Flott omtale, Lillevi!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Saman med gemalen har eg sett teaterframsyninga! Den tok lang tid, men synest den viste godt stemninga i romanen. Einaste minuset var språket...ikkje alltid like lett å forstå kva dei sa på dialekt.
Likevel eit godt punktum for boka ...

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Et hotellrom er et merkelig sted. Fire tause vegger som vokter en seng -

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Haha...der fekk du sagt det! Didrik er verkeleg aktiv i store deler av landet i dag....skaper problem for både den eine og den andre...han med! :-)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Då har også eg fullført «Medmenneske» - som gjorde djupt inntrykk på meg- igjen!
Eg synest Duun er ein meister i å skildre hendingar, menneske og stemningar - og kampen mellom det vonde og det gode.
Ragnhild framstår på meg som ei kvinne med så mykje godt i seg- ho vernar Håkon på det mest dramatiske viset. Håkon er feig i mine auge....ikkje minst når Ragnhild reiser for å ta straffa si.

Didrik vert biletet på det vonde i mennesket. Med sine handlingar og veremåte mot sin eigen son viser han både egoisme og mangel på medkjensle.
Eg måtte leite fram mi eldgamle litteraturhistorie- Norsk litteraturhistorie av Beyer- der eg kunne lese:

Den er stramt komponert, dramatisk, inntrengende i sin menneskeforståelse og dyp i sin problematikk. Overfor den lysende, rene Ragnhild står svigerfaren, Didrik Dale, inkarnasjonen av ondskap, psykopatisk krangletrang, såret og forvridd rettskjensle.

Romanen er eit meisterverk, ei bok som stiller djuptgåande spørsmål om menneske. Er det rett å drepe eit menneske for å berge han ho deler livet med?
- Er glad for å ha delteke i denne felleslesinga, stor takk til alle deltakande!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Av diverse årsaker har det gått litt seint med meg...og det er ikkje fordi det er noko med boka som er årsak til det.
Har nyleg avslutta kap to, der Ragnhild er sentral. Duun skildrar henne godt, både utsjånad, bakgrunn og hennar tankar og kjensler. Eg synest også han på meisterleg vis får fram alt som ligg og ulmar i familien, dei smiler i det dei seier ei setning...på same tid som ein kan kjenne at det ligg noko mindre godt under. Det er også mykje tystnad, lite blir sagt- tankane ligg der likevel på godt og vondt. Sterke, gode skildringar!

Håper at eg skal ta meg tid til å lese litt meir seinare i dag, sidan stormen og regnet utanfor her inviterer til det:-)

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Hvorfor kan vi ikke bare ta en telefon og gjøre det slutt? tenkte han mens han halte seg opp trappen ved hjelp av gelenderet. Det er jo faen så sant at forholdet er dødt, ikke sant? Hvorfor må vi obdusere det i tillegg?

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Har lese nokre sider eg også....som deg opplever eg språket som ei utfordring. I tillegg til at Duun brukar ei svært gammal form for nynorsk, og med ord som ikkje lenger er i dagligtale her omkring, så er nokre ord prega av noko (sikkert gammal) trøndersk slang. Iallfall der det er direkte tale.
Men, trur nok eg skal greie å få med meg bodskapen i romanen likevel.
Lukke til!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Etter å ha leita lenge...og lenger enn langt- så fann eg ei tilårskomen utgåve i bokhylla. Boka er prega av tida, utgitt som 3. utgåve i 1972 av Den norske bokklubben. Der er illustrasjonar som Finn Graff er ansvarleg for.
Har lese boka fleire gonger, også gjennom utdanning, men det er lenge sidan no.
Skal bli artig med eit gjensyn...

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Godt Nytt År!
Ser OK ut, det! Ser fram til mange gode bøker og gode diskusjonar i 2020!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

No kan eg sjå fram til "Eleanor Oliphant...", den låg heldigvis under juletreet - saman med ti!! andre bøker. Dessverre hadde eg lese nokre av dei frå før, så då var det godt å kunne bytte. Var så heldig å få "Livet - illustrert" av Lisa Aisato ma. Ei svært vakker bok som kan glede meg meir enn ein gong.
Var faktisk og kjøpte to til av den i dag, eit par i familien ville så gjerne ha, så ha den, så byttelappen min gjekk til det!
Håper at 2020 også kan bli eit godt år i selskap med familie, venner og bøker! :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ser at "Livet -illustrert" vert ein av bestseljarane no til jul. Den står iallfall på mi ønskeliste saman med Eleanor Oliphant har det helt fint.
Der er eit par andre godbitar som også kan gi meg glede, både ved å få og ved å lese..
Sikkert fleire enn meg som har bøker på ønskelista..
Vil også ynskje alle ei God og fredfull jul ! :-)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

...og eg veit iallfall to som kjem til å finne den under juletreet...:-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

No var det jammen godt å "sjå" deg, Jostein! Har sakna innspela dine! Leselyst kan variere hos nokon og einkvar - det er så mangt som avgjer det - ikkje berr bøkene :-)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg las "Ditte menneskebarn" for "hundre år" sidan - og meiner å huske det som ei god bok. Tåler godt eit gjensyn! :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det var leit, Bjørg! Håper å sjå deg likevel- du har ofte gode litterære meiningar!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg blir gjerne med vidare! :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg fann forsynemeg ei god, gammal bokklubbutgåve av "Kungsgatan" i ei litt gøymd hylle i heimen. Stod saman med fleire andre (gode) bøker eg har fått i gåve etter ein kjær familiemedlem. Trur eg skal ta meg tid til å sortere ...ein dag

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg trur eg prøver meg med Allis sønn av Magnhild Haalke ein gong til.

Trur kanskje det er ei bok som vil gjere inntrykk på lesaren, og at Haalke fortener å få kome "frem fra glemselen".
Las ein stad at boka har vore framme hos ein del i 2019. Ein ny biografi om henne kom ut i vår, trur eg...

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Denne likar eg godt, ja!
Har lest nesten halve boka og er fascinert av både språk og foreljarstil! At boka er særegen er det ikkje tvil i hos meg. Berre dei spesielle namna som blir brukt om nokre av personane: Duglaus, Store Fot, Svarte Frakk ...og slaktaren heiter Innvoll! :-)
Glad eg har halve boka igjen!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

LilleviKirsten LundKjerstiReidun SvensliPiippokattaMathiasMarenIngunn ØvrebøJulie StensethVibekeKari FredriksenTore HalsaAnne-Stine Ruud HusevågDemeterSynnøve H HoelToveIngunn SBertyAkima MontgomeryFrode Øglænd  MalminAud Merete RambølSol SkipnesJoakimEli HagelundTone HFredrikEllen E. MartolKathinka HoldenFlettietteritaolineCathrine PedersenVariosaIngeborgElisabeth SveeAlice NordliMarianne  SkageAnneWangGroGunillaKaren Patricia