Eg skjønner ikkje at ikkje konkurransetilsynet kan få opp auga for kva som skjer, før vi sitt igjen med ein bokhandlarar som bare består av "bestselgjarar".

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg kom til å sjå på desse omslaga, og plutseleg skjønte eg korfor det er lett å sjå føre seg Nesbø som Hole.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Njaei, jeg synes ikke den var helt topp jeg heller. Jeg har lest Murakami før og lar meg lett forlede inn i hans drømmende, men likevel glassklare verden. Det som bremset denne opplevelsen var hovedpersonen Watanabe som jeg opplever at konsekvent ikke gir noe av seg selv. Jeg tror han topper seg selv verbalt når han en gang sier to setninger etter hverandre. Greit nok, pratsomme folk kan bli slitsomt, men det er som om Murakami lar han slippe unna igjen og igjen.

Jeg har skrevet om boka her: http://knirk.wordpress.com/2011/02/08/norwegian-wood-haruki-murakami/

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har deaktivert disse kontoene.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg tenker også at det er ein del av ein større heilskap i forhold til mennesket og den fridommen mennesket har. Vi er frie til å gjere akkurat det vi vil, noko som i denne eksempelforteljinga fører til ei øydeleggjing både av seg sjølv på individnivå og relasjonar på samfunnsnivå. Og i tillegg kjem denne øydeleggjinga av jordkloda på globalt nivå.

Boka problematiserer jo også dette intense ønsket om reproduksjon. Mennesket blir født, og befolkninga aukar kvar veke, men til kva blir mennesket eigentleg født?

Denne fugleinteressa er med på å forsterke det dystopiske aspektet ved boka, og flytte mistrua på mennesket frå eit individ- og samfunnsnivå og over til eit globalt nivå.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg synest problematikken er ganske interessant. Kva er det eigentleg vi menneske gjer med jordkloden vår og korleis forvaltar vi dei ressursene vi rår over? For det er jo ikkje tvil om at vi forvaltar ressursene på ein måte som går på bekostning av andre artar.

Og sjølv om Walter sitt engasjement tipper over i galskap, når han går ut etter alle nabolagskattane, synest eg det er ein del viktige tankevekkarar i akkurat dette. Måten historia blir fortald på, spissformulert til det ekstreme, og gjennom eit engasjement som gradvis tipper over i galskapen, gjer ikkje spørsmåla om mennesket si rolle i økosystemet mindre aktuelle.

Eg tenker kanskje heller at det er eit ironisk aspekt over måten Walter sitt engasjement blir framstilt på. Han blir jo på mange måtar ei personifikasjon over ein person med mykje kunnskap og stort engasjement over eit viktig tema, som ikkje klarer å formidle dette.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det er fordi isbn-nummeret er teknisk gyldig, men vi ikke har boka i databasen.

Isbn-nummere har en innebygd sjekksum som gjør at man kan regne seg fram til om en ti eller tretten siffer lang tallsekvens faktisk er et gyldig isbn-nummer.

Vi oppgir at nummeret er teknisk gyldig slik at man skal slippe å lure på om man skrev rett nummer.

Godt sagt! (1) Varsle Svar
Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ja, eg har dei, men dei får du ikkje ;) Har du prøvd antikvariat.net?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fosse er smal, i alle fall på norsk basis, men på verdsbasis er han jo svært suksessrik. Og sjølv om ikkje alle les han, har dei fleste høyrd om han. Og dermed er han langt frå den smalaste. Han er spesiell og han har ein spesiell stil, men han er allikevel eit namn dei fleste med marginal interesse for litteratur har fått med seg. Eg meiner ikkje å seie jo smalare, jo betre, for Morgon og kveld som er ei av dei finaste bøkene eg veit om, er skriven av Fosse. Men det er mange forfattarar som når ut til ei langt mindre lesargruppe enn Fosse.

Kva eg legg i "smal"? Det er eg jammen ikkje sikker på, og eg trur ikkje eg vil gå ut å kalle ei bok smal. Men nokre bøker har større lesarbreidde enn andre, og dei med smalare lesarbredde kallar eg "smalare" enn dei med stor lesarbredde.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Fosse er vel langt frå den smalaste. Men eg synest det er grunn til å stille spørsmål ved kven det eigentleg er som styrar kva som blir bestselgjarar og ikkje.

