Desse beste-bok-trådane som har vore tidlegare, har vore veldig inspirerande. Så eg tar meg den friheit å starte ein beste-junibok-tråd. Kva for ein junibok er den beste du har lese?


For meg er det utan tvil Never Let Me Go av Kazuo Ishiguro. Denne boka har alt - god og utfordrande handling, godt språk, eit spennande forteljarteknisk grep og ho reiser ei rekke viktige spørsmål, noko som gjer at eg ikkje kjem til å gløyme ho med det første.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det var kanskje å strekke fleksibiliteten i den norske språket litt langt..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Rampejenta av Mario Vargas Llosa er ein flott roman om den vanskelege kjærleiken. Men eg trur ikkje eg ville gitt ho i bryllupspresang.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Den første ferieboka mi blei The Third Angel av Alice Hoffman. Boka er delt i tre, og vi følgjer tre kvinner som på ulike måtar innleiier eit kjærleiksforhold til feil mann i London. I første delen, lagt til 1990 møter vi søstrene Allie og Maddie. Allie skal gifte seg med Paul, som er utru med Maddie i håp om at Allie skal dumpe han. Ikkje fordi han ikkje er glad i Allie, men fordi han trur at ho vil ha det betre utan han. Denne affæra finn stad medan Maddie bur på Lion Park hotell ved Hyde Park, det same hotellet som Frieda, mora til Paul jobba på i 1966, då ho forelska seg i feil mann. 12 år gamle Lucy, som seinare skal bli mora til Allie og Maddie står sentralt i den tredje forteljinga frå 1952. Ho blir brukt som sendebod mellom den kommande bruda Bryn og hennar eksmann, som Bryn framleis er forelska i. Også her finn handlinga stad på det same hotellet. I denne siste delen får vi også svaret på kven det er som spøkar på rom 707 i 1990 og 1966. Dei tre delene blir altså fletta inn i kvarandre på ein litt for tilfeldig måte, gjennom karakterane og hotellet.

Tittelen The Third Angel går også igjen i alle tre delane. Faren til Frieda, bestefaren til Paul er også doktoren som tilfeldigvis kjem på sjukebesøk til Lucy. I alle sjukebesøka han gjer, har han ein engel med seg, anten "The Angel of Death" eller "The Angel of Life" eller "The Third Angel". Dette blir gjenteke eit par gonger for mykje, gjennom dei tre delane av romanen. Spørsmålet om kor vidt det går an å tru på kjærleiken, blir også repetert både av Maddie, Allie, Frieda og Lucy. Det er som om både symbolbruken og tematikken blir for eksplisitt framheva og eg kjenner det som om eg blir litt undervurdert, som lesar.

The Third Angel var ei heilt grei og passe underhaldande bok. Verken meir eller mindre, og spesielt ikkje meir. Eg har høyrd mange godord om Alice Hoffman, og har vore nysgjerrig på forfattarskapet hennar ei god stund. Men dette gav ikkje akkurat meirsmak. Eg veit ikkje kor vidt denne romanen er representativ for forfatterskapet hennar eller ikkje. Det kan jo hende eg bare har vald feil bok også?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tja, jeg er ikke helt ovebevist. Synes den var passe kjedelig og litt for svarthvit. Kanskje fordi jeg ikke jobber i akademia. Kanskje fordi jeg har en annen form for humor enn Helene Uri. Kanskje fordi jeg blir litt svett av kvinnefellesskap som finner samholdet i manneforakt. Uansett - ikke helt overbevist, selv om den absolutt har noen kvaliteter (f.eks. er karakterene godt utviklet). Jeg har skrevet om boka her:

http://knirk.wordpress.com/2011/06/30/kjerringer-helene-uri/

Godt sagt! (3) Varsle Svar

I ettertid har han (Ibsen) blitt bedømt som Norges største forfatter noensinne, men den høyeste anerkjennelse fikk han aldri. Derimot måtte han oppleve at hans venn og uvenn gjennom mange år, Bjørnstjerne Bjørnson, fikk Nobelprisen i litteratur i 1903. Bjørnson har imidlertid selv fortalt at da han skulle hente prisen på slottet i Stockholm, ble han stoppet av en vaktpost. Bjørnson sa da: "Jeg er Norges største dikter, min gode mann". Og vakten slapp ham inn med svaret: "For all del, herr Ibsen."

