And lo, he walked among them, healing the sick and the infirm of mind, and yet they knew him not...

But it came to pass that word spread of his passing and of the great miracles he was performing...

And someone said - Whoa brethren, check out his initals! And someone else said - Fuck me, you're right!

And it came to pass that they did put two and two together and start a religion around him, and it did spread far and wide across the land...

Which of course he secretly kind of dug...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Her om dagen hadde eg ein "Fosse-dag" der eg var igjennom fleira av bøkene hans. Eg synes Andvake var ei god bok, men ikkje fantastisk. Handlinga var fengjande i seg sjølv, men eg synes det var noko som manglar... Uansett svært artig med skildringar frå Bergensomårdet, og den kraftiske bibelske allusjonen =)

Eg synes språket var svært spennande, artig å lese forteljingar der grammatisk, kunstnerisk fridom skinner så klart igjennom, og boka var jo i tillegg lettlest!

Eg las fleire av skodespela hans og spessielt "Draum om hausten" og "Dei døde hundane" festa seg på minde. Utrulig artige, klarer ikkje heilt å plassere dei innan sjanger, men dei minner litt om absurde drama. Men Fosse er vel Fosse.

Askildsen har eg lese 2 novellesamlinger av no. Likte også han ganske godt.

Ja også må eg takke for tipset om Paasilinna, ein svært artig forfattar, sjølv om eg trur eg likar Loe betre...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Var i alle fall eit godt hint, 6 er Llosa - trur han var brasiliansk.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har ikkje heilt sansen for Nesbø, men har likevel lese alle bøkene hans, veldig enkel og grei underhaldning. Snømannen er den beste, etter mi meining, sjølv om den er litt gjennomskueleg. Frelseren var vel ei av dei betre bøkene hans, men dersom du er på utsikt etter litt meir intelligent krim, bør du prøve deg på Minette Walters =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Likte du boka? Eg såg nyleg filmen og den var ikkje det heilt store - dei berre gjekk og gjekk og gjekk og gjekk, etc..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fekk litt det same inntrykket, men dersom dette er tilfelle er eg glad deadlinen hindra boka i å bli lengre ;) Eg hadde også følelsen av at halve boka gjekk føre seg i stova til vampyrane, der ei gravid Bella kjedar lesaren.

Einaste eg likte med boka, var der Jacob var pow-karakter, men dette var også tynt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Nei det gjer det ikkje, men det kan tåkelegge den subjektive meininga (mi), og dermed skape forvirring.

Men uansett så vert serien berre betre og betre. No har dei nettopp drepe Jesus sin arving ved å sleppe den bulemiske "Paven", i hovudet på han. Det var svært lattervekkande! =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er bra! Eg har ein liten misstanke om at eg har "lånt" (stole) dine meiningar om serien, eller kanskje eg berre var svært enig ;)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg var svært skeptisk til å fortsette serien etter det første bindet, men "Until the End of the World" løfta Preacher opp på eit heilt anna nivå.

Plottet vert klarare, historia meir spennande, og ein vert berre meir og meir glad i heltane, sjølv om ein kan stille spørsmål ved protagonistane sin moral, og kva som driv dei vidare.

Eg synes endå at det er noko litt makabert over serien, men eg har etter kvart byrja å sette pris på det grusomme, og frydar meg over skurkane sine lagnad.

Gledar meg til å følgje utvikklinga og historia vidare.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har tenkt litt over kva eg synes om denne boka og har kome frem til at eg synes den var svært lite bra.

Det eg likte minst, var korleis Meyer endå ein gong har klart å bygge opp spenninga i boka (før det store slaget), for så, når det skal til å brake laus, berre avlyse heile skiten. Det at boka endar godt for alle er også med på å trekke den ned.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Nettopp! Å diskutere med folk som er enige om det meste kan vere litt slitsomt, sjølv om det også kan vere artig å vere uenig med fleirtalet. Føle seg litt som ein folkefiende =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Artig Tone =) eg skulle til å kveruler litt på lista di, og hevde at lista ser annleis ut på nynorsk, men nynorskordboka hadde ein del fleire forklaringar på ordet fin, så eg lot det vere.

Det var vel ikkje i grunnen bruken av ordet fin som satte meg litt ut, men mangelen på variasjon. Uansett (som den kranglefanten eg er) vil eg hevde at ordet fin (nytta etter punkt 1.), er eit feminint ord som mest blir nytta av kvinner, i dei fleste kontekstar.

