Sophie vert enke som trettiseksåring. Ho går gjennom mange stadier i sorgprosessen, og trur at det finst ein perfekt måte å vere enke på. Ho vert innhenta av eigne kjensler, og det går raskt nedover med henne. Boka er likevel skriven på ein sorgmunter måte, og er ei god bok å setje seg ned med.
Forfattaren Tordis hamnar i Sandefjord fengsel for fyllekøyring. Her er tonen tøff , og miljøet er heilt annleis enn det Tordis er van med. Fengselsopphaldet vert også ei reise i Tordis sjølv, og går på psyken laus.
Den irske jenta Eilis får ikkje jobb i Irland, og får hjelp til å reise, bu og få seg jobb i Brooklyn, USA. Gjennom den fine forteljinga om Eilis sin kvardag, får vi innblikk i heimlengt og om å bli vaksen, og ikkje minst om vanskelege val og å ta konsekvensane av dei vala ein tek. Lesaren får også innblikk i amerikansk historie på 1950-talet. Boka er svært godt skriven, og er vanskeleg å leggje frå seg.
I brevs form skriv forfattaren til den yngste sonen som har autisme og ADHD. Her kjem det fram korleis sonen si diagnose pregar familien i eitt og alt, og korleis ho påverkar sonen og foreldra sitt forhold til andre i familien. Faren sine tankar om guten si framtid, og om parforholdet mellom mor og far kjem også fram. Boka er sår lesnad, men gjev breitt og godt innblikk i korleis det er å vere foreldre til eit barn med autisme.
Dette er Linda Eide sine telefonsamtalar med mor si om korleis ting var då mora var liten, og korleis ting var då Linda sjølv var liten. Ho skriv godt og morosamt, men det er også svært interessant når ho samanliknar ordningar og haldningar i dagens samfunn med korleis ein løyste og kva ein meinte om dei same tinga frå 1950-talet og framover. Dette er sjølvsagt ei personleg bok, og ein del av det som kjem fram kan synast som personleg synsing, men det er snarare ein styrke enn noko som svekkar boka.
Eg-forteljaren er ei kvinne, eg vil tippe ho er i syttiårsalderen. Ho har vore gift med Simon sidan dei var heilt unge, og dei har tre barn saman. I det siste (det kjem ikkje fram kor lenge det har pågått) har Simon slutta å snakke. Kona trur det er eit val han gjer, og gjennom boka kjem det fram mange episodar frå livet deira og val dei har gjort som kan ha ført til at Simon har valt å bli taus. Forfattaren skriv sårt og vart om misforståingar, fortiing og manglande kommunikasjon mellom ektefeller. Ho skriv verkeleg godt. Vann fortent nordisk råds litteraturpris 2012 for denne boka.
Handlinga går føre seg i Mississippi, USA i 1946. Gjennom stemmane mange av dei som er tilknytta garden, får vi eit bilete av korleis det var i Sørstatane på denne tida, ei tid prega av rasisme og Ku Klux Klan. Vi møter Laura, byjente som har gifta seg med Henry som er frå gard, ektemannen Henry, broren hans James, Florence, som hjelper dei i huset og sonen hennar Ransel, som har kjempa i verdskrigen for USA i Europa og fått oppleve samfunn der han vert respektert som mann, ikkje sett ned på som svart. Vakkert, trist og sterkt. Kan anbefalast!
Året er 1852. Helen Davenport er ugift og jobbar som guvernante og huslærar for ein velståande familie i London. Ein dag les ho ei annonse i menighetsbladet om at ein mann på New Zealand ønsker å kome i kontakt med ei han kan gifte seg med. Helen tenkjer seg godt om, men bestemmer seg etter kvart for å skrive til mannen.
Samstundes vert den engelske rikmannsdottera Gwyneira Silkham på spesielt vis lova bort til sonen av ein såkalla sauebaron som også bur på New Zealand.
Dei to kvinnene reiser på same båt over havet til det nye landet sitt, vert kjende undervegs, og får eit nært og godt vennskap. Framme i det nye landet vert ikkje livet slik nokon av dei hadde tenkt.
Dette er ei sterk historie, og ei bok som det er vanskeleg å leggje bort. Her får vi både ei familiesoge over mange generasjonar, samt innblikk i kolonialiseringa av New Zealand og maorikulturen.
Dette er ei rar bok. Heldigvis er ho tjukk, og heldigvis er ho bra skriven, for det tek tid å setje seg inn i eit univers der hovudpersonen Golden Richards har fire koner og 28 barn. Som ein kanskje kan tenkje seg, vert det i ein slik familie ein del forviklingar. Heldigvis møter vi ikkje stemmane til alle desse 32, men vi ser familien gjennom hovudpersonen (far i huset), yngste kone og det av barna som slit mest med å tilpasse seg ein slik storfamilie. Det er sår og sær lesnad, men det er ei bok eg vil anbefale!