Innimellom får jo marknadsavdelinga i forlaga ei overrasking, slik som med Linda Ohlsson si bok (er det Synge stille sanger eller noko slikt ho heiter?), som blei ein bestselgjar som eit resultat av gode omtaler frå lesarar - nedanifrå. Men veldig ofte er eksponering og marknadsføring styrt frå forlaga si side.

Det er jo tydeleg at forlaga har oppdaga at sosiale medier kan brukast til marknadsføring, det ser vi jo på at dei sender leseeksemplar til bloggarar, blant anna.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Akkurat det der er ei sanning med modifikasjonar. Du har rett i at forlagsbransjen får overskot til å ta sjansar på å gi ut smalare litteratur i og med at dei tener mykje pengar på bestselgjarmaskineriet.

På den andre sida blir den smale litteraturen gjerne dytta til side, til fordel for bestselgjarane, når det kjem til marknadsføring i medier og reklame og eksponering i bokhandlarane. Dermed er det også ei viss fare for at dei smale bøkene blir smalare, enn dei hadde vore om alle bøker hadde fått like mykje hylleplass og spalteplass.

Eit eksempel som provoserte meg ganske mykje, var då eg for nokre år sidan hadde lyst til å lese den då nyaste boka til Jon Fosse, Andvake. Eg gjekk innom fleire bokhandlarar for å leite etter denne boka, og først i fjerde butikken fekk eg tak i ho. Det som slo meg medan eg leita etter denne boka var at dei ansette i samtlege butikkar hadde på seg t-skjorter kor det stod "Ligge i grønne enger" på bryst og mage med gigantbokstavar, medan butikken ikkje ein gong hadde tatt inn romanen til Fosse.

Fosse og Ragde kan ikkje samanliknast. Dei har svært ulike skrivestil. Men når dei store kjedane vel å la vere å ta inn Fosse si bok i det heile tatt, kan ein ikkje seie at dei får like premisser. Så sjølv om bokavtalen er med på å gjere at bestselgjarane finansierer smalare utgivingar, er også bestselgjarane med på å ta frå smalare bøker den marknadsføringa og den eksponeringa dei kunne ha fått.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Ja, og det er litt synd, for det er mange gode skildringar av spennande miljø og karakterar, så det kunne vore ei god bok.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sidan eg ikkje kan spansk, tenkte eg at "Rampejenta" viste til jenta som i utgangpsunktet var ein rampete jentunge, første gongen dei møttest. Og det stemmer jo ganske godt. Det at han held fram med å kalle henne det vidare, er -for meg - ei påpeiking av at det var "rampejenta" ho var først.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ladies av Mara Lee er eit anna eksempel på ei svært god bok som bare blir øydelagt av ein dårleg slutt. Ho bygg opp mot ein grande finale, også kollapsar det heile i eit samansurium - det verkar nesten som om det er ein slik nei-nå-er-dette-langt-nok-så-nå-må-eg-slutte-slutt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Little Bee likte eg ikkje i det heile tatt, sjølv om eg er einig i at slutten var spesielt håplaus.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dobbelsjekk gjerne om du har oppgitt rett e-postadresse.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg brukte også litt tid på å vende meg til tittelen, men dette forklarer jo litt meir.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Den siste lenka er frå mars 2010, og det var det siste eg høyrde: at han ikkje ville lage film. Men så står det i den frå oktober at han har solgt rettigheitene til Snømannen. Ergo: Han har ombestemt seg mellom mars og oktober, og vil lage film likevel ;)

Beklager at eg ikkje uttrykte meg presist nok.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg tenkte faktisk akkurat det same, då eg las beskrivinga av Hole som var plassert like under biletet av Nesbø, i lenka du limte inn.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

St. YngheadAnn ChristinKirsten LundPiippokattaTherese HolmBjørg Marit TinholtSolNicolai Alexander StyveKarina HillestadAnneWangIngvild STorill RevheimRandiAJakob SæthreKarin BergEirin EftevandMarenmarithcEster SIreneleserHedvigBeathe SolbergGro-Anita RoenHelge-Mikal HartvedtMarianne  SkageVibekeAndré NesseVariosaSiv ÅrdalIngebjørgHarald KSigrid Blytt TøsdalSissel ElisabethHilde Merete GjessingMads Leonard HolvikEllen E. MartolBirkaGroSynnøve H HoelLinda Rasten