Eg er ein av dei som les relativt lite krim og ytterst få såkalla "kjærleiksromanar". Dette skuldest i all hovudsak at eg i tenåra las alt eg kom over i dei to nemnde sjangrane. Også kom eg bare til eit punkt der det blei litt repetivt. Kvar gong eg las ei krimbok, tenkte eg at dette har eg jo lese før. Og då begynte eg å utforske andre sjangrar.

Nå har eg svært lange lister med bøker eg gjerne vil lese, og eg har ikkje tid til å lese alle bøkene eg ønsker å lese. Bokhyllene blir fullare og listene blir lengre. Og noko må velgjast vekk. Derfor prioriterer eg ikkje å lese bøker som eg har erfart at ikkje gir meg noko nytt. Det kan jo hende eg går glipp av noko, men det gjer eg uansett, kva eg vel bort.

Det er det same med Twilight-serien, eigentleg. Bok 1 og 2 slukte eg, og eg koste meg med dei. Men då eg kom til Eclipse var det mykje det same om og om igjen, og derfor har eg ikkje orka å lese bok 4. Det kunne sikkert vore moromt å lese alle fire, men eg kjenner at så lenge lesetida er knapp og dei ulesne bøkene er så mange, har eg meir lyst til å lese noko nytt, enn noko som følgjer same oppskrifta om og om igjen.

Men eg liker krim - og britisk krim på tv er det beste eg veit.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg må også tenke meg litt om her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg synest tematikken er viktig, men presentasjonen er middelmådig. For meg blir ikkje karakterane heilt truverdige, og det raknar litt. Særleg Little Bee mister eg litt trua på.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Denne er kjempefin. Eg liker godt korleis sårheiten i hovudpersonane blir framstild. Boka er liksom mykje meir enn ei vampyrbok.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg blei ferdig med boka i går, og det er ei utruleg sterk bok. Det er noko med den vâre måten dei to nærmar seg på, som gjer dette heilt spesielt. Og det er jo som Ellen skriv under, noko eige med det ekte livet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Brev 1970-1975 er ei sterk skildring av utviklinga av vennskapet og kjærleiken mellom dei to. Breva er autentiske og det gjer at denne kjærleikshistoria får eit ekte og naturleg preg, som eg aldri har funne i nokon oppdikta roman. Dei to nærmar seg kvarandre, på ein slik vâr og forsiktig måte, og kjenslene som blir uttrykt i breva, blir gradvis sterkare.

Boka er vert å lese, fordi ho fortel denne unike kjærleikshistoria. Og i tillegg til dette, inneheld boka mange svært interessante refleksjonar om arbeidet til dei to kunstnarane, og om uvissa ved å leve eit kunstnarliv. Dei skriv om bøkene dei har lese sidan sist og dei kjem med korte kommentarar til dei siste utspela til Jan Erik Vold og Georg Johannessen i Dagbladet og Vinduet. Dette er med på å gjere boka interessant på eit anna nivå også.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Eg opplever heller ikkje direkte forumvold her inne, bare for å pressisere det. Men eg opplever at det er eit visst meiningstyrrani her. Det blir ropt høgt om takhøgde, eit omgrep som blir misbrukt av, av personar som samtidig som dei krev denne takhøgda er raske med å forsøke å kutte av diskusjonar kor meiningane ikkje samsvarer med deira eigne. I mine auge er ikkje dette takhøgde. Og i mine auge er det å stoppe ei slik utvikling, ein moderatorjobb.

Då bokelskere.no var nytt var det lov å ha ulike meiningar om bøker. Det var lov å like bestselgjarar og det var lov å kritisere dei same bestselgjarane. Og det gjekk ikkje til personangrep - det var heile tida fokus på boka og det var lov å vere ueinig om boka.

Nå opplever eg at nokre meininger og synspunkt er legitime, andre er det ikkje. Og når dei ikkje-legitime synspunkta blir uttrykt (noko eg for eksempel som "ny", heilt uvitande gjorde i Drageløper-tråden), blir ein forsøkt stoppa frå å ytre si meining, gjennom personangrep og usaklege kommentarar. Ikkje nok med det, men dei ueinigheitene som oppstår i den eine diskusjonen, blir tatt med vidare til neste tråd, og ein blir kategorisert på "slik" eller "slik". I dei samanhengane eg vankar er dette verken god nettikette og det er heller ikkje med på å lage eit godt miljø. Og som eg sa i tråden over, hadde det ikkje vore for stjernene eg fekk på innlegga mine, ville eg meldt meg ut herifrå, etter den velkomsten. Heldigvis fekk eg desse positive tilbakemeldingane, som viste meg at ikkje alle medlemmane her inne stod bak dette meiningstyrraniet.

Eg meiner at moderatoren si oppgåve er å gripe inn, når fokuset blir flytta frå sak til personangrep. Og eg synest det er skremmande at dette personfokuset er så allment akseptert her inne, som det åpenbart er.

Men det kan jo hende eg tar feil. Det kan jo hende at det er eg som har ei rar oppleving av kva som er god forumskikk og ikkje. Eg trivst i alle fall i betre i miljø som er litt åpnare og litt romslegare, enn det eg opplever at bokelskere.no har utvikla seg til å vere.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Ja, det stemmer. 2 klasse på det som tidlegare heitte allmennfag.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er så glad for desse linkane - dei er superfine (også går dei rett inn i 2ST-pensum).

