Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Never Let Me Go er ei bok det er vanskeleg å skrive eit handlingsreferat frå. Ikkje fordi ho ikkje har handling, men fordi eit handlingsreferat vil avsløre for mykje. Boka handler om den 31-år gamle Kathy som fortel om oppveksta si. Til å begynne med, verkar det som ein vanleg oppvekstroman, men vi forstår raskt at oppveksta til Kathy og vennene Tommy og Ruth på pensjonatskulen Halisham er langt frå vanleg.

Kathy fortel, men ho forklarer ikkje lesaren det ho sjølv er innforstått med. Dermed blir det brukt mange ord og uttrykk som verkar uforståelege i starten. Eg trudde først eg hadde gått glipp av noko, og las dei første kapitla to gonger. Etterkvart skjønte eg at det skulle vere slik. Eg skulle ikkje forstå alt, før boka sjølv avslørte det. Mykje av spenninga i Never Let Me Go ligg dermed i denne meisterlege oppbygginga, kor lesaren gradvis forstår meir og meir.

Kontrasten mellom det idylliske livet på pensjonatskulen og skrekkvisjonen av eit samfunn som boka etterkvart viser seg å skildre er også sterk. Og dette er også med på å drive boka framover. Forteljinga om Kathy, Tommy og Ruth vekker sterke kjensler i meg, eg blir sint og eg blir redd. Og sjølv om eg heile tida er i den så godt fortalde historia, vekker boka også ein refleksjon rundt aktuelle etiske problemstillingar.

Never Let Me Go er verkeleg ei bok det er verdt å lese!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Tove Obrestad WøienVannflaskeElisabeth SveeHeidiHarald KKjersti SGrete AastorpAmanda ANinaKirsten LundJulie StensethChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit REllen E. MartolPiippokattagretemorAnn ChristinVibekeAnneWangReidun VærnesToveHanne Kvernmo RyeMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMarenTonesen81BenedikteKristine Louise