Sidan dette er ein roman der den personlege utviklinga, tankane og kjenslene til karakterane har fått stor vekt, blir denne distansa forstyrrande. Dermed blir eg verken overbegeistra eller målbunden etter å ha lese Lørdag.