Þá fékk Gunnar sár tvau; ok sǫgðu það allir menn, að hann brygði sér hvárki við sár né við bana.
Hann mælti til Hallgerðar: «Fá mér leppa tvá ór hári þínu og snúit þit móðir mín saman til bogastrengs mér.»
«Liggr þér nokkut við?» segir hon.
«Líf mitt liggr við,» segir hann, «því at þeir munu mik aldrei fá sótt, meðan ek kem boganum við.»
«Þá skal ek nú,» segir hon, «muna þér kinnhestinn, og hirði ek aldrei hvárt þú verr þik lengr eða skemr.»
«Hefir hverr til síns ágætis nǫkkut,» segir Gunnar, «og skal þik þessa eigi lengi biðja.»

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Då fekk Gunnar to sår sjølv, men alle sa at han korkje brydde seg om sår eller om bane.

Han sa til Hallgerd: 'Gi meg to lokkar av håret ditt, så tvinnar du og mor mi det saman til ein bogestreng.'

'Er det mykje om å gjera for deg?' spurde ho.

'Det er livet om å gjere for meg', sa han, 'for dei får aldri has på meg så lenge eg kjem til med bogen.'

'Då skal eg no', sa ho, 'minna deg på øyrefiken du gav meg, og det er det same for meg om du ver deg kort eller lenge.'

'Kva har sitt vis å bli namngjeten på', sa Gunnar, 'og du skal ikkje bli beden lenge om dette.'

Godt sagt! (6) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar

'Hvárt er Gunnarr heima?' 'Vitit þér þat; en hitt vissa ek, at atgeirr hans var heima,' segir austmaðrinn. Fell han þá niðr dauðr.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

«Nordmannen Torgrim gjekk opp på skålen. Gunnar såg at ein raud kjortel kom framom gluggen og la til han midt på med atgeiren. Føtene forsvann unna Torgrim, han miste skjoldet og stupte ned av skråtaket. Han gjekk deretter bort til Gissur og dei der dei sat på vollen.

Gissur såg på han og sa: 'Var Gunnar heime?'

'Det kan de sjølve finna ut, men dét veit eg at atgeiren hans var heime', sa nordmannen.

Han fall så død om.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Lo sfruttamento dell'uomo sull'uomo e la logica del massimo profitto, che prima erano ritenuti un abonimio, erano tornati a ess ere ovunque i cardini della democrazia.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Enda finare i original!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Han kom då til å sjå oppover lia og garden Lidarende. Då sa han: 'fager er lia, aldri har eg sett henne så fager, bleike åkrar og slegne tun; eg vil ri heim att og ingenstads fara.'

Godt sagt! (3) Varsle Svar

«Fǫgr er hlíðin, sva at mér hefir hon aldri jafnfǫgr sýnzt – bleikir akrar, en slegin tún – ok mun ek ríða aptr ok fara hvergi.»

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dei fyrste sidene av forteljinga inneheld mykje interessant stoff. Ikkje så rart; vi er jo «nel quartiere di San Lorenzo», med all si historie. Og forteljaren opptrer som ein kronikør, slik den fyrste delen av boka, den med oversynet over den politiske og økonomiske utviklinga, legg opp til. Av og til blir brottstykke av lyriske tekster siterte; eg har ikkje klart å finne ut kvar dei stammar frå, om dei er henta frå verk i italiensk litteratur. Men det mest interessante for meg er at det som står om jødane, trekker trådar til ein av favorittfilmane mine, La vita è bella, av og med Roberto Benigni. Jo, boka er verd ein gjenvisitt!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg les opp att ei utgåve eg kjøpte i Roma i 2002; eg skulle som vanleg ha dagens utgåve av La Repubblica, og den gongen var det ein kiosk midt på Piazza della Rotonda. Eit reklameskilt sa at dersom ein kjøpte dagens La Repubblica, ville ein, ved å betale eit par euro ekstra, få La Storia i serien «La Biblioteca di Repubblica» på kjøpet.

Som lese, så kjøpt.

Romanen kom i 1974, da den kalde krigen begynte å gå mot slutten. Handlinga er eit «innsmett» i historia, mellom på den eine sida «l'inizio del secolo atomico» og ut 1940, og, på den andre sida, frå 1948 til militærkuppet i Hellas i 1967. Også sitat frå kjende litterære verk er med på å ramme inn både krønika og handlinga:

Aller fyrst møter vi eit sitat frå ein overlevande frå bombeangrepet mot Hiroshima, den mest katastrofale følgja av atomalderen:

Non c'è parola, in nessun linguaggio umano, capace di consolare le
cavie che non sanno il perché della loro morte

.
Under står eit sitat frå Luk 10,21:

[I same stunda jubla han i Den heilage ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi] du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. [Ja, Far,] for dette var din gode vilje.

