Endeleg ferdig med denne omtykte boka som har vunne mykje virak og omtale i inn og utland. Massevis av omtalar på Goodreads av denne også. Det er ei spesiell historie som skildrast, noko som ikkje har vore skrive om så personleg og direkte i Noreg før, nemleg historia om to unge søstre som vervar seg til IS og prosessen rundt det. Det er ei spennande bok og informerande, lærte ein del om Syria, eit land eg må innrømma å kjenna lite til. Avslutninga kjem litt brått, ein får ikkje vita kva som hender vidare med Ayan og Leila. The book leaves much untold om historien vidare. Eg meiner og håpar Seierstad vil skriva ein oppfølgjar til boka, no som begge søstrene er tilbake i Noreg, og har fått sin dom. Boka kunne godt ha blitt korta ned, den er på rundt 500 sider. Alt i alt ei bok eg anbefalar folk å lesa, ein lærer mykje om ekstrem islam og ein kultur på sida av samfunnet i Noreg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nei, det er mykje oppskryting for å få solgt bøkene

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne boka tok meg lengre tid enn eg hadde trudd å komma gjennom. Litt stor og tung bok å lesa på senga, men men. Boka handlar om over 200 artistar sitt forhold til kristen tru.

Boka er ordna i korte biografiar med mange bilder av platecover til artisten eller gruppa. Dessverre var storparten av desse ukjend for meg og syner at forfattaren er ein generasjon eldre enn meg (eg er fødd i 73). Så mange menn frå hippietida. Men også meir tidsaktuelle artistar som Justin Bieber og Taylor Swift er omtalte.

Nokre gonger føler eg at artistanes forbindelse med kristen tru er ganske tynn suppe, medan andres historie får fram tårene i augo når eit fortvila menneske blir bønnhøyrd av Gud og blir forvandla frå rus, depresjon og andre problem.

Det har vært ei interessant reise i mange artistars liv, storparten amerikanske.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne boka hadde eg gledd meg til å gå fatt på etter masse hype på bokgrupper på Facebook. Eg har tidlegare lest "Skogens usynlige stjerner" av same forfattar og elska den boka. Denne boka levde ikkje opp til forventingane, tykkjer eg. Bevares, det var ei fin bok på mange måtar og det drog seg til med spenning på slutten av boka. Men for lang innleing (250 sider) før alvoret slår inn i boka og me får følelsen av at det verkeleg står om liv og at det skjer under krigen. Men eg er glad for at eg har lest denne boka, trass at den ikkje var like bra som den første eg las av Harmel. Harmel fortel i etterordet kor mykje research og arbeid historien er basert på. Det fanns slike miljø i Frankrike under krigen der jødar og kristne samarbeida om å redda liv ved å gje mennesker nye identitetspapir og skyssa dei over til det frie Sveits. Ei lærerik bok, skriven på ein varm og medfølande måte av Kristin Harmel.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Langdryg bok å koma gjennom. Handla mest om teologi og mystikk, til tider ubegripeleg og diffust. Merkar at forfattarens ortodokse kristendomsssyn ligg langt i frå det luthersk evangeliske. Handla mest om teologi og mindre om kyrkjefedrane per se. Hadde vore ei interessantare bok om forfattaren ikkje var mest opptatt å fremja østleg ortodokse dogmer. Boka kunne gjerne kortas ned, sjølv om den var på rundt 300 sider.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Omfattande og detaljert skildring, i byrjinga i fugleperspektiv, over dei fæle Gulagleirane til Sovjet. Applebaum har gjort eit nitid og stort arbeid med denne dokumentarboka, fullt verdig Pullitzerprisen ho fekk for henne i 2004. På ingen måte er denne boka utdatert, desse leirane er mindre kjend mellom allmennheita enn Hitlers og fortener å løftas fram. Dessutan er fangeleiranes tid ikkje forbi, slike fins framleis i Nord korea og Kina.