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Dette skal bli en av sommerens bestselger sies det. Jeg er fan av Kate Morton, så veien var kort til anskaffelse av Lucinda Rileys bok. 600 sider ble påbegynt en lørdag kveld. Søndag morgen har jeg kommet langt. Mannen min spør hva boka handler om. Jeg begynner å fortelle – og jo mer jeg sier jo mer problemer får jeg. Det høres unektelig ut som en skikkelig dårlig dameroman. Skal Lorden ta over slottet hjemme eller velge kjærligheten til den søte thaipiken han møtte på en sydhavsøy under krigen? Kan en ung kvinne komme over tapet av sin sønn og mann, og velge kjærligheten til en mann som tilfeldigvis viser seg å være en … ja…en engelsk Lord han også. Hva skjer når den forsmådde kone finner de hemmelige kjærlighetsbrevene? Og gartneren som sverger…. nei, jeg skal ikke røpe mere av handlingen. Hjemme hos oss endte hvertfall gjenfortellingen med en latterkule, og etter hvert som jeg leste boka fikk mannen min stadige dramatiske rapporter. Mandag kveld leste jeg siste side og må ærlig innrømme at det var en eventyrlig reise og en skikkelig pageturner, så får man ta handlingen og de tidvis syltynne karakterskildringene som de er.

http://knirk.wordpress.com/2011/06/24/orkideens-hemmelighet-lucinda-riley/

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Never Let Me Go er ei bok det er vanskeleg å skrive eit handlingsreferat frå. Ikkje fordi ho ikkje har handling, men fordi eit handlingsreferat vil avsløre for mykje. Boka handler om den 31-år gamle Kathy som fortel om oppveksta si. Til å begynne med, verkar det som ein vanleg oppvekstroman, men vi forstår raskt at oppveksta til Kathy og vennene Tommy og Ruth på pensjonatskulen Halisham er langt frå vanleg.

Kathy fortel, men ho forklarer ikkje lesaren det ho sjølv er innforstått med. Dermed blir det brukt mange ord og uttrykk som verkar uforståelege i starten. Eg trudde først eg hadde gått glipp av noko, og las dei første kapitla to gonger. Etterkvart skjønte eg at det skulle vere slik. Eg skulle ikkje forstå alt, før boka sjølv avslørte det. Mykje av spenninga i Never Let Me Go ligg dermed i denne meisterlege oppbygginga, kor lesaren gradvis forstår meir og meir.

Kontrasten mellom det idylliske livet på pensjonatskulen og skrekkvisjonen av eit samfunn som boka etterkvart viser seg å skildre er også sterk. Og dette er også med på å drive boka framover. Forteljinga om Kathy, Tommy og Ruth vekker sterke kjensler i meg, eg blir sint og eg blir redd. Og sjølv om eg heile tida er i den så godt fortalde historia, vekker boka også ein refleksjon rundt aktuelle etiske problemstillingar.