Den nye norske versjonen (2011) er ikkje heilt i samsvar med den italienske Bibelen som låg til grunn for Morante sitt arbeid; her står

... perchè così a te piacque

I 1938-utgåva las nordmenn «for soleis tykte du det best», og da nærmar vi oss (gresken – «ὅτι οὕτωςεὐδοκία ἐγένετο ἔμπροσθέν σου» – kan vi omsette på mange måtar). Uansett viser dette, saman med epitafet på neste side, kva klasseperspektiv Morante har for skrivinga si: Ho siterer, går det fram av notane heilt til slutt, frå eit dikt av César Vallejo, i original, på spansk –

Por el analfabeto a quien escribo.

Dette er henta frå diktet «Himno a los voluntarios de la República». Tilfeldigvis las eg tidlegare i år Pablo Nerudas Canto general: den chilenske diktaren skriv – i «La gran alegría» – nesten det same som kollegaen frå Perú:

Escribo para el pueblo, aunque no pueda leer mi poesía con sus ojos rurales.

Altså: Det er dei nedste i samfunnet, dei fornedra og krenka, for å seie det med Dostojevskij, som dei skriv om og for, noko som blir dobbelt understreka ved at mottakarane ikkje kan lese. Eit paradoks? Nei, ikkje i eit historisk framtidsperspektiv …

Endeleg kjem eit sitat frå Lettere Siberiane;

«le novità del gran mondo»

når ikkje fram, ikkje til Sibir, ikkje til dei som skapar Historia. Kva dette Lettere Siberiane er for slags verk, veit eg ikkje, kanskje ei samling brev frå (tyske?) fangar i Sibir?

Etter at Morante med stikkord har presentert den fyrste delen av 1900-talet med opprusting, verdskrigar, Oktoberrevolusjonen, stalinisme, fascisme, borgarkrig og det eine med det andre, kan vi lese om kva som skjedde ein januardag i 1941, som kap. I opnar med:

Un giorno di gennaio dell'anno 1941, …

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Iussit Amor: contra quis ferat arma deos?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Olve hadde gitt Gunnar eit godt sverd. Gunnar drog no sverdet utan å ha sett på seg hjelmen, hoppa straks over i framrommet på skipet til Vandil og gav ein mann banehogg med det same. Karl la til på andre sida med sitt skip og kasta eit spyd på tvers over skipet mot midja på Gunnar. Gunnar såg dette og snudde så raskt at eit auga ikkje rakk å festa seg ved det, tok spydet med venstre hand og kasta det mot skipet til Karl slik at den som kom i vegen for det, fekk bane.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Tja - før Google kom, lærte eg meg latin. Eg trur slik kunnskap er viktig også for å presisere og av og til korrigere Google. Her sett Google om til engelsk, men på norsk har vi eit greitt og kjent uttrykk som svarar til "De gustibus non est disputandum": "Smak og behag kan ikkje diskuterast", Det er det det betyr; dette er eit ordtak frå mellomalderen. I romanen står det i tillegg "et coloribus", Substantivet color betyr "farge", men òg "utsjånad", "karakter" o.l., og "gustus" og "color" er nominativ eintal, mens "gustibus" og "coloribus" er ablativ fleirtal, dvs. ordrett "om smakar og utsjånader kan ein ikkje diskutere".

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Meget bra bok, men er ikkje enig i alt Åsne Seierstad seier om krigen i Syria.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Liberal and conservative historians often belittle the events of October 1917 as a 'coup'. This was not the case.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

The Lenin cult, which he loathed even in its most incipient form, was a disaster for his thought. His texts, never intended or written as a catechism, were mummified, making it difficult to understand his political formation.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

The aim of contemporary struggle should be not to repeat or to mimic the past but to absorb the lessons, both negative and positive, that it offers.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nei, ikkje godt sagt på nokon måte, men det er her ho står, i fjerde strofe i Horats' "Ode II", som inspirerte Robert Owen til antikrigsdiktet med fyrste delen av denne verselinja som tittel: "Dulce et decorum est". Norsk versjon er å finne her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

dulce et decorum est pro patria mori

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

BenedikteHanne Kvernmo RyeChristin SillibakkentuhamreHarald KTrude JensenKirsten LundReadninggirl30Lars Johann MiljePiippokattaFride LindsethLisbeth Marie UvaagMads Leonard HolvikStig TFindusIngeborg GAkima MontgomeryRoger MartinsenMarteAmanda ABerit B LieKine Selbekk OttersenMcHempettIngunn SLailaVioleta JakobsenAndreas BokleserPi_MesonBenteBerit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingEgil StangelandReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn Christin