Silvana og den åtte år gamle sonen Aurek kjem frå Polen til England etter den andre verdskrigen. Dei har levd i årevis i skogen, på flukt frå soldatar og krig. I England ventar ektemannen, som har hatt sine eigne redslar i krigsåra. Dette er ei sterk historie om krigen, og kor vanskeleg det kan vere å finne tilbake til kvarandre etter at alt er over. Ho handlar også om kjærleik og tilgjeving og om sterke band mellom mor og son.
Den berømte malaren Amadeu Lax er død, og huset hans byggast om og skal gjerast om til museum. Barnebarnet til Lax, Violeta, er kunsthistorikar, og har reist til Barcelona frå Australia for å kome med råd i forbindelse med ombygginga og eit kunstverk som er malt direkte på veggen i huset. Historier både frå notid og fortid vert fortalde om kvarandre i romanen, og etter kvart vert familiens løyndommar avdekka, nokre av dei svært grufulle. Romanen er spennande og lettlesen. Kan anbefalast!
Nederland på 1960-talet. Hovudpersonen Veronica er i opprør mot foreldra og det etablerte. Ho avsluttar skulen før tida, og tek til med å jobbe som modell. Sidan søker ho seg inn på teaterskulen. Boka vekslar mellom å fortelje frå fortida, då Veronica var ungdom og budde i Amsterdam, og ein notid (frå 1970-talet) der ho har brote forholdet sitt til ein mann og er på reise heim frå Israel. Forfattaren skriv på ein måte som gjer at ein trur på forteljinga, sjølv om det vert vist fram fleire miljø som kan vere svært fremmande for lesaren. God bok frå ein av mine favorittforfattarar.
Dette er ei lita perle av ei bok. Ein lettlesen roman på bare kring 60 sider. Forteljinga startar med at eg-personen, ei ung kvinne, finn ein kasse med ei sag og ein boge på loftet heime hjå mora. Mora veit at kassen tilhøyrde far til den unge kvinna, men elles veit også ho lite om dette. Forteljinga er elles ei forteljing om om oppveksten til kvinna, og om far hennar. Ei sterk historie, der både det som vert fortald og det som ikkje vert fortald er viktig. Varm og fin, men også sår roman.
DET ENDRAR SEG
Me elska kvarandre og vevde våre framtider saman
til eit teppe med mjuke fargar og nokre stygge hakk
Kva skal eg gjera med kjenslene som ingen vil ha?
Eg hamnar så lett ved bord der alt renn ut i snakk
Me er så sprøe framleis Sjølv om mange år har gått
Me har noko som ikkje vil gje seg Som ein sterk motor
Det som var våre rollar ei viktig og langvarig stund:
For meg å vera ein samtaleterapeut For henne å vera mor
Det har endra seg og vorte mindre sentralt for oss
Nå leiter me etter eit mønster der me har plass begge to
Å stå på eigne bein og samstundes vera i hop
Eg sa at me får vel sjå om me ikkje bare kan leva Ho lo
HANDA
Du legg handa di
inn i mi.
Verda tek ein pause.
FØR SNØKLOKKENE
Ein morgon før
snøklokkene har vakna
står eg naken
inne i huset
inne i kleda
og ser lyset lista seg
fram over markene
Mozartsvingar over snø
og rosemåla jordflekkar
Eg lyftar handa
rettar armen ut
og lèt fingeren føra
lyset inn
KVIT VIN I HØGE GLAS
Kvit vin i høge glas
Det er kveld og me sit ved bordet
Eg merkar ei stille
når me snakkar saman
Det er sommarkvelden i våre liv
Me kan bli galne av smerte
av at tida går
Men me sit roleg i smaken av god vin
Eg lengtar etter leppene dine
i staden for dei salte
pistasjenøtene
Eg er galen av kjærleik
og har lyst til å springa rundt
heile stova ein meter oppe på veggen
kasta meg inn under bordet
og skriva kjærleiksdikt
på undersida av bordflata
med svarte bokstavar
Eg har lyst til å kvila hovudet
i fanget ditt
og kjærteikna
den mjuke baken din
til fuglane byrjar syngja
Eg vil kviskra
serbo-kroatiske kjærleikssongar
og kyssa nakken din
når den mjuke morgonen stig
Men det er ein roleg kveld
etter ein lang slitsam dag
Eg sit her med vinglaset
ser på deg, sukkar
Du spør:
Kva er det?
Og eg,
dumskolten,
svarar: Ingenting.
VENT
Kjære, idag er eg
kledd i svart
frå skjorte til hjarta
frå hjarta til auga
Vent på meg
ved min snurpa munn
Vent på meg
bak mi svarte skulder
Eg skal bare gå vegen
frå min barndom
og
hit
EG VIL KOMA INN TIL DEG
Eg vil koma inn til deg
medan du søv
Kjenne angen
den sovande kroppen utstråler
og med eit ord
mildt som ein morgonhimmel
varsamt løfte deg
ut av søvnen
ETTER Å HA TALA LÅGT SAMAN
HEILE NATTA
Heimover tidleg
ein morgon
Skodde over markene
Lutande svarte kyr
Varm svulming
i bringa