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg rekna jo med at den versjonen til avisene er litt einsidig. Likevel er det vel slik at det er nokre forlag som eig Bokskya og nokre som må betale. Korfor har de ikkje gått inn i ei inkluderande løysning, kor alle kan vere med å eige på same premissene?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Heng ikkje dette saman med at ein automatisk startar ein ny diskusjon, når ein kommenterer ei bok ein har lese?

Om eg nå legg inn ein kommentar av typen "Sterk lesaroppleving! Denne kan eg anbefale", når eg er ferdig med Stalins kyr, betyr ikkje dette at eg forventar svar på denne kommentaren. Men det kan jo hende eg tenker feil?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er sikkert kjempekjekt å endeleg ha komme i mål med eit så omfattande prosjekt. Gratulerer!

Men eg lurer på ein ting, og det er dette med eigarskapet som ekskluderer dei små forlaga. Kan du komme med ein litt mindre tabloid forklaring på korfor de har vald å gjere det på denne måten, enn den vi får gjennom Dagbladet? Eg merker at eg blir skeptisk av det eg les i avisene.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk for nok eit nyttig tips!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er jo fint at vi er forskjellige :)

Eg liker som sagt å lese om bøker, og opplever det som berikande.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg abonnerer på omlag 120 norske og svenske bokbloggar i google-reader, så det blir litt omfattande å legge ut linkar. Men eg har ei (ikkje heilt oppdatert, dessverre) liste i margen på min blogg her. Elles har jo ei som heiter Anita laga ein fabelaktig oversikt her, over norske bokbloggar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg tenker kanskje spesielt på den tidvis ufine tonen, eg opplever at har utvikla seg her. Kan hende eg tar feil, men eg synest det er ein aggressiv tone i måten folk svarer på. Og det synest eg er med på å gjere det mindre hyggeleg å bruke fritida mi her.

Trådar utan svar, mange trådar om same emne og liknande er ikkje så farleg, for min del. Men eg reagerer på måten folk snakkar til kvarandre. Og så lenge det er snakk om at folk skal våge å poste her inne, er det litt viktig at det er ein god tone og at det er rom for ulike meininger. Sjølv kom eg inn her for tre veker sidan og fekk denne velkomsten. Hadde det ikkje vore for stjernefuksjonen som gav meg positiv feedback i tillegg til den øredøvande negative responsen (på første innlegget på to år), hadde eg meldt meg ut same dagen. Og eg reagerer generelt på den skarpe tonen og dei stadige personangrepa i diskusjonane.

I andre fora med tydeleg moderering, veit eg at debattar som er i ferd med å spore av frå ein sakleg debatt til eit utriveleg munnhuggeri av typen over blir stoppa med moderatorinnlegg av typen "Her er vi da ikke så selvhøytidelige", eller liknande. Det er svært effektivt, og det er med på å skape ei positiv stemning i forumet. At ein slik kommentar skal ha ein effekt, krever jo sjølvsagt at moderatorar er litt ydmyke og at alle veit kven dei er.

Denne tendensen til personangrep som stadig gjentek seg i diskusjonar, som sporar fullstendig av, har eg sett i andre fora uten tydeleg moderering. Derfor kallar eg det barnesjukdom.

Eg seier ikkje dette for å vere ufyseleg, eller for å henge ut nokon, men eg seier dette fordi eg liker konseptet bokelskere.no, og fordi eg har sett andre fora gå til grunne på grunn av mykje av det same som skjer her. Eg ser og at mange av dei som var aktive for eit år sidan, ikkje er aktive nå lenger. Det kan jo ha ulike forklaringar, men når ein ser at ressurspersonar trekker seg ut av eit forum, samtidig som det blir mykje negativitet, er det symptomer på at noko kanskje ikkje er slik det kunne ha vore.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Ein god moderator vil ikkje retusjere innlegg på ein ubehageleg måte. Ein god moderator vil komme med vennlege innlegg, som bremsar usaklege diskusjonar og rydde opp i tråd-kaos. Og dersom ikkje moderatoren evnar å gjere dette på ein vennleg måte, er det ikkje rette oppgåva for vedkommande.

Eg er ganske nettvant, og eg merker stor forskjell på fora med tydeleg moderering og utan. Og dette forumet har ein del av dei "barnesjukdommane" som forum utan tydeleg moderering ofte har.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Moderatorane si oppgave skal ikkje vere å skremme bort nye medlemmer med å fortelje dei at dei gjer alt feil, snarare å sikre at nye medlem blir ønska velkommen på ein god og triveleg måte.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Det er jo også sant - sjølv om omtalene der sjeldan er subjektive, står eg på fleire epostlister for å halde oversikt over kva som rører seg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg opplever sjeldan at det å lese om bøker er med på å hemme meg i å danne mi eiga oppfatning av det eg skal lese. Eg opplever at det er med på å berike lesaropplevinga og gi meg gode innspill til kva eg skal lese. Når eg les om litteratur, er eg oftare interessert i artiklar på eit litt høgare abstraksjonsnivå enn dei reine anmeldingane. Dei skumles eg. Men artiklar som tar opp litt større filosofiske spørsmål rundt forfattarskap og liknande, er eg veldig glad i å lese.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

somniferumHarald KBerit B LieBerit RKetilsveinEgil StangelandIreneleserellinoronilleKirsten LundNorahTone Maria JonassenMorten Jensenandrea skogtrø egganKaramasov11ingar hRandiATorRufsetufsaSynnøve H HoelRagnar TømmerstøAnne Berit GrønbechMarit AamdalritaolineEvaAmanda AElinBeReidun SvensliAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBente NogvaVannflaskeTovealpakkaEli HagelundSigrid NygaardPiippokattaEivind  VaksvikGroHilde H HelsethRoger Martinsen