Det er ikkje lysteleg lesning og må gjerne fordøyast i mindre bitar så det som forteljest synk inn. Ikkje ei bok ein les på 123 men ei viktig bok om eit underkommunisert emne. Når eg gjekk på ungdomsskulen på 80talet hørte me ingen ting om Sovjets Gulag leirar. Godt at me i dag har høve til å læra om og forstå meir av dette tragiske kapittelet i Russlands historie.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Omfattande og muligens langtekkeleg bok om Russland, historien og kulturen. Men dessverre i ei så lang bok blir det ein del digresjonar og gjentakingar. Beste delen er siste delen frå tøværstida på 80talet og fram til vår tid, det vil sei boka kom ut i 2012. Håpar eg har lært noko, som forfattaren sjølv seier; Russland er eit mysterium. Ikkje så lett å forstå, men interessant.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har følelsen av at schizofreni er endå meir "tabulidelsen" i vårt samfunn. Der er det mykje uvitenhet ute og går blant menig mann.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ei unik bok, som eg no har lest for andre gong. Gøy å bli kjent med det finske lynnet og kulturen, om enn satt litt på spissen. Skulle ikkje tru ei bok med eit slikt tema kunne bli feelgood! For det endar jo bra, trass alt. Hadde vært moro å sett denne som film ein gong.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har denne boka, Tenzin Lakhpa "Farvel, Buddha "med meg som ferielektyre til Hellas og er snart utlest. Interessant og dramatisk livshistorie om ein tibetansk munk som søkte høgste opplysning og frelse hos Buddha og Dalai Lama, og fann trua på Jesus til slutt som gav meining og verdi for han som menneske og sjølve sanninga i den åndelege lengten.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ikkje så mykje om Russland i seg sjølv, men meir om Johansens omgong med intelligensiaen og det kunstnarlege dissentermiljøet i Sovjet på 70talet. Men interessant nok for sæskild interesserte. Ein lærer litt om korleis regimet behandla dei som ikkje fulgte alle kommunistiske reglane, både skrivne og uskrivne. Samstundes får ein inntrykk av at Johansen som vestlig reporter levde i ei Moskva-boble avskåren frå vanlege russarar/sovjetbuare.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det må finnast betre bøker om emnet. Ganske svulstig skrivestil med lange ledda setningar og litt traurig fokus gjorde boka langdryg å komma gjennom trass lovnaden om at den var kort. Går vidare på emnet Russland med nokre bøker av norske forfattarar. Stadig mykje å bli klok på om vår store nabo i aust. Kan dessverre ikkje anbefala denne boka som innføring i Russland som land og historie, les heller på Wikipedia eller Store Norske Leksikon.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hegge er i boka ein dårleg pedagog men ein god pedant...Med det meiner eg at han av og til hoppar bukk over å gje utrrykk ein forklaring, berre kommenterer istaden og digresser. Kunne vore meir forklaring for våre nye landsmenn og unge

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Godt at du seier ifrå

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eit must read, endå meir aktuell enn då den kom ut for snart 15 år sidan. Ali er ei bemerkelsesverdig kvinne, klok og erfaren og tilbyr konkrete grep ein kan gjera i eit samfunn for å motvirka agressiv islamistisk radikal påverkad. Ali erfarer også at radikal islam også har fått fotfeste i Amerika, der ho no bur grunna forfølgelse. Les og bli klok

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ei fyldig og god liste. Fleire eg kunne tenkt meg å sjå nærare på.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Så bra! Håpar du får fat i dei du er interessert i då.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viktig bok om ein vil forstå den russiske propagandamaskina. Ingen lettvektar av ei bok, proppfull av informasjon og eksempler. Anbefales for dei som er interessert i Russlands aktive og aggressive hybridkrigføring på nett.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Her er ein del av dei omsette til norsk:
https://www.lundeforlag.no/cslewis

Las at Lewis skreiv rundt 30 bøker i si levetid.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har berre lest den store boka der alle Narnia-bøkene er samla i rekkefølge for nokre år sidan. Grei lesnad, men ikkje så mykje som gav inntrykk. Har ikkje lest noko av dei teologiske/filosofiske bøkene hans. Men er interessert i å lesa science fiction serien hans som i desse dagar blir utgitt på norsk.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

VannflaskeBerit B LieHegeVanja SolemdalEgil StangelandTanteMamieHilde Merete GjessingTorwebeJulie StensethToveAvaLilleviEirin EftevandKirsten LundAnne-Stine Ruud Husevågingar hJoannPiippokattaEvaCamillaHilde H HelsethHarald KJan Arne NygaardDagfinn JakobsenMonaBLTine SundalBjørn SturødElisabeth SveeHeidi HoltanBjørg Marit TinholtOda Marie HÅsmund ÅdnøyKarin BergMarteLailaInge KnoffBarbro  KnudsenGladleserOdd Hebæk