Korvidt ein ynskjer å lese papirbøker eller ebøker er nok eit personleg val for dei fleste, basert på vane og tradisjon, og då går det gjerne i papirboka sin favør. Eg vil tru det er noko av det same som får folk til framleis å kjøpe musikk på vinyl; det er på eit vis noko mindre framandgjerande ved det. Når det er sagt så er jo absolutt ebøker det fornuftige valet, både med tanke på ressursbruk, distribusjon og tilgjengelegheit, men trykkeria skal jo også ha noko å drive med.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Enig i dette. Den tradisjonelle TV-plattformen er full av irrelevant informasjon. Det at du kan bytte kanal gir ein illusjon av fridom, men systemet er jo grunnleggande totalitært. Dersom TV var utforma etter brukaren sine preferansar ville vi kunne velge nøyaktig kva vi ville sjå til eikvar tid.

Sjølv har eg ikkje TV, og betalar dermed ikkje lisens, men kan likevel fritt benytte meg av NRK sitt Nett-TV- og podcasttilbud, om eg vil. Pengane eg sparar brukar eg heller på kvalitetsfilm og vin.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg trur dette er dei eg har hørt mest på:

Portico Quartet: Isla; Zu: Carboniferous; Håkon Kornstad: Dwell Time; Karl Seglem: Norskjazz.no; Nils Petter Molvær: Hamada

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det blir nok lite nyttig å basere statistikk på dette, men eg førestelte meg at det på ein eller annan måte kan vera mulig å synleggjere at ein eig eit eksemplar av boka. Det kan vera noko så enkelt som ein kategori/bokhylle, men siden den då vil overlappe med dei andre bør han vel kunne utelatast frå kakediagrammet, f.eks.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er vel mange som lånar bøker både til og frå andre. Eg trur dette ville vore enklare dersom det var mogleg for brukarane å markere kva bøker dei eig sjølve.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

+1 for www.capris.no. Bra utvalg!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hmm. Eg las denne før han vart hypa og hadde ingen førestellingar om boka, anna enn at eg hadde lese andre bøker av McCarthy tidlegare, og eg likte den svært godt. Dersom eg hadde lese henne no, trur eg at eg hadde hatt mykje høgare forventningar, og kanskje blitt skuffa. Det er imidlertid ei ganske minimalistisk fortelling, slik eg hugsar henne, og det fungerte for meg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er alltid interessant å få andre innspel på ting som eg sjølv ikkje har likt. Sjølv hadde eg problemer med å leve meg inn i teksten, sidan han verka litt for tilforlateleg og innhaldslaus på meg. Denne typen tekstar har vel ei tendens til å få meg til å byrje å reflektere, noko som går ut over innlevingsevna, sjølvsagt. Eg er usikker på om eg vil lese meir av le Clezio, men tar gjerne imot anbefalingar. :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er ei bok eg har tenkt ein del på etter at eg las ho. Det er noko med samanblandinga av religion og vitenskap, samt framtid og primitivitet, som trekk i dei rette trådane hos meg. Science fiction gjort på ein passe subtil og verknadsfull måte.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kubrick har vel basert nær samtlege filmar på romanar, så ein kan vel ikkje nevne alle, men føler at Ondskapens Hotell (Stephen King) bør skvisast inn.

På den meir kuriøse sida har eg sansen for Luis Buñuel si 1954-filmatisering av Robinson Crusoe (DeFoe).

Coen-brødrene si filmatisering av No Country for Old Men (Cormac McCarthy) var heller ikkje verst.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Flaut er vel ikkje rette ordet, men har lyst til å lese Proust før eg blir gammal.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mulig denne var meir interessant på sekstitalet, men ho framstår for meg som dørgande kjedeleg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Anniken RøilHanne Kvernmo RyesomniferumSt. YngheadHarald KBente L.Egil StangelandKristine LouisesiljehusmorStig TTerje MathisenmgeRandiSraDevoralibrosTove Obrestad WøienDinaTine SundalKirsten LundCarine OlsrødReadninggirl30TanteMamieLilleviIvar SandGrete AastorpgretemorAlex NietoIngunn SBård StøreTonesen81PiippokattaDemeterVannflaskeBjørg RistvedtVanja SolemdalPirelliNikkaBjørg Marit TinholtEmil ChristiansenKjersti SAva