Eg har lese Stalins kyr av Sofi Oksanen, og det var verkeleg ei stor lesaroppleving eg kjem til å hugse.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nå har eg lese gjennom den norske lista som ligg her og her er det 18 bøker meir eg har lese. Så det kjem visst litt an på kva liste ein bruker også.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Då er kanskje ikkje du med på ei bok i månaden?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

God plan!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det synest eg er ein god plan. Ei valfri listebok i månaden (også kan vi jo nemne i omtalene at det er frå lista eller noko slikt). Dersom vi har lyst til å gå saman ein gjeng å lese ei av bøkene saman (som i DQ-prosjektet) avtaler vi bare det når det passar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ikkje så veldig lang tid. Også har eg lagra det i ein blogpost og i eit excell-ark, slik at eg kan oppdatere lista etterkvart som eg les fleire. Men så har eg alltid hatt eit par ulike former for listemanier, då, og synest slikt er veldig morsomt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ikkje meir enn 200... (det er ein grunn til at eg på grunn av kjøpestopp, bruker biblioteka aktivt, nå for tida).

Eg prøver også å lese ut av hyllene og sortere kva som er verdt å ta vare på og ikkje. Så eg har same motivasjon for å lese Don Quixote, som du har for å la vere.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja! Dette er ei veldig god bok. Ho fortener all hypen ho har fått.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ikkje bli motlaus, bli inspirert til å lese meir!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har eigentleg bare tenkt å lese ei vilkårleg bok frå lista i månaden, ikkje sånn denne månaden les alle denne boka. Det er ikkje er alle som fristar like mykje - eg kjem ikkje til å lese John Irving. Ringenes herre er eg heldigvis ferdig med. Eg kjem også til å følgje med på samlesinga som Linesbibliotek har dratt i gang, og begynne med Elskeren av Margueritte Duras.

Vi kan jo godt bli einige om nokre bøker som blir lesne saman, som dei to du nemner. Eg har meldt meg på Don Quixiote-samlesinga, og det er også ei slik bok.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, stemmer det. Eg trur eg har sett den eit par gonger.

Eg les også ei rekke bøker, som ikkje står på denne lista. Eg synest i alle fall det er eit spennande utgangspunkt for å organisere lesinga, i alle fall så lenge eg har såpass mange av desse bøkene ståande utan å ha lese dei.

Men ja, barne- og ungdomslitteratur og dramatikk og lyrikk ser ut til å vere heilt borte. Så det er nok avgrensa til voksne romanar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er nokre manglar, ja. Eg synest det ser ut som om det bare er romanar, det er i alle fall einaste forklaringa eg finn på at både Ibsen og Shakespeare manglar heilt. Også synest eg for eksempel nokre forfattarar som John Irving, Philip Roth og Salman Rushdie har fått veldig mange titlar, til fordel for andre forfattarar som er forbigått.

Det finst visst ei skandinavisk liste også, med litt fleire norske, svenske og danske bøker. Eg har ikkje funne ho, men det kan hende det er fleire bøker der.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Lista over 1001 bøker ein må lese før ein døyr florerer for tida i norske og svenske bokbloggar. Sjølv har eg, etter ei gjennomlesning funne ut at eg har lese 36 av desse bøkene (oversikt her ) og eg har 63 av desse bøkene ståande ulesne i bokhylla mi. Det er langt fleire både forfattarnamn og titlar eg tenker at eg har lyst til å lese, så derfor har eg blitt einig med nokre venner om å lese ei bok i månaden frå denne lista.

Korleis står det til med dykk andre her inne? Har de lese mange av desse bøkene? Og dersom det er fleire som har lyst til å bli med på å lese ei bok i månaden, er det veldig morsomt. The more, the merrier...

Lista er visst for lang, i forhold til kor langt eit innlegg har lov til å vere her på forumet, men ho ligg i bloggen min.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ja, det merkar eg også at eg gjer - eg får meir inspirasjon til sjølve lesinga, både her og gjennom å følgje med på bokbloggar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg trur Hustvedt-fanen i meg ville hatt det betre om eg ikkje hadde lese denne boka. Om du skal lese Hustvedt på sitt beste er Det jeg elsket, The Sorrows of an American og The Blindfold svært gode. Eg veit ikkje om eg klarer å seie at ei av desse er den beste, men dei leverer, i motsetning til Sommeren uten menn. Eg synest Sommeren uten menn virkar litt halvferdig, på ein måte.

Men ikkje gi opp Hustvedt etter denne boka. Gi ho ein sjanse til å vise kva ho kan, i ei av dei tidlegare bøkene hennar. For ho kan, verkeleg!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mi bokhandling er relativt konstant. Eg får gode tips i bloggar, her og i aviser og tidsskrifter, og eg trur ikkje eg kjøper fleire bøker på grunn av Bokelskere. Eg kjøper kanskje andre bøker, men ikkje fleire.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg var veldig begeistra for Den lukkede bok og blei tilsvarande skuffa over Din nestes hus. Det er rart at ein og same forfattar, kan levere to så ulike produkt, synest eg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

What I loved er ein av mine favorittar - den anbefaler eg verkeleg!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg synest Hustvedt får til det å blande intellektualitet og sensualitet på ein mykje betre måte i den andre bøkene sine. Men Sommeren uten menn Blei eg oppriktig skuffa over. Det er som om dei ulike delane ikkje heng heilt saman, og alt bare blir oppstykka og tidvis påtrengande og kaotisk.

Det er mange små historier, både om desse eldre enkene og tenåringsjentene som blir litt halvferdige og amputerte, synest eg. Det er litt synd, for både plottet og alle dei små historiene har potensiale, men det blir ikkje innfridd.

Nei, Siri Hustvedt levde ikkje opp til forventningane mine, denne gongen.

Eg har blogga om boka her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er mange faktorar som speler inn, ja.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Karamasov11ingar hRandiATorRufsetufsaSynnøve H HoelRagnar TømmerstøAnne Berit GrønbechKirsten LundMarit AamdalritaolineEvaAmanda AElinBeReidun SvensliAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBente NogvaVannflaskeTovealpakkaEli HagelundSigrid NygaardBerit B LiePiippokattaEivind  VaksvikGroHilde H HelsethRoger MartinsenDemeterStig TKristine LouiseKjell F TislevollFredrikTine SundalTurid KjendlieAnne-Stine Ruud HusevågHarald KPär J ThorssonIngunn SFrank Rosendahl Slettebakken