Uff, litt flaut at andre svarte før meg! Var ein fersk tråd då eg byrja å skrive, men vanskleg å velgje kven eg skulle stemme på av Brontë, Skram og Henriksen, så vart litt somling. Måtte berre oppklare dette! :p
Hehe. Litt usikker på korleis du meiner ein skal avgi stemmer, men mi stemme går i alle fall til Dronningsagaen av Vera Henriksen.
Eg kan ikkje heilt hugse om eg har lese denne, men eg har lese mykje anna av Henriksen, og synes ho skriver svært godt, samtidig som ein får innblikk i Noregs førkristne historie og kultur.
Opne sluttar er vel eit trekk som går igjen i Fossum sine bøker, i alle fall dei første bøkene hennar. Eg og synes det var litt irriterande, i starten, men det er jo unekteleg eit verkemiddel som får lesarens til å delta aktivt med sine eigne tankar og idear, og det er vel bra, ja?
Lenge sidan eg las boka, så huskar ikkje heilt namna på karakterane, men eg fekk inntrykk av at han som tilsto drapet på Poona (Gøran??), var uskyldig.
Uansett ei svært sørgeleg og sterk historie!
Har lese det meste av Nærum og synes han er ganske artig, "Monster", synes eg var litt svakare enn dei andre, men den høyrte eg på lydbok så kan hende eg ikkje fekk med meg alle nyansane. Kan anbefale "Sitt ned og hold kjeft".
Denne lista er mest for min eigen del, for betre å halde oversikt over pensumet.
Hvem elsker vel ikke Jarle Klepp? Har du lest Pixley Mopogo?
Eg er ikkje nokon stor tilhengar av fan fiction, men eg meiner bestemt at elfwood.com har eit stort utvalg av slike tekstar.
Du har sikkert rett i det. Som Geir var inne på tidligare i diskusjonen går det vel også litt på snobberi, og sjølv setter eg skillet også ved "kvalitet" og kanskje også kvantitet.
Eg kunne gjort det svært enkelt å berre kalla kategorien "Teikna" =)
Den første boka heiter "Drømmen om Narnia", den har i grunnen ikkje så mykje med resten av serien å gjere, anna enn at vi får høyre korleis Aslan skapte Narnia (med ein sang trur eg det var), korleis Narnia er knytta til vår eiga verd, og vi får eit første møte med Jadis (den hvite heksa).
Personlig synes eg dette er den svakaste boka i serien, kanskje med untak av "prins Caspian", men uansett så er Narnia ein flott, liten serie som er verdt å få med seg.
Ikkje så veldig mørk og dyster, men med mange allusjoner til Bibelen.
Enig i at det er ei svært god bok, men er ikkje sikker på om det er kjærleiken som er det mest fremtredande med den. Uansett kan den anbefalast =)
Og endå meir far fetched kan det bli. For i Kostovas fantastiske forteljing, "the Historian", driver Vlad Tepes å distrubierer mystiske bøker med drageikon til lovande historikere. Då vert det Drag --- on ;)
Uansett høyres seriane du nemner spennande ut, likar karakterar som bryer med dei tradisjonelle fantasy arketypane!
Vitlaus mann
vaker all natti
tenkjer både upp og ut.
Han er trøytt og mod
når morgonen kjem,
og alt er flokut som før.
"Har du ein venn og trur vel om han, så gjest han ofte, for kratt gror til og gras blir høgt på vegen som ingen går".
Håvamål: nynorsk utgåve.
Ikkje den genren eg beveger meg mest innom, men "en langvarig forlovelse" av Sébastien Japrisot, synes eg var ei ganske god bok.
Ble ikke helt klok på denne boka,men skulle ønske det var mer av den.
Ja, quizen var vanskeleg. Men bra at eg i alle fall hadde 2 riktige, tsk, og eg som alltid brukar å hovere i pubquiz... jaja. Eg får prøve meg på den siste i morgon.
Dag Solstad misslikar eg sterkt, utan annan grunn enn at eg ikkje heilt klarer å forstå kvar han vil, og kva som er så fantastisk med han. Eg har lese Irr! Grønn! og novella Moskva av han, og sett filmen om gymnaslærer Pedersen. Eg har intrykk av at Irr! Grønn! hanlar om identitet og rollemønster i samfunnet og Moskva og "GP" synes eg verkar som sosialistisk propaganda.
Men Solstad er vel ikkje ein forfattar som skal lesast som underhaldningslektyre.
Nei no tar eg kvelden og vender attende til Brontës stormfulle høyder (på lydbok). God natt!
Hmm dette var alt for vanskleg for meg, er også litt usikker på kva eg skal gjere. Eg prøvar å svare på det eg veit (trur eg veit) så kan nokre andre ta over der eg slapp.
Arnulf Øverland har oversatt "Hva nå lille mann", denne er eg sikker på!
Tittelen på boka om mordet i Skippergata er, "Det skjendige drapet i Skippergata" (poetisk), dette er eg rimlig sikker på, men huskar ikkje kva forfattaren heiter, vansklig navn trur eg.
Isabel Allende har direkte bånd til tidligare president i Chile (Salvador Allende?) denne er sikker!
Sigurd Hoel, litt usikker, trur han debuterte med ei diktsamling, men tippar den første romanen hans var "Syndere i sommersol".
Platons verk, også usikker, kjem berre på ein tekst av han, Gorgias, men det var gjerne ein av Sokrates dialoger.
Vel, eg ville kalle det flaks. Eg las Bjarne Fidjestøls "Norsk litteratur i tusen år" for nokre veke sidan, så Sivle sto friskt i minne, og Voss vart rein tipping (og ei stor mengde mannleg intuisjon) ;)
Takker for gode tips. Er nettopp ferdig med Tsjekovs tre år og likte den godt. Eg er overraska over kor lettlest boka var (eg har alltid sett for meg forfattarar som Tsjekov og Dostojevskij som tunge).
Fosse er eg svært glad i, men har berre lese nokre skodespel av han, så skal sjå om eg får tak i Andvake og kanskje Naustet i morgon.
Askilsen har eg også vore borti før, og fann utrulig nok, Samlede noveller i mammas bokhyller, så vert nok eit par av dei som kveldsaperitiff.
Blanchot og Pessoa har eg aldri høyrt om, men skal tråle biblioteket. Den anarkistiske bankier høyres svært interssant ut, men også litt tung. Lurer på om eg må bli vaksen før eg kan våge meg bort i den.
Takker igjen for gode tips og lukke til med di eiga lesing!
Heilt i starten tenkte eg at svaret på 1. måtte vere Montaigne (einaste forfattaren eg kunne kome på som "fann opp" ein ny genre), men etter hintet ditt er eg rimlig sikker på at det er Per Sivle som er svaret, meinar i alle fall at han skaut seg.
Har trulig aldri høyrt om forfattaren i spørsmål 2, men når tittelen på boka skal vere ei kommune i Hordaland kan eg ikkje tenkje meg at det kan vere noko anna enn Voss.