Sjølv nyttar eg berre ordet når eg får teikningar av små barn, og når eg er med veninner på shooping og er litt lei.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tja du er kanskje inne på noko, og no må det også nemnast at "damene", hadde fått i seg litt meir vin, enn kva damer i den alderen skal ha i seg. Så ordforådet var nok kutta ned til berre det basiske =)

Å vite kva som er bra med ei bok kan vere skikkeleg vrient. Eg leser ganske mange bøker, og ein del av desse etterlater lite spor, så kva skal ein synes om slike. I ein slik samanheng kunne eg vel sjølv ty til litt simpel skildring som "Boka var heilt grei" eller "Litt kjedeleg", men "damene" snakka om bøker som hadde gjort inntrykk, og dermed burde ein få ei litt større utgreiing, enn ordet "fin" (dei skjønte seg i mellom, kva som låg i dette ordet, og eg ville ikkje bryte av deira intime idyll, derfor lite innspel frå mi side ;) ).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja det skjønnar eg kan bli litt kjedeleg, du får setje dei på plass med nokre gode boksitat.

Eg kom på ei gruppe som eg synes er verre å diskutere med enn snobbane, og det er dei som leser "fine" bøker. Satt i eit grillselskap her om dagen, og høyrte på korleis, "damene" diskuterte bøker; "Øya... åh, den er så fin!", "Drømmehjerte.. ja den er skikkelig fin", "La oss synge deg stille sanger", ja, enig den er veldig fin" og slik gjekk det unna, men det var stor einigheit, om at mange bøker var fine.

Sjølv har eg aldri lese bøker eg ville definere som "fine", eg har lese gode bøker og dårlege bøker, bøker som var betre enn venta og bøker som var skuffande, bøker eg først ikkje likte, men plutseleg byrja å like etter ei stund og bøker som eg aldri likte, eg har til og med lese nokre kokebøker, sjølv om matlaging ikkje heilt er mi greie.

Uansett, så er denne gruppa veldig vanskeleg å diskutere med, sidan dei er så enige om at bøker er fine. Synes du at bøker er fine?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Tja eg har støyt på fleire som oppfattar seg sjølv som "eliten" innan snobbelitteratur, ein tittel dei gjev seg sjølve fordi dei ikkje har lese noko som er utgjeve etter krigen. Eg synes litteratureliten, er vel så kvalmande som dei flinke hestejentene (eg gjekk på riding i første klasse, og alt då merka ein kven som trudde dei var flinke) og flinke fotballgutane. Heldigvis ikkje (så mange?) litteratursnobbar her inne =)

Hundetur kombinert med lydbok er verkeleg to fluger i same smekk! =)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ei flott liste! Fleire bøker her som også har gjort stort inntrykk på meg. Karin Boye er favoritt diktaren min, og eg er også svært glad i Woolf, Hugo og Pullman. Men den boka som trulig har gjort størst inntrykk på meg må vere Ringenes Herre. Eg synes ikkje lenger den er så fantastisk som den var då eg var ung (yngre), men likevel har den satt sine spor =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sikkert ingen dum ide, men som eg nemnte for herr Hope, så er ikkje eg sjølv noko dugeleg leiaremne ;) men dersom nokon andre skulle ta på seg ansvaret, er eg lett med på notane.

Lesetempoet i slike grupper vert vel tilrettelagd slik at alle kan henge med.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

No var denne tråden, i hovudsak, eit forsøk på å finne ut om ei slik lesegruppe eksisterer i Bergensområdet, men resultatet ser svært dårleg ut, i alle fall til no.

Dersom det vert aktuelt å sette i hop ei slik gruppe, trengs det nok ein litt meir ansvarsfull person, enn meg sjølv, i spissen, men det burde vel kunne la seg ordne dersom interessa er der.

Kor ofte ein skal møtast? Tja det kjem vel litt ann på korleis opplegget til lesegruppa er, dersom ein skal lese bøkene på eiga hånd for så å diskutere dei i plenum, vert det vel ikkje behov for så hyppige møter, slik at alle kan klare å halde følgje. Men dersom ein baserer seg på å lese bøkene i gruppa, altså høgtlesning kan det jo kanskje vere lurt å treffast oftast. Eg veit ikkje heilt kva som er vanleg, eller kva folk er interessert i, men 2 gongar i månaden på det første forslaget og 2-4 gongar i månaden på det andre, høyres det passleg ut?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Flink jente! =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Riktig

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

HedvigBeathe SolbergTorill RevheimGro-Anita RoenHelge-Mikal HartvedtMarianne  SkageVibekeAndré NesseVariosaSiv ÅrdalIngebjørgHarald KPiippokattaSigrid Blytt TøsdalSissel ElisabethHilde Merete GjessingMads Leonard HolvikEllen E. MartolBirkaGroSynnøve H HoelLinda RastenAnne-Stine Ruud HusevågTanteMamieEirik RøkkumToveVigdis VoldEivind  VaksvikRisRosOgKlagingKikkan HaugenLailaKaramasov11Bente NogvaNina J.B.Tove Obrestad WøienMorten MüllerTor Arne DahlEgil StangelandLilleviLindaB