Never Let Me Go er verkeleg ei bok det er verdt å lese!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

ÅÅ! Den hadde jeg glemt! Dette var en av mine favoritter da jeg var ung. Takk tusen takk for at du minnet meg på den. Mimre mimre.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jeg er alltid nysgjerrig på forfatteren. Trenger ikke å vite mye, men jeg googler alltid; ser bilde og leser litt om vedkommende. Det holder - så vet jeg hvem som fører pennen, og da er vi i dialog på en måte. Det liker jeg.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Vente, blinke av Gunnhild Øyehaug.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg liker jo mørke bøker då... Det kan jo hende det er der det ligg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er jo ikkje sikkert det er eit spørsmål om modning. Det kan jo hende det er eit spørsmål om smak. Eg både liker og ikkje-liker Hamsun. Victoria og Pan er svært gode - Pan spesielt. Men Landstrykere syntest eg blei langtekkeleg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg trur dei antar sakprosa på "spec", altså med idear og utdrag, medan skjønnlitteratur skal vere komplette manus. Men les "Ikke slik, men slik" - der er det veldig mange gode råd.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

For å svare på spørsmål tre først: Du bør lese bloggen "Ikke slik, men slik", som er skriven av ein forlagsansett. Då kan du i det minste unngå ein del av dei vanlege fallgruvene. Her finn du også svar på spørsmål fire, i eitt av innlegga. Du treng ikkje skrive mykje om deg sjølv i første omgang, trur eg.

Eg trur skjønnlitterære manuskript skal sendast komplette, men det står det litt om på heimesidene til dei fleste forlaga.

Dersom teksten er god, bør ikkje alder ha noko å seie, vil eg meine.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det beste diktet hans er "Jag tror":

Jag tror på den ensamma människan,

på henne som vandrar ensam,

som inte hundlikt löper till sin vittring,

som inte varglikt flyr för mänskovittring:

På en gång människa och anti- människa.

Hur nå gemenskap?

Fly den övre och yttre vägen:

Det som är boskap i andra är boskap också i dig.

Gå den undre och inre vägen:

Det som är botten i dig är botten också i andra.

Svårt att vänja sig vid sig själv.

Svårt att vänja sig av med sig själv.

Den som gör det skall ändå aldrig bli övergiven.

Den som gör det skal ändå alltid förbli solidarisk.

Det opraktiska är det enda praktiska

i längden.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg er veldig glad i modernismen, eg også. Eg liker det litt framandgjorte eget som leiter etter meininga med livet og verda og verkelegheit, i etterdønningane av første verdskrigen. Ein av dei som gjer dette best, er Gunnar Ekelöf, som er og blir min favorittdiktar. Romanane som utforsker dei same utfordringane er eg også veldig glad i, som Franz Kafka og Virginia Woolf, og tidvis Hamsun.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Tihi - i og med at The Road og Mysterier er blant mine favorittromanar, skjønner eg jo korfor vi krasjar litt i smak :) Du får la vere å lese yndlingsboka mi, Morgon og kveld, då.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har høyrd fleire seie at det er litt for mykje nevro-psykologi i den boka, ja. Men eg har lyst til å lese ho likevel. Eg er litt interessert i slikt også, og ho har jo fått gode kritikkar med tanke på det faglege innhaldet, så då tenker eg det kan vere lærerikt.

Det er ikkje alle bøker som er egna til å lese når ein er sjuk.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det kan godt hende eg ikkje har gitt han mange nok sjansar. Eg får sjå om eg klarer lure ei bok til innimellom alt det andre eg har lyst til å lese. For houvdgrunnen til at eg sjeldan les fleire bøker av forfattarar eg ikkje likte, er jo dette med at det er så mange bøker og så lite tid... Ein må liksom prioritere.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

V. HulbackGunillaHilde H HelsethAnne-Stine Ruud HusevågMargrethe  HaugenEivind  VaksvikRonnyKirsten LundLailaBård StøreLars MæhlumMcHempettG LPiippokattaToveOdd HebækRune U. FurbergReadninggirl30IngeborgBeate KristinritaolineJarmo LarsenCamillaTatiana WesserlingTove Obrestad WøienInger-LisejunieJohn LarsenFredrikDemeterLisbeth Kingsrud KvistenSynnøve H HoelAlice NordliKikkan HaugenTonje SivertsenAstrid SæverhagenBente NogvaAnne Berit GrønbechKetilIreneleser